Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for mars 20th, 2009

Språkforbod

Ungdomsrådet i Farsund meiner at innvandrarungdom skal tvingast til å bruke norsk (i naudsfall engelsk) i friminutta på skulen. Oppslaget i Fædrelandsvennen seier:

Forslaget begrunnes blant annet med at norske elever ikke kan vite om deres nye landsmenn snakker stygt om dem når de roper til hverandre på morsmålet. Dersom de utenlandske elevene pålegges å snakke norsk, eventuelt engelsk, i en overgangsperiode, mener ungdomsrådet at de også fortere blir integrert i lokalsamfunnet.

No er det jo ikkje sikkert at all innvandrarungdom er så stive i engelsk. Eg har prøvt å snakke engelsk i Italia, det var ikkje lett.

Men så var det liksom likevel noko kjent med dette påfunnet då eg høyrde om det på radioen i dag tidleg. Hm, ja, bortsett frå dette med engelsk, då. Ja, sånn var det, ja:

Det var ei tid då samar og kvenar skulle tvingast til å bruke berre norsk på skulen, medrekna friminutta. Dette fordi det var lettare å assimilere dei då (assimilere, ikkje integrere, staten var ikkje interessert i integrering, derav språkforbodet). Og dessutan var det viktig å ha kontroll med kva dei snakka om. Det vanka straff om dei brukte morsmålet sitt når dei snakka med kvarandre i friminutta. At dei snakka norsk med folk som ikkje kunne samisk eller kvensk, var ikkje hjelp i.

For ordens skuld, for Ungdomsrådet i Farsund er det ikkje kommunikasjonen på tvers av morsmåla som er problemet (det skjer truleg på norsk, så det ligg godt til rette for integrering og samhandling). Det dei har problem med, er at folk som deler eit morsmål, snakkar med kvarandre på det språket dei kan best.

Eg har ein parallell situasjon på jobben min, men til skilnad frå Ungdomsrådet i Farsund opplever eg det ikkje som noko problem. Eg har to gode kollegaer som har nederlandsk som morsmål. Når dei snakkar med kvarandre, skjer det gjerne på nederlandsk. Til meg snakkar dei på norsk, til naud på engelsk eller tysk. Eg ville aldri ha drøymt om å krevje at dei skulle snakke med kvarandre på engelsk når dei møtest i korridoren, for at eg lettare skulle kunne passe på at dei ikkje sa noko stygt om meg. Skal tru kva slags kjensler noko slikt ville ha ført til på nabokontora. Hadde det ført til ein akutt trong for å integrere meg i gjengen, skal tru?

Dersom innvandrarungdom ikkje skal få snakke med kvarandre på morsmålet sitt, korleis stiller Ungdomsrådet i Farsund seg til ikkje-innvandra ungdom som kviskrar eller snakkar lågmælt på norsk? Ja, for det er vel ikkje slik at det berre er folk frå visse folkegrupper som skal snakke slik at alle kan ha kontroll med samtalane deira, vel?

Read Full Post »