Til all lukke kom jola i vegen også denne gongen. For når jola kjem i vegen, vert nemleg sensurfristen utvida frå 21 til 31 dagar.
Det trongst. Den eine av eksamenane hausten 2008 (emnet EXFAC0003) hadde 209 godkjende kandidatar og vart avvikla på laurdag 6. desember. Dagen etter laurdag er som regel sundag, og på slike dagar skjer ingenting, men sensurfristen kjem likevel ein dag nærare. Ikkje før på måndagen vart eksamensbunken utlevert frå pakkekontoret, og den dagen gjekk med til å kopiere heile greia, slik at alle tre faglærarane hadde eit eksemplar å kose seg med. Dermed var bunken i praksis klar på tysdag, tre dagar nærare sensurfristen.
Samstundes var det sjølvsagt mykje anna som skjedde, m.a. andre eksamenar (som i skrivande stund framleis ikkje er ferdigsensurerte) og diverse byråkrati, så eg kom ikkje i gang før endå nokre dagar etter dette igjen. Veka deretter byrja studentane å etterlyse karakterane sine.
23. desember gjekk turen til foreldreheimen på Sunnmøre (med ei jol som vart uvanleg av heilt andre grunnar), og på nyårsaftan (sjå biletet over) kunne 209-studentarsbunken ha eit førebuande sensurmøte via Skype. Det endelege sensurmøtet fann stad måndag 5. januar, dagen før fristen.
Den såkalla joleferien berga sensuren endå ein gong, og me slapp å få 209 000 kr i bot. Det vart få A-ar denne gongen, men strykprosenten var rekordlåg: ca. 9 %, truleg fordi det faktisk vart løyvt pengar til øvingar og gruppeundervisning i 2008, jamvel med fleire gruppetimar enn dei har hatt tidlegare. (Ja, og så var det mange studentar som meinte at støttelitteraturen var bra. Håper det, for eg er medforfattar.)
Samstundes fekk eg notert meg mangt morosamt i fila «rare svar.rtf». Men eg trur det ville vere ufint av meg om eg presenterte noko av det her på bloggen. Tja. Hm. OK, eg kan vel ta ein av dei meir uskuldige. Det var ein student som leverte dette dømet på ei setning med ei leddsetning som direkte objekt: «Jardar sa at han liker vørterøl». Og det er jo heilt rett. 🙂