Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for juni 7th, 2009

Ny bok

Lingvaj paĝojJudith har allereie blogga om det, og eg låner faksimilen frå henne. For i går, på laurdag, var me og henta opplaget til boka Dek kvin jaroj da Lingvaj paĝoj. Elektitaj tekstoj el Norvega Esperantisto 1990–2005. (Eller på norsk: Femten år med Lingvaj paĝoj. Utvalde tekstar frå Norvega Esperantisto 1990–2005.)

«Lingvaj paĝoj» (Språksider) er ein vignett som har gått att i mange år i medlemsbladet til Norsk Esperanto-ForbundNorvega Esperantisto. Judith har redigert boka, og eg har fått lov til å skrive innleiingar til nokre av kapitla (om kvardagsord, etymologi, preposisjonar, affiks og kapittelet med tekstar for nye og gamle esperantobrukarar.

At kvardagsord er viktige i språket, seier seg sjølv. Også etymologi (ordhistorie), preposisjonar og affiks (føre- og etterstavingar) har med språk å gjere. Frå innleiinga til kapittelet for nye og gamle kan eg som ein smakebit sitere opninga:

Som nybyrjarar høyrer vi gjerne at esperanto har berre 16 reglar. Men etter kvart skjønar vi at dette ikkje kan stemme. I boka Fundamento de Esperanto, som kom ut i 1905, er det rett nok ramsa opp 16 reglar, men dette er berre nokre grunnprinsipp m.a. om korleis formverket skal sjå ut, til dømes at substantiv endar på -o og adjektiv på -a. Grunnleggjande sett er dette likevel berre ei overflatisk innføring i språket, og dei 16 reglane seier lite om korleis språket skal brukast.

Som nybyrjarar høyrer vi gjerne at esperanto har berre 16 reglar. Men etter kvart skjønar vi at dette ikkje kan stemme.

Dei 16 reglane er nemleg ei mistyding. Dei er berre eit pedagogisk vinkla grunnriss av m.a. formverket, og seier fint lite om korleis formverket m.m. faktisk skal brukast. Så då kan eg fortelje om eit unntak som ein sjeldan finn nemnt i lærebøkene, og som berre har oppstått uplanlagt fordi me som menneske er grammatiske vesen. Og så fortel eg om eit unntak til unntaket, og deretter:

Ikkje noko språk kan dekkjast av 16 reglar, og slik er det også med esperanto. Når mange likevel opplever esperanto som relativt enkelt å lære, er det kanskje nettopp fordi formverket er lett å pugge.

Men vil du vite meir, får kjøpe boka (kontakt meg eller Judith) eller overtale meg til å fortelje meir. Prisen er 175 kroner. Tekstane er på norsk og esperanto om kvarandre, og målgruppa er veldig romsleg definert.

Til slutt, før nokon protesterer på tittelen og dei femten åra: Ja, kalenderåra 1990–2005 utgjer til saman 16 år, ikkje 15. Men tekstane i denne boka er henta frå ein periode på 15 år og eit par månader.

Heilt til slutt: Framsideillustrasjonen er av Christian Moe, og demonstrerer partisippsystemet.

Read Full Post »