Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for januar 13th, 2009

Filformatet i iWork ’09

I ein tidlegare post om iWork ’09 nemnde eg at det nye standardformatet er ei fil og ikkje ein pakke. Dette gjer det enklare å sende dokumenta på e-post, ein treng ikkje zippe dei fyrst.

På Apple Discussions las eg at dei nye filene eigentleg ikkje er anna enn ein zippa versjon av pakken. Og sanneleg, slik er det:

Fyrst stilte eg inn Pages til ikkje å lagre nye dokument som pakkar. Deretter laga eg eit Pages-dokument med litt tekst og grafikk inni. Eg lagra det som test.pages, og det var openbert ei fil, ja, og ikkje ein pakke.

Så endra eg .pages til .zip, dobbelklikka på fila, og vips, så pakka fila seg ut til ei mappe som heitte «test» (sjå biletet). Inni der fann eg den same strukturen som ein finn i ein vanleg Pages-pakke av gamlesorten. Einaste skilnaden var at xml-fila ikkje var gzippa, og dermed heitte index.xml og ikkje index.xml.gz.

Utpakka Pages-fil

Som sagt tidlegare, så har eg gjerne redigert grafikk og video og sånt direkte i pakken, og no gjorde eg det same. Testbiletet i den utpakka testfila fekk seg ein stygg omgang i Preview (eg justerte fargane litt), eg lagra fila, zippa mappa, endra .zip til .pages igjen og dobbelklikka. Då opna dokumentet seg feilfritt i Pages, og biletet låg der i justert versjon.

Men ikkje nok med det. Medan det framleis var ei mappe, kunne eg rett og slett leggje til .pages i namnet på mappa. Då vart mappa til ein pakke av gamlesorten. Det var berre å dobbelklikke på denne pakken (test.pages), og så opna dokumentet seg i Pages. Juhu.

Eg nemnde over at xml-fila i det utzippa dokumentet ikkje var gzippa. Ein fyr på Apple-forumet hadde konvertert sine gamle Keynote-dokument til det nye formatet, med det resultatet at filene voks med fleire giga. Hypotesen var at innhald som låg i den opphavlege pakken, og som av ein eller annan grunn var sterkt komprimert der, tok meir plass når det berre låg i eit zip-arkiv. Uheldig, han.

Men men, eg trur eg held fram med pakkar, dei er trass alt enklare å arbeide med enn om eg skulle pakke fram og tilbake (eller ut og inn) heile tida.

Read Full Post »