Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for januar 11th, 2009

Ny iWork (2)

I førre bloggpost såg eg på fyrsteinntrykket (OK) og andreinntrykket (hent flugesmekkaren) av iWork ’09. I denne bloggposten skal eg ta føre meg to problem i Pages som er lette å løyse: fyrst avsnittsnummerering i innhaldslista, deretter spørsmålet om kvar det vart av dei heimedefinerte dokumentmalane som eg brukte i iWork ’08.

Avsnittsnummerering

Nivådelt avsnittsnummerering i innhaldslister i Pages er framleis litt tungvint, men ikkje lenger umogeleg. Som før er det umogeleg å definere i ein avsnittsstil kor mange nivå det skal vere i nummereringa, ein må justere dette manuelt for kvar einaste overskrift og mellomtittel. Tidlegare var det òg slik at når ein hadde laga ei innhaldsliste, så levde gjerne nummereringa i innhaldslista sitt eige liv, og vart nullstilt til øvste nivå berre ein pusta på tastaturet (altså at t.d. «1.2.2. Utgreiing om irriterande feil» plutseleg vart «8. Utgreiing om irriterande feil»).

Det er framleis slik at dersom ein ikkje held tunga beint i munnen, så skjer dette: Det som i innhaldslista skulle sjå slik ut:

1. Hei
1.1. Neste nivå
1.2. Det same nivået
1.2.1. Neste nivå igjen

vart sjåande slik ut nokså fort, t.d. då eg plasserte skrivemerket der for å formatere innhaldslista:

1. Hei
Neste nivå
Det same nivået
1. Neste nivå igjen

Men berre til eg prøvde å gjere noko med det, då såg det etter kvart slik ut:

1. Hei
2. Neste nivå
3. Det same nivået
4. Neste nivå igjen

Etter eit lite ordskifte på Apple Discussions vart løysinga som så:

  1. Skriv nokre titlar/overskrifter/mellomtitlar i dokumentet (altså ikkje innhaldsliste, den kjem me tilbake til), og gje dei den formateringa du vil (halvfeit skrift, storleik osb.).
  2. Definer ein listestil for desse overskriftene. Denne stilen må innehalde alle «innrykksnivåa», dvs. at du vel «Nivådelt nummerering» (i Inspektør > Tekstinspektør > Liste), og for kvart innrykksnivå (dvs. for kapittelnummer som 1, 1.1, 1.1.1 osb.) vel du det tal- og tekstinnrykket du vil ha. Gjer dette medan du har skrivemerket plassert i éin og same (mellom-)tittel, og ikkje tenk på at det vert feil nummereringsnivå undervegs. Dette kan du rette etterpå (punkt 6). Poenget er å få lagt inn opplysningar om alle dei nivåa du treng, på éin gong.
  3. Pass på at denne listestilen (som du kanskje kan kalle «avsnittsnummer», og som altså skal vere justert for alle dei nivåa du treng) er i bruk i alle titlane. Det gjer du ved å markere titlane og deretter klikke på listestilen.
  4. (Om-)definer den aktuelle avsnittsstilen for kvart tittelnivå (t.d. Overskrift 1, Overskrift 2 osb.). «Definer stil fra markering på nytt» eller «Opprett ny avsnittsstil fra markering», alt etter som. Når du gjer dette, vil stilen innehalde opplysningar om at det skal vere ei nivånummerert liste. Men sjølve det konkrete nivået vert altså ikkje med i stildefinisjonen.
  5. Om du lagar nye stilar, og ikkje berre omdefinerer dei som var der i utgangspunktet, må du passe på å gje kvar overskrift korrekt stil no.
  6. Gå deretter til kvar av titlane, og set innrykksnivået manuelt for kvar av dei. Sjølve innrykksnivået er som nemnt ikkje ein del av avsnittsstilane som du nettopp definerte. Dette tyder òg at når du lagar nye nummererte mellomtitlar og overskrifter seinare i dokumentet, må du passe på å eventuelt justere innrykksnivået manuelt der òg.
  7. Gå til Inspektør > Dokumentinspektør > Innholdsfort. og vel ut dei avsnittsstilane som skal liggje til grunn for innhaldslista.
  8. Plasser skrivemerket på ein høveleg stad (t.d. fremst i dokumentet) og vel Sett inn > Innholdsfortegnelse.
  9. Du ser at avsnittsnummereringa i innhaldslista er på trynet, men ikkje tenk på dette enno. Formater innhaldslista slik at ho ser grei ut. Kanskje du vil bruke ein annan font, ein annan fontstorleik osb. Truleg vil du setje inn ein tabulatorstopp slik at sidetalet står fint og vakkert til høgre på sida (hjå meg står sidetalet elles på neste line, og det ser veldig uoversiktleg ut).
  10. Definer ein listestil for innhaldslista, med same prosedyre som i pkt. 2. Listestilen (som du kanskje vil kalle «innhaldsnummer») må altså innehalde alle dei avsnittsnivåa som du treng.
  11. Sjå til at denne listestilen er i bruk i heile innhaldslista. Det gjer du ved å markere elementa i innhaldslista og klikke på listestilen.
  12. Definer innhaldsliste-avsnittsstilane med grunnlag i slik innhaldslista er formatert no. Typiske standardnamn på slike stilar er «TOC Heading 1», «TOC Heading 2» osb. Dette må du gjere for at stilane skal innehalde opplysningar om at dei skal ha nivådelt nummerering.
  13. Pass på at kvar overskrift i innhaldslista har rett stil, dvs. klikk på ein kapittel- eller avsnittstittel i innhaldslista og tilordn deretter korrekt avsnittsstil.
  14. Set korrekt innrykksnivå på kvar tittel i innhaldslista. Dette kan gjerast éin gong for kvar stil i innhaldslista, ettersom alle titlar osb. med den same stilen vert markerte i innhaldslista straks du klikkar på ein tittel der.
  15. Mi røynsle er at når eg har gjort dette, er det ofte (men ikkje alltid) minst éin tittel i innhaldslista som har fått feil innrykksnivå. Til dømes kan ein tittel på 3. nivå plutseleg insistere på å vere på 4. nivå. Skjer dette, kan du klikke på den tittelen i innhaldslista (alle med den same stilen vert då automatisk markerte, som nemnt over). Gå til listeinnstillingane i Inspektør, og skriv korrekt nivå i rubrikken «Innrykksnivå». Ikkje trykk på pilsymbola for å justere dette, for då vil også dei titlane med rett nivå verte justerte.
  16. Gjenta punkt 15 til du er nøgd.
  17. Når du no skriv dokumentet ditt og legg til fleire nivånummererte mellomtitlar osb., vil innhaldslista verte automatisk oppdatert straks du klikkar på henne.

