Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for november 13th, 2008

Pensum

Emneportefølje og studieplanar skulle leggjast om. Dermed måtte også pensum leggjast om.

Ei av utfordringane med fonologipensum er at nokre bøker som elles kunne ha vore aktuelle, bruker eit amerikansk lydskriftsystem, APA, i staden for IPA. Studentane har gjerne korkje lært fonetikk eller fonologi før, og det ville vere dårleg gjort å lære dei opp i APA samstundes som mange av dei lærer IPA på EXFAC-kurset.

På innføringsemnet i språkvitskap i haust (LING1105) fekk kvar disiplin tildelt 6 førelesingar (12 timar etter førelesingsbudsjettet + 3 timar etter øvingsbudsjettet), og i fonologi brukte me Francis Katamba si klassiske bok An Introduction to Phonology, med vekt på kap. 1–9, saman med Gjert Kristoffersens fonologikapittel frå Nordgårds innføringsbok frå 1998. Katamba-boka var sterkt forseinka frå forlaget, men på siste førelesing kunne eg seie ifrå om at no var boka komen.

Dei fyrste førelesingane gjekk med til føregriping/repetisjon og utdjuping av slikt EXFAC-stoff som trengst som generell bakgrunn: artikulatorisk fonetikk (og litt akustisk), fonetisk transkripsjon og strukturalistisk fonologi (fonemanalyse). (På det tidspunktet hadde det enno ikkje vore fonetikkførelesingar på EXFAC, og dei studentane som hadde EXFAC frå før, hadde trass alt berre fått sju timar til saman med fonetikk og fonologi, medrekna oppsummeringstimen.) Deretter kom SPE-fonologi som generell innføring i generativ tankegang (herunder også ein heil haug med binære trekk), og så litt om stavingar og tonelag.

Studentkullet fekk lov til å vere prøvekaninar for det nye opplegget, og har vore veldig snille og uthaldande. På framhaldskurset LING1112 til våren vert det òg litt eksperimentering, men no veit eg i alle fall kva me gjekk gjennom i haust, så eg veit kva som er å byggje på. Pensumskjemaet må fyllast ut i dag, og eg har landa på å bruke Understanding Phonology av Gussenhoven og Jacobs som hovudbok, kanskje med Generative Phonology av Iggy Roca som tilrådd litteratur. Fokus vil i hovudsak liggje på autosegmental fonologi (herunder litt metrisk og kanskje litt trekkgeometri). Nokre av studentane i haust har uttrykt interesse for å lære noko om Trondheimsmodellen for norsk intonasjon, og så bør me vel sjå om det vert plass til litt optimalitetsteori og kanskje litt leksikalsk fonologi.

Read Full Post »

Hei

Denne bloggadressa var visst ledig. Skal tru kva eg kjem til å skrive om. Skal tru om eg kjem til å halde meg til e-infinitiv eller a-infinitiv. Hm. Sunnmøring med eit snev av heimlengt (e-infinitiv) som har skrive med a-infinitiv sidan ca. 1994, dette vert ikkje lett.

Read Full Post »