Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for februar 20th, 2009

Ny lineavstand i Pages ’09

Nøyaktig lineavstand i Pages ’08 og tidlegare var visst ikkje så veldig nøyaktig. Eller nærare sagt var dette avhengig av kva for ein font ein brukte. Noko eg sjølvsagt ikkje oppdaga før eg opna eit gamalt dokument i Pages ’09 og såg at her låg linene tettare, og dokumentet hadde vorte kortare.

Det viser seg at Pages ’08 og tidlegare behandlar dei fleste fontar rett: Times, Palatino og det meste anna har den same lineavstanden som kvarandre dersom ein set dei til å ha nøyaktig lineavstand, t.d. 14 pt. Men Times New Roman, Apple Symbols, Monaco og nokre andre fontar får ein annan faktisk lineavstand, i alle fall dei versjonane som eg har. «Nøyaktig 14 pt» tyder altså ikkje det same for alle fontar i Pages ’08.

I Pages ’09 får derimot alle fontar den same lineavstanden dersom dei vert sette til å ha nøyaktig den lineavstanden som dei skal ha.

Pages-lineavstand

Sjølvsagt er det surt at nokre av dei gamle dokumenta ikkje ser ut i Pages ’09, men det er no likevel betre, synest eg, at denne feilen har vorte retta i Pages ’09, enn om feilen skulle få leve vidare berre for å halde nye Pages kompatibel med eldre versjonar av programmet.

Dette tyder likevel at det for somme av oss kan vere lurt å ikkje slette iWork ’08 frå harddisken sin, sjølv om me installerer iWork ’09. I mitt eige tilfelle har eg heldigvis brukt «trygge» fontar i dei fleste av dei gamle dokumenta mine, men nokre dokument (til overmål nokre viktige og veldig store dokument) vil trenge manuell justering i Pages ’09, og då er det greitt å ha ’08 å sjå etter.

Somme oppdaga feilen for lenge sidan, her:

It seems OpenType fonts never work with exact line spacing. Many other fonts fail as well, but many work. You just have to try it out, to see if it works for your favourite fonts.

Men i Pages ’09 er altså feilen retta.

(Til slutt skriv eg ordet «linjeavstand» på bokmål her i parentesen til ære for søkjemotorane.)

Read Full Post »