Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for august 11th, 2009

Utsikt frå toget

Utsikt frå toget

Me hadde kjøpt togbillettar til Białystok (uttale: [bja’wistok]) med avgang frå Warszawa laurdag 25. juli kl. 11.25. Det kunne me berre gløyme. Toget var så stappfullt at me ikkje gadd, det var trass alt meldt på over 1800 deltakarar på verdsesperantokongressen i Białystok, og det var openbert veldig mange av dei som hadde tenkt å ta tog dit. Perrongen hadde stort sett eitt språk, og det var esperanto.

Billettane våre hadde automatisk vorte til 2. klasse utan plassreservering (gyldige heile dagen), for me hadde ikkje vorte spurde om kva klasse me ville ha. Dette tok me som eit teikn på at kanskje alle hadde fått billettar til 2. klasse. Dermed var valet lett: Me oppgraderte til 1. klasse med plassreservering, og gjekk på toget kl. 14.15 i staden, fekk ein kupé for oss sjølve (med unntak av ei stakkars gamal dame som hadde sett seg på feil klasse og vart jaga ut av konduktøren), og kom som planlagt fram kl. 16.50, akkurat i tide til å svippe innom hotellet og deretter vende nasen i retning kongresslokalet for å få utdelt kongresspapira våre før kl. 18. Det ville vere ein fordel å rekke dette, for med namneskilt er det lettare å kome inn på arrangement der berre folk med nameskilt har tilgang.

(WordPress nektar å leggje inn lenkje i biletteksten. Klikk her for å sjå kvar GPS-loggaren seier at biletet frå toget vart teke kl. 16:03:58.)

Førre gong

Bialystok jarnbanestasjon

Białystok jarnbanestasjon

Eg har vore i Białystok før. Det var i 1993, på veg frå overnatting i Warszawa til baltiske esperantodagar i bygda Priekuļi i Latvia. Den gongen var eg berre på gjennomreise, og tenkte at eg ville i alle fall sjå på minnesmerka etter Zamenhof når eg fyrst var i området. Som eg skreiv i ein reisebrevserie i Sunnmørsposten etterpå, så er eg redd eg sjølv vart eit slags minnesmerke der, eller i alle fall ein turistattraksjon.

Saka var nemleg den at over perrongane i Białystok går det ei bru eller to. For å få meg til jarnbanestasjonen gjekk eg opp på den næraste brua og fylgde folkestraumen. Der borte kom eg meg inn i eit stort bygg med billettluker og tidstabellar for ulike avgangar over. Folk kunne ikkje noko språk som eg kunne, men etter litt om og men klarte eg å ringje til ein lokal esperantobrukar, som skulle kome og hente meg. «Stå akkurat der du står no,» sa han.

Og der vart eg ståande og vente. Klokka vart tre, ho vart fire, toget skulle gå klokka fem. Tolmodet mitt vart mindre, mykje mindre. Til slutt måtte eg berre prøve å finne meg ein billett vidare til Rīga på eiga hand.

Som sagt hadde eg språkproblem, men etter ei stund var det ein engelskkunnig person i køen som forbarma seg over meg, og som kunne tolke at det går ikkje nokon buss til Rīga i kveld, berre til Vilnius.

Buss? Eg skulle jo ta tog! «Men dette er bussterminalen,» sa hjelparen min, «jarnbanestasjonen er på den andre sida av sporet».

Så i 1993 fekk eg sett bussterminalen og jarnbanestasjonen i Białystok. I 2009 hadde eg med meg Judith, og visste at me skulle gå i ei anna retning. Denne gongen stogga forresten toget og vogna vår slik til at det berre var å gå rett over skjenegangen til jarnbanestasjonen og bort til næraste drosje.

Anonymt kongresslokale

Politechnika Białostocka

Politechnika Białostocka

I resten av denne bloggposten skal eg konsentrere meg om dei to fyrste dagane på kongressen (for det er nemleg slik fru Judith har tenkt å gjere det i sin bloggpost, nemleg, og eg er tøffel, så det så, og gjer som ho, ja).

Kvar var eg, jau eg skal skrive om kongressen.

For det fyrste måtte me finne kongressen. Kongressen skulle vere på Bjalistoka Politekniko, stod det i det me hadde fått tilsendt på førehand. Men i all verda, då, kunne me ikkje få vite namnet på kongresslokalet på polsk, slik at me visste kva me skulle seie til drosjesjåføren?

