Det vart aldri til at eg fortalde kva som skjedde då delegasjonen frå instituttet var på ekskursjon for å sjå på den elektroniske tavla som eg nemnde i ein bloggpost i desember. Det fyrste som skjedde, var at tavla ikkje ville la seg skrive på. Ho måtte feilrettast fyrst, eg veit ikkje om nokon forstod korleis [...]
Arkiv for januar, 2009
Tavleekskursjonen
Posta under data, undervisning, merka smarttavle, tavle den Torsdag 29.01.2009 | Legg att ein kommentar »
MathType for fonologar?
Posta under data, språk, merka fonologi, MathType den Fredag 23.01.2009 | Legg att ein kommentar »
(Denne bloggposten inneheld ein del spesialteikn som det ikkje er sikkert at du klarer å sjå. Meir spesifikt dreier det seg om diverse lydskrift-teikn og nokre matematiske teikn. Har du ein rimeleg greitt oppdatert Mac, burde det gå bra.) Ettersom eg lenge har sakna noko å redigere formlar i (treng slikt til visse formelle [...]
Normativ eller deskriptiv
Posta under språk, merka deskriptiv, normativ den Fredag 16.01.2009 | 1 kommentar »
Tenk å vere Johannes Kepler, som fann ut at planetane går i elliptiske baner. Oi, kor spanande! Skal tru kvifor planetane oppfører seg slik? Tenk om Kepler hadde oppdaga dei elliptiske banene og sagt: «Elliptiske baner? Huff, det er jo ikkje slik det skal vere.» Tenk å vere språkforskar og kunne observere at somme tider [...]
Filformatet i iWork ’09
Posta under data, merka filformat, iWork, zip den Tysdag 13.01.2009 | Legg att ein kommentar »
I ein tidlegare post om iWork ’09 nemnde eg at det nye standardformatet er ei fil og ikkje ein pakke. Dette gjer det enklare å sende dokumenta på e-post, ein treng ikkje zippe dei fyrst. På Apple Discussions las eg at dei nye filene eigentleg ikkje er anna enn ein zippa versjon av pakken. Og [...]
Ny iWork (2)
Posta under data, merka iWork, Mac den Sundag 11.01.2009 | 2 kommentarar »
I førre bloggpost såg eg på fyrsteinntrykket (OK) og andreinntrykket (hent flugesmekkaren) av iWork ’09. I denne bloggposten skal eg ta føre meg to problem i Pages som er lette å løyse: fyrst avsnittsnummerering i innhaldslista, deretter spørsmålet om kvar det vart av dei heimedefinerte dokumentmalane som eg brukte i iWork ’08. Avsnittsnummerering Nivådelt avsnittsnummerering [...]
Ny iWork (1)
Posta under data, merka iWork, Mac den Laurdag 10.01.2009 | 3 kommentarar »
Eg har brukt iWork-pakken i nokre år no. I staden for Word bruker eg Pages, i staden for Powerpoint bruker eg Keynote, og i staden for Excel bruker eg Numbers. Greie, oversiktlege og brukarvenlege program som eg liker betre enn konkurrentane frå Microsoft. 6. januar kom iWork ’09. Demoversjon er lasta ned og prøvd. [...]
Sensur
Posta under diverse jobb, merka sensur den Onsdag 07.01.2009 | Legg att ein kommentar »
Til all lukke kom jola i vegen også denne gongen. For når jola kjem i vegen, vert nemleg sensurfristen utvida frå 21 til 31 dagar. Det trongst. Den eine av eksamenane hausten 2008 (emnet EXFAC0003) hadde 209 godkjende kandidatar og vart avvikla på laurdag 6. desember. Dagen etter laurdag er som regel sundag, og på [...]