Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for desember 3rd, 2008

Sensurrettleiing har eg skrive systematisk i alle år, både for andre (den tida det framleis var vanleg med eksterne sensorar, men det var før Kvalitetsreforma) og for min eigen del. Ei tradisjonell sensurrettleiing inneheld opplysningar om kva slags konkrete moment ein håper å sjå i eit godt svar (i den grad eksamenen ikkje er eit meir sjølvstendig prosjekt). Ein tek òg med opplysningar om pensum og førelesingar, altså slikt som ein sensor bør vite.

Under sensuren ser ein ikkje berre på deloppgåvene, men òg på heilskapen, m.a. kor jamt eller ujamt det faglege nivået er. Ein ser på kor utførleg eller knapt svaret er, og i kva grad studenten har klart å demonstrere den faglege kompetansen sin. Den fagspesifikke karakterforklaringa for karakteren A seier:

Høyt kunnskapsnivå. Svært god teoretisk innsikt og, i emner der det er relevant, svært gode praktiske ferdigheter. Kan plassere kunnskapene inn i en sammenheng. Kan bruke kunnskapen til selvstendig og kritisk drøfting og refleksjon over forklaringer, tolkninger og sammenhenger.

På eit fag som er så lite fasitorientert, kan sensurrettleiinga sjølvsagt presisere viktige moment som skal takast spesielt omsyn til, men det ville vere håplaust å konkretisere spesifikke karakterar før eksamen, t.d. kartleggje alle kombinasjonar av styrkar og veikskapar, og alle måtar som ei sjølvstendig drøfting kan gjennomfrast på. Ein kan jo oppnå ein bestemt karakter på svært mange og ulike måtar. Ein skal òg vere varsam med å binde opp eventuell ekstrasensor eller klagesensor på eit slikt detaljnivå, ettersom dette vil minske verdien av slike ordningar.

Skjema

Semesteret nærma seg slutten, og på dagen to veker før det fyrste eksamensoppgåvesettet skulle vere heilt ferdig, kom det instruks om eit eige skjema for sensurrettleiingar. Det skulle vere ferdig samstundes med oppgåvene. Bakgrunnen var at karakterforklaringane ikkje er konkrete nok. I instruksen las me (mine uthevingar):

Sensurrettleiinga må tilpassast den einskilde eksamensoppgåva – det er eit hovudpoeng med ordninga – men det er visse basiselement som bør vere med uavhengig av fagområde, vurderingsform og innhaldet i sjølve eksamensoppgåva:

1. Emnekode og emnetittel
2. Semester/år og vurderingsform (eksamenstype)
3. Oppgåveteksten
4. Relevant pensumlitteratur og evt. hjelpemiddel
5. Krav til eksamenssvaret:
[…] – Definer kva som kvalifiserer til karakteren A
6. Eventuell presisering av oppgåveteksten i høve til tolkingsskjøn (etter behov) 

Mange forstod det slik: Sensurrettleiinga skal tilpassast kvar einskilde eksamensoppgåve. Samstundes finst det ein del som bør inkluderast på skjemaet uansett, uavhengig av kva slags eksamensoppgåve det er, og uavhengig av fagområde og vurderingsform. Desse punkta omfatta m.a. emnekode, oppgåveteksten og pensum på lik line med «kva som kvalifiserer til karakteren A». Ved eitt av punkta (presisering av oppgåveteksten) stod det rett nok ein merknad i parentes: «(etter behov)».

Resultatet var mange sinte, overvelda, resignerte eller fortvilte menneske i mange fagmiljø på ulike institutt. Nokre tok instruksen som ein spøk, andre brukte mange timar og dagar på å fylle ut skjemaet. For det skulle fyllast ut eit eige skjema til kvar deloppgåve på kvar einaste eksamen, og punktet om karakteren A var rett og slett umogeleg å fylle ut så konkret på førehand.

Folk har hatt dårleg tid, dei har jamra seg, dei har kontakta overordna nivå og spurt seg føre, men likevel fått instruksar som har ført til berre endå meir jamring. Ein kollega sa det omtrent slik: «Men om me konkretiserer kva som skal liggje i å drøfte sjølvstendig, så tek me jo sjølvstendet frå studenten.» Det var ikkje hjelp i. Også etter direkte samtale med instruerande instans, der skjemaet var eit eige punkt, jamra folk seg over det umogelege oppdraget.

Oppklaring

Mot slutten av eksamensførebuingsperioden var eg så heldig å få snakke og brevveksle med rette vedkomande på tomannshand. Mi forståing av oppklaringa er:

For det fyrste: Punktet om å definere for kvar oppgåve kva som kvalifiserer til karakteren A, må ikkje forståast som eit krav om å definere kva som kvalifiserer til karakteren A. Det kan i staden forståast som ei ikkje-oppgåvespesifikk utgreiing om slikt ein særleg bør sjå på før ein eventuell A kan vere aktuell (i praksis ei slags generell men noko meir omstendeleg karakterforklaring).

For det andre: Sitatet over skal ikkje forståast som ei liste over «basiselement som bør vere med uavhengig av fagområde, vurderingsform og innhaldet i sjølve eksamensoppgåva». Det inneheld ordet «bør», og skal difor forståast som eit råd om element som ikkje naudsynleg er basale, men som ein bør ta med på skjemaet avhengig av at fagområdet, vurderingsforma og innhaldet i eksamensoppgåva tillèt det. Implisitt er det dermed heller ikkje berre punkt 6 som er «etter behov».

Og dermed har me potensielt rett og slett den slags sensurrettleiing som eg har skrive på eige initiativ i alle år.

Eg fortel gjerne folk rundt meg om dette, for i skrivande stund er det framleis mange som sit og er sterkt irriterte – ikkje naudsynleg over fenomenet sensurrettleiing, men over skjemaet.

Før denne oppklaringa kom, skreiv eg nokre fortvilte men dønn seriøse sensurrettleiingar (hadde ikkje særleg god tid heller, det finst fristar for slikt) som vart formidla vidare til den instansen som utforma instruksen. Dei vart formidla som praktiske døme på korleis det vert sjåande ut når eit skjema skal fyllast ut slik som folk trudde (tydelegvis feilaktig) at det skulle fyllast ut, om ein skulle unngå å forplikte seg juridisk til bestemte karakterar før ein i det heile hadde sett kva studentane skriv. Eg veit at eg ikkje er den einaste som har skrive slike sensurrettleiingar, men det er vel berre mine som har vorte vidareformidla.

Det fall ikkje i god jord, for å seie det sånn.

Read Full Post »