Dette er ein typisk esperantovane. Ein tenkjer liksom ikkje på å opplyse om adresser på det lokale språket. I annonsar har eg til og med sett postadresser av typen «poŝtkesto 617» (postboks 617), medan det heller burde stått noko mykje meir eksotisk. Ikkje for det, eg har også sett «post office box» på engelsk brukt i norske adresser. Og i Warszawa stod det opplyst i brosjyrane at ghettomuren finst i «55 Sienna Street», medan me eigentleg burde leite etter «ulica Sienna 55». OK, så er det ikkje typisk esperanto, det er berre typisk.

Ved å seie «politekniko» til drosjesjåføren kom me i alle fall fram til Politechnika Białostocka, men kvar var kongressen? Alt såg audt og mørkt ut. Hm, kunne me ha misforstått alt? Kanskje var det ikkje her likevel?

Drosja tok éin og ein halv runde rundt bygningsmassen, og me fann ingenting. Men det måtte vere her, håpte me. Og var det ikkje eit lite esperantoflagg me hadde sett langt der borte på ein vegg? Så me bestemte oss for å gå ut og ta sjansen. Der borte stod det nokre andre som hadde kome ut or ei anna drosje, me satsa på at dei kunne esperanto, og spurde: «Ĉu ĉi tie estas la kongresejo?» (Er det her kongresslokalet er?)

Det var det. Og på baksida av trappa der borte hang det ein lapp med teksten vend innover mot bygningane:


Kongresejo

Opp trappa gjekk me, og der var dei alle. Me hadde funne kongresslokalet, og med ein halvtimes margin fekk me utdelt kongresspapira ca. kl. 17.30.

Den fyrste kvelden

kabe

Kabe

Den fyrste kvelden er alltid sett av til registrering og «vert kjend»-kveld (Interkona vespero). Det vil seie, i år vart det ikkje nokon Interkona vespero med musikk og noko godt i glaset. Arrangementskomiteen hadde endra både på dette og, skulle det vise seg, mangt anna. Men møte folk kunne me jo likevel, slikt treng ein ikkje noko eige arrangement til.

Den tyske byen Darmstadt har ein norsk venskapsby som heiter Trondheim. Dette var grunnen til at esperantoklubben i Darmstadt tidlegare hadde teke kontakt med oss i Grupo Esperantista de Trondheim og avtalt med oss at kongressdeltakarane kunne møtast. I fyrste omgang ved oppslagstavlene klokka 19, slik at me kunne avtale eit seinare møte. Og slik vart det. Ein triveleg delegasjon med to damer og ein mann frå Darmstadt møtte ein triveleg delegasjon med fire menn og ei dame frå Trondheim, og avtalte å møtast neste kveld igjen, gjerne saman med endå ein mann med fartstid i trondheimsklubben.

På esperantokongressar av denne typen er alle lokala og salane oppkalla etter gamle esperantoheltar. Litt artig var det at årets kongress hadde eit auditorium som heitte Kabe, oppkalla etter Kazimierz «Kabe» Bein (1872–1959), ein profilert esperantopioner som sette viktige spor etter seg i det litterære språket. Det artige ligg i at Kabe i dag er mest kjend for å ha «kabeert» (esperanto: kabeis, i fortid). Det tyder at etter å ha vore ein aktiv esperantobrukar, så berre plutseleg slutta han med esperanto. Det skjedde i 1911, og namnet hans har altså gjeve namn til eit verb. Les meir om han på esperanto eller på engelsk.

Den største salen på ein Universala Kongreso, der dei store og viktige fellesarrangementa skjer, heiter alltid «Salono Zamenhof». Denne kvelden fauk eit par andre trondheimsborgarar forbi og sa at dei skulle på konsert med jødiske songar i Zamenhof klokka 20.00. Ja, det høyrdest jo interessant ut, så me òg vende nasen mot Zamenhof, som i år var eit stort telt på kongressområdet. Det fanst vel ikkje store nok forsamlingssalar på Politechnika Białostocka, som på engelsk heiter Białystok Technical University.

Der klokka lever sitt eige liv

dansarar

Ikkje ei songarinne

GPS-loggaren fortel at me fann vegen til teltet kl. 20:09:20, og der framme på scena var det nokre som dansa etter noko som for oss høyrdest ut som jødisk musikk. Men ein heil gjeng, skulle det ikkje berre vere ei songarinne, då? Hoi, der kom dansegjengen ned mellom publikum. Stor stemning, og… Hæ, var det slutt allereie? Det var sanneleg ein kort konsert til å vere sett opp med to timar. Kanskje teltet berre var reservert i to timar, men så var konserten mykje kortare?

