Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for august 21st, 2009

I førre bloggpost om esperantoferda 2009 fortalde eg om turen til Białystok og om opningsarrangementet. Mellom anna fortalde eg at eg var veldig kortfatta då eg skulle helse på vegner av Noreg. Tenk om eg hadde klart å vere kortfatta også her i bloggen, då ville eg kanskje hatt lesarar som las heile bloggposten. Men nei då. I denne bloggposten skal eg fortelje om sundagskvelden, måndag og tysdag.

Optimalitetsteori

nicolau

Eit litt uskarpt bilete av gjennomgangen av ein akustisk-fonetisk analyse

Allereie sundagen, den 26. juli, byrja ein førelesingsserie i tre delar, stappfull av fonetikk, fonologi og optimalitetsteoretiske analysar av måten som morsmåla til esperantobrukarane påverkar esperantoen deira på (altså «feil» uttale, for å seie det folkeleg). Nicolau Dols Salas er kanskje den fyrste på ein slik kongress som har brukt Praat til akustiske analysar av legendariske esperantobrukarar, og kanskje den fyrste som har teikna OT-tablå på tavla.

Kanskje vart det litt høgtsvevande for nokre av tilhøyrarane. Hugs, dei fleste esperantobrukarar som veit noko om fonologi, er strukturalistar, utan at dei naudsynleg veit at det er det det heiter. På den siste samlinga (som var på torsdagen) var det jamvel ein svenske som kom i skade for å sovne (ja, han snorka). Eg skal ikkje nemne namn. Men min sluttrespons til kurshaldaren var at dette hadde vore ein veldig artig presentasjon. Sjølv Judith, som kjenner OT berre frå sofapludringa mi, forstod det som vart sagt. Når det faglege nivået samstundes var heilt forsvarleg (berre med eit par pedagogiske forenklingar, og det er jo tillate), så seier det ein del.

Og til studentane mine: Weight to Stress » Align (Ft, ω, Rt) er ikkje rett rangering om de vil snakke normert esperanto.

Nacia Vespero

Kulturprogrammet var så fullstappa på denne kongressen at det taut ut i endane med mange parallelle arrangement. Det var imponerande mykje å ta seg til. Nacia Vespero (nasjonal kveld) er alltid same dag som opninga, i år altså sundag 26. juli. På det arrangementet får vertslandet presentere seg, og alle plar sjå fram til det.

cantio polonica

Cantio Polonica

På kongressen i Białystok opna Nacia Vespero med blokkfløyteensemblet Cantio Polonica med renessansemusikk og dans. Som ein ser på biletet, var det svært unge musikarar, og dei imponerte storleg. Dei unge jentene der (og den unge guten) vart forresten sjølve sterkt sjarmerte av ein japanar i publikum som hadde open gylf og som viste dei fløyta si. Eg snakkar no heilt bokstavleg. Han hadde gløymt å ordne buksa si, utan at det vart skandale av det. Og så hadde han med seg blokkfløyta si. Den fløyta må ha vore veldig spesiell, for dei unge fløytespelarane flokka seg rundt han både før Nacia Vespero (altså etter generalprøva) og etter at dei var ferdige med det førti minutt lange innslaget sitt.

Vidare på Nacia Vespero vart det folkedans med folk i folkedrakter, akkompagnerte av feler, trekkspel, treblåsarar og trommer. Det var fengjande musikk! I førti minutt i strekk. Etter desse var det ein flokk med talentfulle born som dansa så lystig til moderne, altså engelskspråkleg, musikk med tekstar som passar for den aldersgruppa: «You’re way too beautiful girl, that’s why it’ll never work. You had me suicidal, suicidal when you say it’s over.» Jepp.

Etter dei kom det nokre som framførte ein slags eksperimentell ballett om folk som til slutt alle døydde, med musikk som var endå meir moderne. Deretter var det ei moderne dansegruppe (med hiphop og annan dunkdunk) som er veldig kjende i Polen no etter at dei har gjort det stort i TV-programmet You Can Dance. Til slutt fekk me ein full konsert med dei glade songarane som me allereie hadde møtt på opninga, med reprise av alt det dei hadde servert oss under opninga tidlegare på dag (med unntak av hymnen).

Men kvifor så himla mykje dans? På eitt eller anna seint tidspunkt fekk me forklaringa at Białystok er Polens dansehovudstad. Men neste dag snakka alle om at dette vart for mykje av det gode. For jau, artistane var kjempeflinke (sjølv om den tilhardnande musikkstilen etter kvart bomma på store delar av publikum), men for fyrste gong på alle mine kongressar (1991, 1992, 1995, 1999, 2003, 2005, 2009) opplevde eg at publikum forlét salen lenge før Nacia Vespero var slutt. Det vart rett og slett for mykje med fem fulle danseførestellingar og ein korkonsert. Men som Judith skriv i sin bloggpost, låg det positive i at det trass alt var ein del variasjon i uttrykket, om enn kvar delførestelling gjerne kunne ha vore mykje mindre omfattande: fire nummer pr. gruppe i staden for fjorten hadde vore tingen.

For oss frå Trondheim enda kvelden godt, med vin (vatn til meg) og saltstenger og sjokolade og hyggjeleg lag utanfor kongresslokalet saman med folk frå venskapsbyen Darmstadt og frå deira nederlandske venskapsby igjen.

