Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for august 9th, 2009

Munnleg eksamen

I Adressa 8. august føreslår studenttingsleiaren at munnlege eksamenar kan videofilmast, slik at sensuren kan etterprøvast og påklagast.

Eg er samd i at ein munnleg eksamen har sine veikskapar som alt anna, i dette tilfellet særleg akkurat det at sensuren ikkje kan etterprøvast. Tryggingssystemet pr. i dag går ut på å ha minst to fagpersonar til stades under eksamenen. Kandidaten har òg høve til å ta med seg observatørar (Universitets- og høgskulelova § 3-9 (3)). Eg har vore sensor på ein slik eksamen med fullt auditorium etter kandidatens ynske, og det var faktisk veldig hyggjeleg.

Desse sidene av munnleg-ordninga er trass alt mykje betre enn ved skriftleg eksamen, der faglærar som regel sit heilt åleine med bunken. (Merknad: Ved særleg svake kandidatar, men også i tvilstilfelle over heile karakterskalaen, plar eg rådføre meg med ein kollega.) Det finst også nyansar i dette, som at det faktisk er høve til ny munnleg eksamen dersom ein får medhald i klage på skriftleg del av ein eksamen som er sett saman av ein skriftleg og ein munnleg del (Universitets- og høgskulelova § 3-9 (5)).

Men ved ein reint munnleg sensur har ikkje studentane klagerett (anna enn på reint formelle feil), nettopp fordi det som skjer på eksamenen, ikkje kan dokumenterast etterpå (§ 5-3 (5)). Det som skjer på ein munnleg eksamen, finst ikkje lenger når eksamenen er over. Ser me bort frå kostnadene og at lova seier nei til klagerett på munnleg eksamen, kunne altså videofilming vere ein idé som gjerne kan vurderast.

Visse problem ville det likevel vere med dette, også om me ser bort frå at studentar (og sensorar!) ofte er meir nervøse på munnleg eksamen enn på skriftleg, og at videofilming vil kunne leggje ein ekstra dempar på spontaniteten, både hjå eksaminator/sensor og eksaminand.

Før eg går vidare, vil eg presisere at mesteparten (men ikkje alle) av mine røynsler som sensor eller eksaminator på munnleg eksamen er frå hovudfags- og seinare mastergradseksamenar (med i hovudsak tre sensorar/eksaminatorar). Dette er grunnlaget eg uttaler meg på no, så det eg seier, er ikkje naudsynleg allmenngyldig.

Før munnleg mastereksamen har eksaminator og sensorar snakka saman om styrkar og veikskapar i masteravhandlinga, og forsiktig landa på eit omtrentleg karakternivå. Ofte har dei ulike medlemmene i kommisjonen funne ulike styrkar og veikskapar.

Det som vert testa på munnleg, er på den eine sida knytt til det generelle fagområdet (og på masternivå: innhaldet i masteravhandlinga), på den andre sida vert det lagt vekt på kor godt dei akademiske ideala kjem til uttrykk (kritisk refleksjon, dokumenterbare analysar, sjølvstendig drøfting, sjå ting i samanheng osb.). Slikt er eksplisitt nemnt i karakterkriteria, uavhengig av eksamensform, i alle fall for dei faga som eg har kjennskap til.

Gjennom heile sensurprosessen på masternivå, både før og etter sjølve munnleg, vert sterke og svake sider haldne opp mot kvarandre. Som eit døme kan eg nemne ein eksamen der kandidaten på sett og vis hadde vore litt svak, men sensorane kom fram til at det var forsvarleg å leggje ein annan fagdisiplin (framleis relevant) til grunn for hovuddelen av vurderinga. Dermed skrudde me opp karakteren eit hakk. Sensurkommisjonar synest det er stas å gje gode karakterar. Eg har vore med på at munnleg har stadfest karakterar, og at munnleg har forbetra karakterar, men hittil ikkje at munnleg har drege karakteren nedover, sjølv om sikkert dette òg kan skje. På eit studieemne ein gong i tida der munnleg var einaste eksamensform, har eg òg vore med på å stryke folk. Dette er trist ved skriftleg sensur, og endå meir trasig å gjere andlet til andlet. Dette er ein ekstra grunn til at me så gjerne vil at det skal gå bra.

