Tenk å vere Johannes Kepler, som fann ut at planetane går i elliptiske baner. Oi, kor spanande! Skal tru kvifor planetane oppfører seg slik?
Tenk om Kepler hadde oppdaga dei elliptiske banene og sagt: «Elliptiske baner? Huff, det er jo ikkje slik det skal vere.»
Tenk å vere språkforskar og kunne observere at somme tider seier folk «krisa», andre tider «krisen». Oi, kor spanande! Skal tru kvifor språket oppfører seg slik?
Tenk deg å seie: «Nei, dette var inkonsekvent. Det er jo ikkje slik det skal vere.»
Er det ikkje slik det skal vere? Gjennom dette dømet har me jo prova at språket ikkje er «konsekvent».
Er inkonsekvens gale fordi det er inkonsekvens? «Eg var på butikken, men epla der er inkonsekvente.» Er epla inkonsekvente, seier du? «Ja, nokre er grøne, og nokre er raude, det er jo ikkje slik det skal vere.» Åh, men det er ikkje berre det at det er to eplesortar, då? «Nei, epla er inkonsekvente, og det er ikkje bra. Og det same gjeld Galdhøpiggen. Det fjellet er jo ikkje symmetrisk.» Kvifor skulle Galdhøpiggen vere symmetrisk? Kvifor skal språket vere «konsekvent»?
Finn-Erik Vinje rettar kritikk mot folk som snakkar med inkonsekvente bøyingsendingar i det offentlege rom, t.d. Kyrre Nakkim, som vekslar mellom «krisen» og «krisa». Då har ein sjølvsagt bestemt seg på førehand for at språket skal vere konsekvent, utan omsyn til om fenomenet språk faktisk er slik. Ein har også bestemt seg på førehand for korleis ein skal avgrense kva det går ut på å vere «konsekvent». Såleis vert det ikkje relevant å observere at vedkomande fullstendig konsekvent unngår «kriset» og «hesta» i bunden form eintal.
Det er altså eit system i det. Og sjølv folk som er konsekvente på at krisen gjaldt et stort hull i duken som dronningen hadde heklet, vil ofte føretrekkje jenta var et reinhekla rasshøl framfor jenten var et renheklet rasshull, utan at dette vert rekna som kritikkverdig.
Irritasjonen over «inkonsekvent» språk har lange tradisjonar, og er ikkje ein lausriven irritasjon utan samanheng med noko anna. Dette dreier seg om ei normativ (føreskrivande) tilnærming til språket. Finn-Erik Vinje har sine grunnar til å ynskje at terrenget rettar seg etter kartet. Eitt stikkord mellom fleire er språknorm-tradisjonar (m.a. ein tradisjon for at ein skal vere «konsekvent») som i kraft av sin eksistens har ein eigenverdi. Eg er usamd med Vinje i at «konsekvent språkbruk» skal vere så viktig, men eg forstår kvifor han vil ha det slik. For i eit slikt perspektiv finst det faktisk allereie eit terreng (ein etablert tradisjon) som stemmer med kartet, terrenget er berre ikkje der ein skulle ynskje at det var. Eg skal heller ikkje snakke for stygt om rolla til tradisjonar, for eg har sjølv ytra meg om tradisjonars eigenverdi, om enn på andre måtar og med eit anna utgangspunkt enn dette. (Og eg finn det altså urimeleg at folk skal påleggjast å snakke spontant på ein måte som språket som fenomen ikkje oppfører seg på.)
Likevel er det greitt å kunne presisere at normative tilnærmingar ikkje er vitskap. Då vil ein heller velje ei deskriptiv (skildrande) tilnærming. Slik som ein astronom ikkje avviser elliptiske baner (og slik ein geograf ikkje vil underkjenne Galdhøpiggen), kan ein språkforskar heller ikkje setje seg til doms over forskingsobjektet sitt.
Vinje nemner også andre språktrekk han ikkje liker, og som dreier seg om heilt andre saker enn det å vere «konsekvent». Til dømes irriterer han seg grøn over «i forhold til», og kallar det «preposisjonsforbindelsen med universal betydning», noko som rett nok ikkje akkurat er ein spesielt god analyse, men som emosjonelt utbrot gjer det nytten. Dette dreier seg om at det som tidlegare meir eintydig tydde ‘samanlikna med’ (han er stor i forhold til deg), no også kan tyde ‘når det gjeld, med tanke på’. Eit kjapt Google-søk gjev oss denne overskrifta: «– Pinleg i forhold til klasevåpen». Handlar dette om noko som er pinleg med tanke på klasevåpen, eller handlar det om noko som er meir pinleg enn klasevåpen?
Det er klart at slike endringar i språket kan føre til emosjonelle reaksjonar. Det skulle berre mangle, folk har alltid vorte irriterte over at språket endrar seg. Eg òg kan verte irritert over at verda er slik som verda er.
Men som fagperson (og eg har også faglege kjensler!) stiller eg meg annleis. Då utbryt eg heller, og meiner det av heile mitt hjarta: «Ja men er det ikkje noko temapartikkelaktig over dette, då? Oi, grammatikalisering på gang i moderne norsk. Stilig!» Og så trekkjer eg ein parallell til då ordet til gjekk over frå å vere substantiv (jf. tysk Ziel, som tyder ‘mål’) til å vere preposisjon, og det tykkjer alle er interessant. Men om folk byrja å seie at «denne bussen skal mål Ålesund», hadde det vel vorte rabalder likevel, tenkjer eg.
For anten ein er normativ («dette er feil») eller ein er deskriptiv («oi, eit språkfenomen!»), så kan ein vere sikker på eitt: Ein irriterer folk med det, same kva.
[…] den klassiske kartet-terrenget-debatten som går. For den som er interessert i emnet, kan eg tilrå Normativ eller deskriptiv borte hos […]
[…] finst, og vurderer ikkje om det eine fenomenet er meir korrekt enn eit anna fenomen (vitskapen er deskriptiv, ikkje normativ). Dermed vil ingen som forskar på lydar, hevde at sj-uttalen, den meir […]
[…] Normativ eller deskriptiv Korrekt kj-lyd (aprilspøk) Kj-lyden igjen (2. april) Kjell à la Storm (meir om […]