Om innhaldslista likevel vert tullerusk, så sjå over om du har fylgt desse instruksane til punkt og prikke. Eg sat her og skulle gjere dette for meg sjølv medan eg skreiv ned instruksane, men innhaldslista vart tullerusk straks eg klikka på henne i punkt 17. Feilen var at eg hadde gløymt å aktivere korrekt avsnittsstil for dei ulike titlane i innhaldslista i punkt 13, alle hadde stilen «TOC» i staden for «TOC Heading 1» osb.

Kvar vart malane av?

Til slutt skal eg nemne ein bagatell som like fullt kan vere til forvirring for trugne Pages-brukarar: Dei ulike lokaliseringane (grensesnitt-språka) bruker sine eigne namn på mappene på harddisken. Dette er som før, skjønar eg, men eg har ikkje fått oppdage det før no, når bokmål faktisk er eit val.

Men dette medfører at dersom ein har laga seg malar tidlegare, så finn ikkje Pages desse malane i malveljaren dersom ein no startar nye Pages på bokmål. Endrar ein språk til engelsk, finn Pages malane likevel. Grunnen er at malane som vart lagra i gamle Pages, vart lagra (i alle fall om ein hadde valt engelsk som språk) her (der ~ tyder ‘i heimekatalogen din’):

~/Library/Application Support/iWork/Pages/Templates/My Templates/

Startar ein programmet på bokmål, finn ein i staden malane her:

~/Library/Application Support/iWork/Pages/Maler/Mine maler/

Det skulle ikkje vere naudsynt å lokalisere slike mapper på denne måten. Dei færraste rotar seg inn i Library-mappene i det heile teke, og dei som gjer det, veit som regel kva dei gjer.

For å få Pages til å bruke den same malmappa på norsk som på engelsk kunne ein sjølvsagt ha laga alias av mappene, slik at «Templates» har aliaset «Maler», og «My Templates» har aliaset «Mine maler». Då skulle ein vente at Pages fann fram til den same mappa anten me starta programmet på norsk eller på engelsk. Men gjer ein dette i Finder, fungerer det ikkje likevel. Ein må gjere det i Terminal. Her er oppskrifta:

cd ~/Library/Application\ Support/iWork/Pages
ln -s Templates Maler
cd Templates
ln -s My\ Templates Mine\ maler

Read Full Post »