Videofilming av munnleg ville hatt sine fordelar, men òg sine nye ulemper, også om me ser bort frå dette med nervøsitet og spontanitet, som er nemnt over. Munnleg er jo pga. dialogforma ei vurderingsform med mykje improvisasjon. Ein klagekommisjon må ikkje berre vurdere korleis sjølve eksaminasjonen gjekk føre seg (skriftleg: oppgåveformuleringa; munnleg: dialogforma), men må også setje seg inn i alt det som ligg rundt: Vart t.d. kandidaten vurdert på rett grunnlag? Kvifor var spørsmåla som dei var? Ved skriftleg sensur har ein pensum og sensurrettleiinga å forhalde seg til, ved munnleg sensur vil ting alltid endre seg undervegs, og ein eventuell klagekommisjon vil trenge å vite slikt som umogeleg kan presiserast på førehand i ei sensurrettleiing.

Og samstundes har jo ikkje opphavleg eksamenskommisjon lov til å orientere klagekommisjonen om bakgrunnen for opphavleg karakter, altså om dei vurderingane som ligg rundt sjølve eksaminasjonen. Naturleg nok, for ein skal jo ikkje påverke ankeinstansen.

Såleis kan eit videoopptak av ein munnleg eksamen skape feil inntrykk av heilskapen i situasjonen, og gjerne på måtar som er til ulempe for kandidaten ved eventuell klage, dersom klage hadde vore mogeleg. Samstundes har dagens ordning heilt openbert sine veikskapar. På ei tredje side kan ein heller ikkje berre avskaffe ordninga med munnlege eksamenar, for dette er den einaste eksamensforma der kandidaten faktisk har høve til å gå i dialog med dei som set karakteren, og mange gonger er skriftleg eksamen også mindre eigna som vurderingsform. Som nemnt er det også fleire sensorar involverte ved munnleg enn ved skriftleg eksamen (med høve til å ta med seg publikum), slik at sensurprosessen er betre sikra der og då, men altså utan høve til klage.

Dermed er det heller ikkje berre snakk om manglande «politisk vilje fra ledelsen ved NTNU», slik studenttingsleiaren uttaler. I tillegg til lovparagrafen (vedteken av Stortinget, ikkje NTNU) som seier at munnleg prestasjon ikkje kan påklagast, er det også snakk om faktiske særtrekk ved eksamensform og sensurarbeid som er ulike for munnleg og skriftleg eksamen. Når studenttingsleiaren føreslår å bruke det videoutstyret som allereie finst ved universitetet, vil dessutan neste spørsmål vere om ein kan tillate seg å konfiskere videoutstyr som er innkjøpt av faglege grunnar rundt omkring, og dermed hindre folk i arbeidet sitt. Og kva med personvernet når me veit at eit gamalt, arkivert videoopptak kan identifisere folk direkte, til skilnad frå skriftlege eksamenar, der det berre finst eit kandidatnummer? Og dersom det er kandidaten sjølv som skal rå over opptaket, vil me då få folk som er viljuge til å stille som sensorar, med fare for å hamne på Youtube?

Ein kan truleg forbetre ordninga med munnleg sensur på fleire måtar, men neppe utan at det også har uynskte bieffektar (t.d. endå fleire sensorar, men då vert folk berre endå meir nervøse). Som regel finst det ikkje perfekte løysingar på noko her i livet, men forbetringar bør me alltid leite etter. Takk difor til studenttingsleiaren som tok opp dette viktige spørsmålet. Kanskje kan eit godt råd under dagens ordning vere å gjere studentane merksame på at munnleg eksaminasjon etter lova er offentleg, og at kandidaten difor kan ta med seg observatørar, slik at eventuelle dritsekk-sensorar (det er langt mellom dei!) kan få seg ein formell smekk etterpå. Alle kandidatar har òg rett til å få ei grunngjeving for karakteren, og ved munnleg sensur er det heller ikkje uvanleg å gje ei slik grunngjeving uoppmoda.

Read Full Post »