Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for august 8th, 2009

Zamenhof

Ludwik Zamenhof

Som eg nemnde i førre bloggpost, har eg nettopp vore i utlandet. Det var saman med fru Judith, og utlandet heitte Polen. Det var der alt starta for oss esperantobrukarar, den 26. juli 1887, då Ludwik Lejzer Zamenhof (1859–1917) fekk gjeve ut den fyrste læreboka i esperanto.

I sin bloggpost har Judith noko sjølvironisk kalla turen vår ei pilegrimsvandring. I år er det 150 år sidan Zamenhof vart fødd i byen Białystok, og i det høvet vart den 94. Universala Kongreso de Esperanto lagd dit. Familien Zamenhof budde i byen til 1873, då dei flytte til Warszawa.

Hotell

Warszawa-utsikt

Utsikt frå hotellromet

Warszawa var også vårt fyrste møte med Polen, seint på kvelden onsdag 22. juli. Drosjeturen frå flyplassen sette livet i perspektiv. Når sjåføren lynte seg veg gjennom fire felt, gjerne i 90 i 60-sona, samstundes som han bøygde seg ned mot høgre for å snakke i radio medan han smatt inn framom bilen til venstre for oss, så kom me i alle fall fort fram til hotellet. Resten av trafikken heldt tilsvarande fart, og var sjeldan lenger enn tre–fire meter unna.

Resepsjonen på hotellet informerte om at «because you are our special guest, we will give you a room with higher standards». Me vart dermed effektivt plasserte på minisuite med to rom i 21. etasje, to fjernsynsapparat, to telefonar, badekar, badekåpe, dobbelseng med dobbeldyne, sofa, lenestol, sånn der espressomaskin (det er sånn kaffi, det?) og fin utsikt over kulturpalasset og ei rundkøyring. Legg spesielt merke til hotell-lampeskjermen i nedre, høgre kant av kulturpalasset.

Romprisen som var slegen opp på innsida av døra, var avskrekkande nok, men me fekk våre tre netter der til førehandsavtalt pris, nauta billeg altså, og eg mistenkjer at det kanskje var ei overbooking i vår romkategori som var grunnen. Judith har ein annan hypotese. Ho tinga romet i namnet til «dr. Abrahamsen», og i dei lågare etasjane hadde hotellet akkurat innlosjert ein flokk av det yngre og meir lydkreative slaget som finare herremenn kanskje bør skånast for. Nja, eg held no framleis ein liten knapp på overbookinga.

Pilegrimsmål

Neste morgon sov me lenge. Svært lenge. Men klokka 12:34:27 registrerte GPS-loggaren at me stod utanfor hotellet, og ikkje så lenge etter åt me ein pizza på jarnbanestasjonen.

z-grav

Zamenhofs grav

Nasen vart deretter vend mot det som Judith kallar det fyrste pilegrimsmålet vårt: den jødiske gravplassen.

Dette skjedde til fots. Det er liksom så praktisk det, tenkte eg, til ei viss ergring for Judith. At denne transportmetoden skulle føre til store blemmer under føtene i resten av ferien, tenkte me ikkje så nøye på akkurat der og då, og for meg var det meir eit spørsmål om å «prøve ut» dei nye sandalane. Det kan ein gjerne kalle korttenkt.

Men me skulle altså til Cmentarz Żydowski, som det visstnok heiter på polsk. Den jødiske gravplassen i Warszawa er for folk flest kjend som ein jødisk gravplass. For oss er han derimot mest kjend som gravplassen der «La tombo» ligg. «La tombo» tyder ‘grava’ på esperanto, og det dreier seg om grava til L.L. Zamenhof.

Ja, for ærleg talt, er me fyrst på esperantotur til Polen, så kan me like gjerne dra han heilt ut.

Gravmonumentet er reist «av verdas esperantistar», og er ein helgen verdig (berre at Zamenhof ikkje var ein helgen, rykta skal jamvel ha det til at han var røykjar). Og der ligg altså Ludwik Zamenhof, sjølvaste Doktoro Esperanto, han som grunnla det språket som eg lærte som syttenåring. Trass i turistinstinkt med fotoapparat og videokamera kan ein tillate seg å tenkje på kven si grav ein no stod attmed, og kva den gamle doktoren har stelt i stand for så mange menneske.