Folk tok til å forlate Zamenhof, medan det kom noko på polsk i høgtalarane. Sjølv sat me der og visste ikkje heilt kva me skulle gjere. Men ein esperantist kan alltid be ein annan esperantist om råd, i alle fall på slike sosiale samankomstar som dette. Så då ei dame med ordet «Pollando» under namnet på namneskiltet gjekk forbi, sa me «pardonu», og spurde om kva som hadde vorte sagt på polsk.

Jau, fekk me vite, om få minutt skulle det verte konsert med jødiske songar, fortalde den hyggjelege dama.

Aha. Konserten var altså forseinka.

Det skulle sidan vise seg at dette var normalen heller enn unntaket. Det meste som fanst av slike kulturarrangement, varte mykje lenger enn den oppsette tida, som oftast pga. tjue ekstranummer, og dermed vart neste arrangement forseinka. Legg til tjue ekstranummer også på dei forseinka arrangementa, og du har ein situasjon der det er uråd å planleggje noko som helst, aller minst det å få i seg mat i høveleg tid før ein legg seg.

Men no vart det altså konsert med Irena Urbańska, som framførde jødiske songar så heilt meisterleg, rett nok ein halvtime forseinka, men med ein pianist som òg hadde medverka i filmen «Schindlers liste».

På denne konserten møtte me forresten att Kalle frå Estland, som hadde vore også i bryllaupet til bror min då han gifte seg for to år sidan. Bror min kan ikkje esperanto, det kan heller ikkje kona hans, men Kalle kan!

Opninga

Sundag 26. juli var det høgtidleg opning (solena inaŭguro) i Salono Zamenhof. Eigentleg klokka 10.00, men me kom jo ikkje i gang før nokre minutt etter. Opningsarrangementet inneheld alltid mange talar og ord, helsingar frå fjern og nær, og i år også ei prisutdeling.

studiopiosenki1

Louis Zaleski-Zamenhof sitjande til venstre

I år som mange andre år var også Louis-Christophe Zaleski-Zamenhof til stades. Han er det næraste ein kjem ein «kongeleg kjendis» i Esperantoland: Han har ikkje noko formelt verv, og ynskjer heller ikkje å ha noko å seie i esperantorørsla. Men han er æresmedlem i verdsesperantoforbundet UEA og æresborgar av Białystok, og ikkje minst: Bestefaren heitte Ludwik L. Zamenhof. Så dette er ein som mange vil ha ein bit av, og han stiller høfleg opp for å verte fotografert saman med kven det måtte vere, sjølv om mange bilete vert tekne utan at han veit det (men det veit han vel). Jau då, ein gong i tida har eg òg heilt «tilfeldig» teke eit bilete av han utan at han visste det. Mannen er då kjendis, og då kriblar det i amatørpaparazzifingeren. Zamenhof junior byrjar å dra på åra no (84 i år), men hadde med seg ein representant for neste generasjon, og begge to stod på podiet etter tur og helste frå familien Zamenhof. Det vart ikkje noko betre bilete på meg i år enn der me ser bakhovudet på han oppe på podiet, men Judith tok eit bilete frå storskjermen under opninga, som ho presenterer i sin bloggpost.

Białostockie Studio Piosenki

Białostockie Studio Piosenki snudde seg også mot oss på podiet.

Eit langt stykke ute i arrangementet var det tid for avveksling frå talane, og det var lagt inn ein konsert med Białostockie Studio Piosenki, som song for oss på esperanto. Det var ein sjarmerande gjeng, og kjempeflinke var dei òg. Etter den fyrste songen song dei ein song til. Og så kom ein tredje song. Og deretter kom det ein fjerde song. Og etter denne kom det endå ein song, og…

Dette viste seg å vere eit fenomen som skulle gjenta seg heile veka, og me hadde jo allereie fått ein smakebit av det kvelden før: Den lokale arrangementskomiteen hadde lagt inn kunstnarlege innslag som som regel varte noko lenger enn publikum var budde på.

Opningsarrangementet inneheld alltid mange talar og helsingar. For somme er det stor høgtid, for andre er det berre keisamt. Keisamt var det i alle fall å sitje utan Judith. Judith sat nemleg i salen saman med publikum, medan eg sat på podiet saman med ein flokk andre «landaj salutantoj» som skulle helse kongressen frå sine respektive land. Typisk for den seansen er at helsarane tradisjonelt har vorte bedne om å bruke maksimalt eitt verb, likevel frykta me på grunnlag av lang røynsle at dei fleste ville seie noko à la dette:

Karaj samideanoj! (Kjære meiningsfellar!) Eg representerer Landland, eit land som er prega av mange politiske parti og mange språk, både innfødde språk og framandspråk som me lærer på skulen. Den 94. Universala Kongreso de Esperanto er lagd til L.L. Zamenhofs fødeby, og det er noko ekstra symbolsk over dette. Her var det Zamenhof oppdaga kor viktig det er å snakke saman, og her vart ideen om esperanto sådd. Det er i år 150 år sidan Zamenhof vart fødd. På vegner av Landlands esperantolaug har eg den store ære og glede å få lov til å helse den 94. Universala Kongreso de Esperanto. Lat oss nyte kongressen, gå på konsertane og føredraga, og lat oss snakke med kvarandre og verte gode vener. Til neste år skal Landland arrangere eit stort esperantotreff, og alle er velkomne dit. Påmeldingsblankett ligg på http://www.landland-esperanto.zz, hugs bindestrek og punktum på rett plass i nettadressa.

Mulipliser dette med dei 61 landa som var representerte, og ein skjønar kvifor me såg fram til opninga med hjarto fulle av keisemd allereie på førehand. Eg har hatt for vane å protestere mot slike uvanar ved berre å seie «saluton el Norvegio» (hei frå Noreg), og det har brukt å vere populært.

I år måtte fordommane våre vike! Helsarane fekk beskjed om å vere kortfatta (som vanleg), og helst berre seie «gode ynske om fred» eller noko sånt til kongressdeltakarane, og då på våre eigne språk. «Me veit allereie at me er i Białystok, at Zamenhof vart fødd her for 150 år sidan, og at dette er den 94 Universala Kongreso. De treng ikkje å seie dette!» Dette var ei presisering som verkeleg hadde effekt.

saluto

Judith rakk å ta bilete då eg hadde helst ferdig og var på veg bort. Bak ventar New Zealand.

Formaninga måtte rett nok gjentakast nokre gonger før helsarane fekk det med seg (så me fekk altså eit par helsingar av den frykta typen likevel), men til vår store glede klarte  dei fleste helsarane å vere svært så kortfatta. Dette var ei ny og hyggjeleg oppleving! Sjølv nekta eg også å seie så mykje som tre ord om fred på norsk. Eg sa: «Samlingvanoj! Saluton!»

Det tyder «språkfellar, hei». Fyrste del av helsinga mi var òg ein liten protest. For det er då sanneleg ikkje ideologi eller meiningar som bind saman oss esperantobrukarar (sjølv om det kanskje var det i 1887). Det er språket.

Opninga var over tjue minutt forseinka (me skulle ha slutta kl. 12), og esperantohymnen «La Espero» (Håpet) vart avsungen, tradisjonen tru. Denne gongen vart den høgtidlege songen modulert før siste strofe.

Fotografering

Etter opninga var det tillyst fellesfotografering kl. 12.00 på scena utanfor Zamenhof-teltet. No var klokka altså 12.20. På førehand hadde me smilt håpefullt av planane om fellesfotografering. Slikt er jo eit stilig tiltak som ein ikkje møter for ofte i våre dagar, og som så absolutt høver seg på ein 150-årskongress. Men esperantobrukarar er ofte store individualistar, så me såg føre oss 1800 individualistar som alle ville insistere på å ta ein snartur ut av flokken for å ta eit bilete med sitt eige fotoapparat. Skulle dette gå bra, måtte dei arrangere det med takt og mynde.

Det gjorde dei ikkje.

For det fyrste hadde fellesfotograferinga vorte flytta pga. dårleg vêr. Rett nok var det fint vêr den dagen. Noka scene der ute fanst ikkje same kva, så det var sikkert greitt at fotograferinga var flytta. Ei beskjed om fotograferinga vart gjeven etter at folk hadde byrja å forlate teltet, så den beskjeda var det ingen som høyrde, og dermed visste ingen kvar me skulle fotograferast.

fellesfotografering

Fellesfotografering

Nærare ein time forseinka dukka det likevel opp ein stigebil utanfor Zamenhof-teltet, med to fotografar i korga. Dei klarte å samle kanskje eit par hundre av dei til saman 1860 påmelde deltakarane. Resten hadde funne vegen til dei mange føredraga, eller hadde berre gjeve opp å finne nokon fotograf. Ja ja.

I neste bloggpost om esperantoferda skal eg fortelje om andre saker og ting som skjedde på kongressen: feiande konsertar, interessante føredrag og kanskje meir til.

Førre bloggposten min om esperantoferda finn du her. Judiths bloggpost om kongresstarten kan du lese her.

– – –

[Esperantoferd 2009: 1. Warszawa2. Til Białystok3. Dei fyrste kongressdagane4. Zamenhofs fødeby5. Dei siste dagane6. Heim7. KortversjonenEpilog: Vandalar]

Read Full Post »