Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for januar 10th, 2009

Ny iWork (1)

Eg har brukt iWork-pakken i nokre år no. I staden for Word bruker eg Pages, i staden for Powerpoint bruker eg Keynote, og i staden for Excel bruker eg Numbers. Greie, oversiktlege og brukarvenlege program som eg liker betre enn konkurrentane frå Microsoft.

6. januar kom iWork ’09. Demoversjon er lasta ned og prøvd.
 
Fyrsteinntrykket: OK.
Andreinntrykket: Hent flugesmekkaren.

Fyrsteinntrykket

Keynote har fått nokre nye og flotte overgangar, eg tenkjer særleg på det som på norsk heiter «Magisk flytting» (ja, for no er heile iWork også på norsk, dvs. bokmål). Der kan ein gå frå det eine lysbiletet til det neste, men med eit objekt (t.d. eit bilete) som overlever skiftet, og som flytter seg, endrar storleik osb., alt etter kva ein treng. Har ikkje sett så mykje på Keynote enno, men det er sikkert meir snadder òg.

I Pages har det også kome nye ting, m.a. kan bilete no leggjast i bakgrunnen, og ikkje berre vere «tekstbundet» (inline, fylgjer teksten) og «flytende» (floating, fylgjer ikkje teksten). Tidlegare versjonar har hatt fotnotar, no finst det også sluttnotar. I Numbers kan ein omsider rekne ut tidsdifferansar på skikkeleg måte.

Det har kome eit nytt filformat for alle tre programma. Pass på. Frå gamalt av har Keynote, Pages og Numbers lagra dokumenta sine som pakkar, dvs. mapper som for Finder (filbehandlingssystemet på Mac) ser ut som filer, men som teknisk sett er mapper. Inni dei finn ein m.a. alle bilete som dokumentet inneheld, og det er lett å hente dei ut, redigere dei osb. Ein treng berre å høgreklikke på «fila» og velje «Vis innholdet i pakken».

Kjekt for oss som kan finne på å gjere slikt. Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg på denne måten har henta ut ein kopi av eit bilete som eg har brukt i eit brev eller ein rapport, eller kor mange gonger eg har redigert ei video- eller biletfil i ein Keynote-presentasjon utan å måtte ordne objektrekkjefylgje og lagstabling på nytt. Av og til er det rett og slett enklare å gjere det på denne litt tekniske måten enn å gjere det slik som programmet innbyd til.

Nytt i iWork ’09 er at programma som standard lagrar dokumenta sine som ei einaste stor einskildfil (slik som Word og sånn), ikkje som pakkar (gamle versjonar lagra berre som pakkar). Fordelen er at då kan ein sende filene i e-post utan å zippe dei fyrst. Ulempa er at ein ikkje lenger kan opne pakken og rote omkring som ein vil.

I innstillingane til kvart av dei tre iWork-programma kan ein velje «Arkiver nye dokumenter som pakker». Då vil ein framleis få pakkar av gamlesorten. Men merk at straks ein har laga seg eit dokument som er anten ein pakke eller ei kompakt fil, så kan ein ikkje «lagre som» det andre formatet.

[Oppdatering om det nye filformatet: det er berre ein zippa versjon av det gamle filformatet.]

Andreinntrykket

No kjem flugesmekkaren. For det er ikkje alt som har gått knirkefritt.

iWork har no fått norsk grensesnitt, avgrensa til bokmål. I språkoversikta til programmet finn eg desse språka: bokmål, dansk, engelsk, finsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk (forenkla han), kinesisk (tradisjonell han), koreansk, nederlandsk, polsk, portugisisk, portugisisk (Portugal), russisk, spansk, svensk og tysk. Og det er ikkje noko å klage over.

Men når ein køyrer programmet på norsk, har Keynote to overgangar som begge har fått det norske namnet «Fall». Dette svarer til det som på engelsk heiter «Fall» og det som på engelsk heiter «Flop». På norsk har altså desse vorte blanda saman, og begge fungerer i praksis som «Flop», men utan retningskontroll. Vil ein bruke ein av desse overgangane (og ha kontroll over Flop), må ein altså starte Keynote på engelsk. Ein kan som kjent enkelt deaktivere bokmålsversjonen ved å markere programikonet i Finder, trykkje ⌘I og fjerne haka ved «bokmål».

Bugrapport er send til Apple via responssida.

Eg må nemne ein språkrelatert ting til. Dersom ein har norsk som standardspråk i Mac-grensesnittet (eg har «Norsk Nynorsk» øvst, deretter «Norsk Bokmål» og «Engelsk»), men deaktiverer bokmål i Numbers for å køyre det på engelsk, så er det ikkje alle hjelpetekstane som vert tilgjengelege. Sånn, så er det òg nemnt. Har sendt bugrapport.

Det er kanskje å overdrive å bruke flugesmekkar på det neste, men litt irritasjon må eg unne meg.

ODF: Mange iWork-brukarar omkring på diverse forum har reagert på at heller ikkje den nye versjonen av Pages stør ODF. For min eigen del skjedde det at få timar før iWork ’09 vart lansert, kom det melding om at arbeidsplassen min er pålagd å bruke opne format på dokument som skal leggjast ut offentleg på nettet: HTML, PDF og ODF er godkjende. (Ein overordna instans på arbeidsplassen kom same dag med interne instruksar til sine tilsette om ei heilt anna sak. Dei instruksane fekk me serverte i ei Word-fil.)

Stiplalinene i iWork har endra seg, og det irriterer meg:

Pages fungerer no integrert med MathType og Endnote, så det er ikkje lenger tvil om at programmet har ambisjonar. Då er det svært skuffande å oppdage at stiplalinene (i strekfigurar, tabellar og avsnitts-kantliner) ikkje lenger har ulike strekavstandar å velje mellom. Dette gjeld alle tre iWork-programma. I staden står valet mellom heiltrekt, stipla og prikka line (sistnemnde er noko nytt). Altså, det som før var tre slags stiplaliner, har no vorte éi einaste stiplaline og i tillegg ei prikkaline.

Eg synest dei små streka i den nye stiplalina kjem litt for tett for mine optimalitetsteoretiske tabellar, det er ikkje utan grunn at eg i Pages ’08 og Keynote ’08 helst brukte stiplaliner med stor avstand mellom småstreka. I naudsfall kan eg sjølvsagt lage ein tabell i eit iWork ’08-program, lagre dokumentet, opne det i det tilsvarande iWork ’09-programmet med originale stiplaliner, og kopiere det over til det dokumentet eg skriv på. Men det er no litt tungvint, då.

I neste bloggpost om iWork ’09 skal eg sjå på korleis ein løyser eit par problem: Korleis lagar ein nivånummerert innhaldsliste, og kvar vart det av dokumentmalane mine?

Read Full Post »