Ulica Esperanto

Esperantogata

Dagen etter, fredag, vart det ny tur til grava for å ta betre bilete, og me tok sjølvsagt også turen til det andre pilegrimsmålet, Ulica Esperanto (Esperantogata), der det vart knipsa eit bilete av gatenamnet men ikkje av gata. I esperantokrinsar finst det tradisjonar for (les: ein hang til) å ta bilete av slike gateskilt, t.d. dei tilsvarande på Hamar og Elverum (ja, eg har bilete av dei òg), men for ekte esperantoturistar er det lite som kan måle seg med esperantogateskiltet berre nokre meter unna La tombo. I alle fall prinsipielt sett.

Vandring elles

gps-logg-20090723

GPS-logg torsdag 23. juli 2009

Allereie på heimvegen ettermiddagen før lærte me å bruke kollektivtrafikken i Warszawa, noko anna hadde me ikkje lenger føter til. Blemmene er allereie nemnde. Me hadde med oss gnagsårplaster, men for få. Heldigvis er det slik i Polen at dersom du lurer på kvar neste gatehjørne er, så ser du berre etter eit skilt som seier «Apteka». Vel, rett nok heng desse skilta også andre stader, men om det er apotek du treng og ikke eit gatehjørne, så gjer det ikkje noko. Apoteka ligg tettare enn gatehjørna, og dei har både gnagsårplaster og, som me fekk oppdage seinare på turen, myggmiddel.

Men å få kjøpt billett til kollektivtrafikken var ikkje lett. Postkontoret me fann, hadde billettar, men det var skralt med engelskkunnskapane, og ikkje snakka dei korkje tysk eller esperanto heller. Når me då ynskte oversikt over kva slags billettar som finst, og om dei kan brukast på både trikk, buss og metro (det kan dei), var det berre éi av dei tilsette som kunne nok engelsk, og det var berre så vidt.

Så er det sagt, det òg: Engelsk er ikkje eit så universelt internasjonalt språk som somme vil ha det til! (Det er ikkje esperanto heller, men pytt pytt.)

Fredag kom også fleire vener frå Trondheim Esperantoklubb til byen, og saman tok me turen til Kulturpalasset, og såg på det frå utsida.

Ein tur til restane av ghettomuren måtte me òg få med oss, adresse ul. Sienna 55. Desse restane ser du ikkje frå gata. Du må gå inn i bakgarden. Dette oppdaga me på ein nølande måte, men der inne vart me fort huka tak i av ein gutunge som vinka oss vidare innover til eit endå større murfragment.

Novotel

Hotellet vårt

På kvelden vandra me litt omkring og leitte etter ein stad å ete. Dei såre føtene og ein litt fuktig atmosfære gjorde at me enda opp på vårt eige hotell (Novotel Warszawa Centrum), og fann ut at me skulle prøve luksusrestauranten der. Det var luksus. Alle detaljane som me ikkje visste om, var på plass. Me vart tiltalte som «madam» og «sir» (i den rekkjefylgja), fekk to hors d’oeuvre utanom menyen, tre slags smør med grundig forklaring av innhaldet, ei stor flaske med vatn (i motsetnad til dei bittesmå tyrst-i-hel-flaskene som andre restaurantar trudde var symbol på luksus), vakkert dandert hovudrett og ein créme brûlée som kunne ta pusten frå ein. Kelnaren var nøyen med alle detaljar, alt frå å gå rundt bordet for leggje på plass kniven (i staden for å stå bak oss eller strekkje seg framfor oss) til å smile med både munn og augo, og til og med nekte å ta imot tips. (Han fekk likevel.)

Og der sat me, sveitte og forkomne i sommarkleda våre, og følte oss alt anna enn luskuriøse. Men sjølv dette klarte kelnaren å oversjå. Det var så flott at det nesten var flautt å ete der.

På desse to dagane i Warszawa lærte me oss elles fort å sjå på bilane kor lenge dei hadde stått parkerte. Dersom dei hadde stått nokre timar, låg det tjukke bunkar med strippeklubb-reklame under viskarane. Hadde dei stått berre i nokre minutt, var bunken tynnare. Fortaua var fulle av slike lappar (alltid med framsida opp), og det var vel Judith som kommenterte at heime i det liksom så sekulariserte Noreg ser me ikkje slikt. Her i det djupt katolske Polen, derimot…

Fru Judith har òg blogga om Warszawa. Eg skulle ynskje eg var like flink til å skrive som ho. Men eg er mektig stolt over å ha henne som kone. Klikk her for å lese bloggposten hennar.

I neste bloggpost om esperantoferda reiser me til Białystok.

– – –

[Esperantoferd 2009: 1. Warszawa2. Til Białystok3. Dei fyrste kongressdagane4. Zamenhofs fødeby5. Dei siste dagane6. Heim7. KortversjonenEpilog: Vandalar]

Read Full Post »