Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for mai 25th, 2009

Strykrekord

Den siste tida har det gått rykte om at på Dragvoll er det berre å møte opp på eksamen i fag utan å ha lese pensum eller fylgt undervisninga, og så får ein seg nokre gratis studiepoeng. Dei kostar i høgda utgiftene til bussbilletten.

Vel, rett nok gjeld dette nokre få emne med fleirvalseksamen (tippekonkurranse) på eitt bestemt fag i motsett ende av bygningsmassen (psykologi). Og rett nok er det i skrivande stund heller ikkje undersøkt systematisk, berre anekdotisk gjennom ein student som stod fram i avisa.

Men i lys av dette er det likevel interessant å sjå at på ein annan Dragvoll-eksamen i vår var det 100 % stryk. Det var til og med på eit innføringsemne utan forkunnskapskrav.

Eksamenssjangeren var utgreiande og alt anna enn tippekonkurranse. Men det eg vil nemne spesielt, er likevel at rekorden med 100 % stryk fekk me no i eit semester der det ikkje var tilbod om undervisning. Det er eigentleg eit haustemne. Til vanleg har dette emnet ein strykprosent som varierer mellom 10 og 30, avhengig av undervisningsomfanget.

Det ligg menneskelagnader i slike karakterar. Det skal heller ikkje gløymast. Jamvel om det er freistande å seie at det ikkje er gratis studiepoeng å få her, veit eg òg at fleire av studentane på denne eksamenen slett ikkje fekk strykkarakteren sin gratis.

Read Full Post »