Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for mai 5th, 2009

Russ

Det er russetid, og som vanleg er russen endå yngre i år enn i fjor, og svært mykje yngre enn eg sjølv var då eg var russ.

I fjor var eg akkurat dobbelt så gamal som dei yngste studentane mine. Det tyder at i år er det tjue år sidan eg var russ. Fy som tida fer. Kanskje eg byrjar å verte vaksen, for då skal visst tida gå fort.

For nokre veker sidan såg eg eit bilete av ein mann i avisa, ein mann som eg kjende som ein svært gamal mann medan eg var tenåring. Alderen hans stod i avisa, han er i dag ikkje noko meir enn rett og slett vaksen, men med litt hovudrekning fann eg ut at på den tida då eg kjende han som ein svært gamal mann, var han yngre enn eg er no. «Ja, då veit du kor gamal studentane dine synest at du er,» seier fru Judith.

Jardar russPå det lågoppløyselege biletet her (med manglande fargestyring til ære for verdsveven) kan ein ikkje sjå at det står «VØRTERØL!» på brystet mitt. Det var Vegard Bendik som fekk låne pennen min, og som i ungdommeleg ironi skreiv ØL! med store bokstavar og ropeteikn. Utan like mykje ironi (eg fekk diverre ikkje del i slikt før seinare i livet) fekk eg overtalt Kåre Magne (trur eg) til å hekte på VØRTER- like over.

Den tida eg var student i Volda, fekk eg forresten vite at det var berre to menneske som kjøpte vørterøl på den eine butikken der. Det var eg og ein gamal mann.

Den offisielle russesongen til Russ 89 var Bombadilla Life. Så er det sagt. Nyt øyreormen, og sov godt.

Read Full Post »