Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for april 26th, 2009

Tull på jobb

Nyhendebrevet på jobb inneheld litt tull for tida, men det var visst fleire som ikkje heilt visste om det var tull då det for litt over ei veke sidan kom melding om stemplingsur. Det er klart, alle veit at det ville vere håplaust å stemple seg inn og ut kvar gong ein opnar ei språkbok eller skriv ned ein idé. Slikt skjer jo heile døgeret.

I veka som var, var det min tur til å føreslå ein usignert spøk, som vart godt plassert i nyhendebrevet like etter meldinga om at etternølarane må hugse å melde inn ferie.

Internfakturering i bygg 4

I samband med rehabiliteringa av Dragvoll kom det for ei tid sidan påbod om at alle vindauga i bygg 4 som vender mot bygg 1, skal vere attlatne. Dette har ført til dårleg lufting, i og med at ventilasjonen i bygg 4 fungerer dårleg. Det er dessutan målt temperaturar på 26 grader på nokre av kontora der.

Det er no installert termometer og luftmålarar i bygget. Frå sentraladministrasjonen vert det opplyst om at folk som arbeider under forhold som er i strid med Arbeidsmiljølova, vil verte bøtelagde gjennom etterskotstrekk i løna. Prosessen er automatisert, og vert reint rekneskapsmessig implementert som internfakturering kvar gong målarane i bygg 4 overstig dei lovregulerte grenseverdiane. Det er difor svært viktig at arbeidstakarane melder frå om feriedagane sine, slik at dei ikkje vert fakturerte for dagar der dei ikkje er på jobb.

Det tok ikkje lang tid før det kom telefon frå ein kollega som hadde lese det, og som ikkje følte seg heilt trygg på kva dette var for noko.

Moralen er: Eh, nei, den må du finne sjølv.

Read Full Post »