Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for juli 16th, 2009

Ein iPhoto-feil

Sist eg skreiv om iPhoto, nemnde eg denne «flotte» funksjonen som modifiserer bileta automatisk ved import. Dermed kan ein hjulkapsel eller ein lampe som vert identifisert som «andlet», verte kvitt dei «raude augo» sine utan at ein så mykje som treng å tenkje på det. Denne funksjonen er det umogeleg å slå av.

Så finst det heldigvis noko som heiter «Gjenopprett original». No har eg ikkje prøvt dette spesifikt på eit bilete der raude augo har vorte automatisk fjerna, men eg skreiv sist at ein kan berre markere alle dei nyimporterte bileta og gjenopprette originalane i éin jafs. Noko meir omstendeleg å importere bileta, sjølvsagt, men det er ein måte å gjere det på.

Trudde eg.

Det viser seg at ein kan klikke «Gjenopprett original» i det uendelege. Har iPhoto ’09 fyrst bestemt seg for at eit bilete skal modifierast automatisk, så får du ikkje tilbake originalen, nei. Straks den modifiserte versjonen er fjerna, vert ein ny oppretta, det ser ein også i iPhoto-biblioteket, om ein rotar seg inn der via filsystemet.

Å duplisere biletet er heller ikkje hjelp i. Den dupliserte versjonen lid under dei same tvangshandlingane.

No er det rett nok sjeldan eg lèt eit bilete stå umodifisert, men det er ille at ein ved somme tilfeldige bilete ikkje har høve til det. Eg har heller ikkje sjekka om den sta versjonen av tvangsmodifiseringa ser ut som originalen eller ikkje, men eg har i alle fall sjekka og sett at den modifiserte fila har ein annan storleik enn originalen. Så med jpeg-grunnlag i originalen vil me ved somme bilete tvangsmessig få dobbel kompresjon. Det er ikkje bra. Originalfila ligg jo framleis i iPhoto-biblioteket, men ho gjer ikkje så mykje av seg der.

Feilmelding er send i retning Apple, og så får me sjå om dei bryr seg noko meir om denne feilen enn om den eldgamle feilen som dei ikkje har gjort noko med enno: Den som skjer til eit bilete i eit sjølvvalt format (t.d. 10 × 13, som er nokså standard her til lands), og går vidare til neste bilete medan ein framleis er i redigeringsmodus, vil oppleve at det neste biletet vert skore til heilt av seg sjølv (men ikkje biletet deretter igjen).

Read Full Post »