No snakkar politikarane igjen om hovudmål og sidemål og sånt. Eg lurer på om eg ikkje høyrde skuleministeren seie på radioen ein morgon eller føremiddag denne veka at det å fjerne karakterane frå sidemålet vil motivere elevane betre i sidemål. Men ettersom eg ikkje kan finne noko sitat frå henne som kan underbyggje at det [...]
Arkiv for januar, 2012
Sidemålskarakteranalyseparallellpjatt
Posta under språk, merka bokmål, hovudmål, karakterar, nynorsk, sidemål den Laurdag 28.01.2012 | Legg att ein kommentar »
Då straumen var borte
Posta under ymist, merka radio, straumbrot den Torsdag 19.01.2012 | Legg att ein kommentar »
Vi var på Sunnmøre i jula, og så kom stormen, ikkje så ille som i 1992, men han bles godt, ja. Den støvgrå bilen min som stod parkert utanfor nordveggen til foreldreheimen, godt skiten etter turen frå Trøndelag, fekk gratis vask etter naturmetoden, og var skinande rein og raud då det hadde blåse frå seg. [...]
Å verte føreslegen nedlagd
Posta under diverse jobb, merka kunnskapssamfunn, lingvistikk, nedskjeringar den Fredag 13.01.2012 | Legg att ein kommentar »
I desember vart det som kjent føreslege å leggje ned ei rekkje humanistiske fag på Dragvoll, les meir om dette saman med landsoversikta i Morgenbladet 6. januar. I alle fall vi på lingvistikk har jo fått vite at vi framleis skal ha lov til å forske innanfor våre eigne fagområde, sjølv om alle forstår at det [...]
Colabokseksplosjon
Posta under livet, merka colaboks, kjøleskap den Sundag 08.01.2012 | Legg att ein kommentar »
Det vart full kjøleskapvask i dag etter at ein colaboks eksploderte. Det var i går eg kjøpte nokre colaboksar vi skulle skikkeleg kose oss med. To av dei gjekk då også med til laurdagskosen same kveld. Men då sundagsmorgonen kom og frukosten stod for tur, kom det frå Judith: «Det er noko som lek i [...]
Lingvistikk
Posta under språk, merka lingvistikk den Fredag 06.01.2012 | Legg att ein kommentar »
Når eg vert spurd om kva eg jobbar med, og eg svarer lingvistikk, kjem det gjerne eit «hæ» tilbake. Somme veit at det har å gjere med språk, og spør «kva for eit språk?», berre for å få svaret «nei, ikkje noko spesielt språk». Det gjer ikkje saka betre at ordet «lingvist» opp gjennom åra [...]