Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for mai 22nd, 2009

Kandidatnummer

Like før eksamensperioden kunne arbeidsgjevaren orientere oss via massemedia om at frå og med no skal studentane bruke kandidatnummer i staden for studentnummer på eksamen. Litt betre anonymisering har me ynskt oss lenge, så dette var hyggjeleg. Kandidatnummera har ingenting med studentnummera å gjere. Ein student har eitt studentnummer, men kandidatnummeret endrar seg frå eksamen til eksamen.

I den eine eksamensbunken i vår la eg merke til at alle kandidatnummera såg mistenkjeleg ut som studentnummer: nøyaktig seks siffer, og i akkurat det same området i talrekkja. Hm, rart.

I bunken fann eg også eit eksamenssvar med eit kandidatnummer som eg ikkje fann att i vurderingsprotokollen (det som tidlegare heitte sensurprotokollen), altså utskrifta over kandidatar der ein skal føre inn karakteren. Når sensurbunken ikkje er i samsvar med kandidatlista, fører eg ikkje inn karakterar før nokon har oppklart saka for meg.

Så saka vart undersøkt. Og saka er at kandidatnummer er på fem siffer, ikkje seks. Kandidatnummera startar nummereringa på 10000, og nummereringa vert starta på nytt kvar dag. På akkurat denne eksamenen var kandidatnummera likevel identiske med studentnummera. Det hadde berre vorte slik, ein må vel rekne med litt hikke i ein slik oppstartsperiode. Og det kunne forklare kvifor kandidatnummera på denne eksamenen såg ut som studentnummer: dei var studentnummer.

Men kva med den mystiske studenten som eg ikkje fann på lista? Jau, den studenten hadde likevel fått eit eige kandidatnummer på lista, men hadde i samsvar med instruksen for denne eksamenen levert eksamenssvar med studentnummer på. Og sjølv om det altså ikkje er på hundretusenvis med studentar som tek eksamen på éin og same dag, hadde kandidatnummeret likevel vorte sekssifra og såg heilt ut som eit studentnummer.

Det såg faktisk ut som studentnummeret til ein annan student ved universitetet. Då byrjar det jo å verte morosamt.

Read Full Post »