Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for desember 20th, 2008

sublamino-postuvularI årevis har eg fortalt studentane mine om at språk opererer under visse vilkår, med både postulerte mentale rammer og openberre fysiologiske grenser. Og som døme på fysiologiske grenser har eg gjerne nemnt at det av heilt naturlege grunnar ikkje finst språklydar som vert laga ved å ta tungespissen bak mot drøvelen (apiko-uvulare lydar).

Etter å ha sett denne videoen av sublamino-postuvular obstruksjon spørst det om eg må finne meg eit nytt døme på fysiologiske grenser. Labio-faryngal obstruksjon er kanskje ein god kandidat.

Read Full Post »