Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for januar 23rd, 2009

MathType for fonologar?

(Denne bloggposten inneheld ein del spesialteikn som det ikkje er sikkert at du klarer å sjå. Meir spesifikt dreier det seg om diverse lydskrift-teikn og nokre matematiske teikn. Har du ein rimeleg greitt oppdatert Mac, burde det gå bra.)

 

Ettersom eg lenge har sakna noko å redigere formlar i (treng slikt til visse formelle ting i klassisk generativ fonologi), tenkte eg at eg skulle laste ned MathType (versjon 6.0 for Mac) og sjå på det. Denne versjonen har trass alt Unicode-basert teikndatabase, las eg. Unicode, ja ærleg talt. Men Unicode-«basert»? Hm.

Eg lasta ned programmet og prøvde det. Det fyrste eg merka, var at eg ikkje fekk lov til å lagre ei fil der eg ville. Var det fordi det var demoversjon? Nei, demoversjonen skal jo fungere fullt ut i 30 dagar, stod det.

Litt eksperimentering måtte til. Eg greidde å lagre fila ein annan plass på harddisken, kunne deretter flytte fila dit eg ville, men nei, no fekk eg ikkje til å opne fila. Mistanken vart fort stadfest: Eg hadde plassert fila i ei mappe som låg inni ei anna mappe som heitte «førelesingar». Og i det mappenamnet er det ein ø. Det var ø-en som gjorde det. I 2009, oi…

Eg kunne heller ikkje lage formlar med lydskrift i Unicode. Eg kunne altså ikkje lage ein lettvint-regel av typen v → f / _θ. (Ein treng sjølvsagt ikkje formelredigering for å lage ein så enkel regel, men det finst tilfelle der det er fint å kunne stable på plass litt større ting som også inneheld lydskriftteikn.)

Teiknet θ dukka rett nok opp i kursiv under inntasting når programmet var i mattemodus, men det vart ein q når eg markerte det og gjekk over til tekstmodus (q var den plassen der ein fann θ i Symbol-fonten i tida før Unicode). Prøvde eg å stappe inn andre IPA-teikn (lydskriftteikn) via tastaturet, t.d. ɣ, ʰ og ʃ, fekk eg uansett berre vanlege bokstavar i staden. Og om eg prøvde å lime inn frå eit anna program eller å bruke den teikntabellen som ligg i systemet, fekk eg svarte firkantar (som vart til bokstaven n i tekstmodus). På biletet ser me, berre for dømet si skuld (eg ville uansett ikkje ha brukt formelredigering til ein så enkel regel), korleis ein regel har vorte limt inn frå TextEdit, fyrst i mattemodus, og på andre line endra til tekstmodus.

MathType

Programmet har sin eigen «insert symbol»-meny, der eg kan velje font og leite meg fram til det teiknet eg treng. Eg opna denne, og valde Doulos SIL, som er den IPA-fonten eg bruker oftast. Då påstod MathType like godt at Doulos SIL ikkje inneheld eit einaste IPA-teikn.

Eg avslutta MathType, berre for å oppdage at teiknet → (altså høgrepil) hadde vorte endra til ∴ i alle Pages-dokumenta mine (om du ikkje kan sjå dette teiknet i din nettlesar, kan du sjå det på biletet, rett under n-en i «Evaluation»). Kva hadde hendt? Jau, MathType hadde lagt inn nye fontar, m.a. ein 1.0-versjon av Symbol (datert 2004) som påstod å ha → på rett Unicode-adresse, men som openbert ikkje fungerte så bra likevel.

MathType 6.0 vert marknadsført som «the Professional Version of Equation Editor», og kostar 97 amerikanske dollar (57 ditto med utdanningsrabatt).

Read Full Post »