Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for november 26th, 2008

Ikkje svarframlegg

Den siste tida er det fleire studentar på exfac-emnet i språk og litteratur som har teke kontakt med meg og spurt om det vil verte lagt ut svarframlegg for dei oppgåvene som vart brukte på gruppetimane i lingvistikk. Svaret er nok nei. Desse oppgåvesetta vart utforma innanfor dei tildelte rammene for øvingstimar i ordinær undervisning, og innanfor gjeldande normer er det ikkje tidsmessige eller økonomiske ressursar til å utarbeide eit skriftleg opplegg med svarframlegg i tillegg. Eller sagt på ein annan måte: EXFAC0003 er finansiert som eit vanleg universitetskurs med førelesingar og øvingstimar, og det er ikkje sett av ressursar til nettbaserte opplegg.

Eg la ut oppgåvesetta til nedlasting som eit tilbod særleg til dei som ikkje kom på gruppetimane, språkkollegaen min har gjort det same for fonetikk, men skriftlege svarframlegg er noko som eventuelt måtte ha vorte utforma på fritida vår. Og slike svarframlegg er dessverre ikkje gjorde i ei handevending.

Fortvil likevel ikkje. Det er klart at det ville ha vore kjekt å ha eit svarframlegg å sjå på, men det viktigaste er å oppdage for seg sjølv kva som er vanskeleg. Oppdagar ein dette, kan ein lese seg fram til resten i pensumboka, i alle fall for lingvistikk. Fonetikk er mykje meir praktisk orientert, og det er vanskeleg å lese seg fram til alt, så gruppetimane vart i stor grad brukte til øvingar i transkripsjon.

Read Full Post »