Omsetjing

«Kleriga lundo» (Utdannande måndag, Opplysings-måndag) på måndag føremiddag hadde massevis av utdannande og fagleg orienterte seminar om alt frå å hovudrekning til kulturelle referanserammer i esperantomiljøet. Me gjekk på eit seminar med tittelen «Ĉu vi iĝus oficiala tradukisto pri Esperanto? Testu vian tradukkapablon!» (Kunne du ha vorte offisiell esperanto-omsetjar? Test omsetjarevna di!) Førehandsomtalen sa, i mi omsetjing til norsk:

Tenk deg at esperanto vart offisielt EU-språk. Då må ein omsetje tekstar til esperanto frå alle fagfelt der EU har ei rolle. Saman skal me gjere slikt praktisk arbeid, i lag med Brian Moon og István Ertl, profesjonelle omsetjarar ved EU, og etterpå trekkjer me terminologiske og språkpolitiske konklusjonar.

Saka er nemleg at ein heil del svært glødande esperantobrukarar ivrar for å få innført esperanto som «bruspråk» i EU. Men fyrst ei lita avsporing:

Omsetjingsseminaret, med tavla full av offisielle EU-språk

I EU er det i dag mange språk med offisiell status (bra for demokratiet), men somme språk er meir offisielle enn andre, og framfor alt vert engelsk brukt. Dette er sjølvsagt noko urettvist, og gjev i realiteten betre vilkår til dei som kan engelsk kjempebra (t.d. som morsmål), enn til dei som ikkje kan det. Noko av poenget med esperanto då det vart lansert i 1887, var at det skulle vere eit språk som ikkje nokon skal eige meir enn andre, det skal vere eit «nøytralt» språk i politisk samanheng. Difor er det ein del esperantobrukarar i dag som ivrar for å få innført esperanto som offisielt språk i EU, for det er politisk nøytralt, og ingen eig det meir enn andre. Dermed er det meir rettvist enn om dei engelskspråklege skal få ha alle fordelane åleine. Problemet med dette er sjølvsagt at dersom esperanto vert offisielt EU-språk, vil det i realiteten verte «EUs språk», og dermed vil det i ein verdssamanheng vere nokon (EU) som eig det meir enn andre, og språket er ikkje lenger «nøytralt». Lat oss kalle det å bite seg sjølv i den ideologiske halen.

Dette var ei lita avsporing, men det er ein viktig del av bakgrunnen for det som kjem no. Mange av dei mest glødande esperantobrukarane ivrar altså for esperanto som «bruspråk» i EU: I staden for å bruke pengar på å omsetje mellom alle EU-språka i alle retningar kan ein omsetje til esperanto og vidare til neste språk. Sverige treng dermed berre esperantokunnige folk, ikkje folk som kan tysk, fransk, italiensk, portugisisk, maltesisk osb.

Ideen er besnærande og ser fin ut på papiret, og tanken er sjølvsagt eigentleg at på denne måten kan esperanto verte eit stort og viktig språk i regi av EU.

Korleis var det så i praksis å omsetje frå eit kjent språk til esperanto, og ikkje eingong vidare? Var det lett, trur du? Hehe, me vart ikkje eingong ferdige med det fyrste avsnittet. Teksten i denne øvinga var ei pressemelding om miljøvern. Judith og eg valde oss den danske versjonen, som altså skulle omsetjast til esperanto, men sidan det ikkje fanst danskar der, sette me oss saman med svenskane.

Me oppdaga fort at allereie her var den danske og den svenske teksten forskjellige. Det skulle me vel eigentleg ikkje ha oppdaga, for det var ikkje del av øvinga. Men me forstod etter kvart kvifor ei direkte omsetjing frå (truleg) engelsk til svensk kunne verte heller ulik ei direkte omsetjing frå det same originalspråket til dansk.

For sjølv ei direkte omsetjing mellom to språk er vanskeleg nok: Vil ein i den konkrete samanhengen (der me omsette frå dansk/svensk til esperanto) «pritaksi» (evaluere), «interpreti» (tolke) eller «prognozi» (prognostisere) noko, når den danske versjonen seier «vurdere de fremtidige udviklingstendenser»? Kva ligg i ordet «vurdere» i den samanhengen? Den svenske versjonen sa til samanlikning «tyda framtida utveckling».

Implisitt (men ikkje nemnt med eitt ord på seminaret): Kor god og kor nøyaktig vert omsetjinga dersom ho skal gå i to steg? Når den som omset vidare frå bruspråket kanskje ikkje eingong kjenner originalspråket og har høve til å leite etter bodskapen ved å samanlikne med originalen? Her i denne gruppa kunne me i det minste samanlikne dansk og svensk.

Diaspora

dansande førelesar

Dansande sosiolingvist

Ein diaspora er det når ei folkegruppe bur spreidd omkring utanfor heimlandet sitt, t.d. jødane. Diasporaanalogien haltar litt når ein snakkar om esperanto, men har òg noko føre seg med tanke på felles historiske referanserammer, felles språk (til skilnad frå den jødiske diasporaen) og felles kulturelle referanserammer, t.d. visse forfattarar og musikkgrupper.

Dette handla den eine førelesinga på kongressuniversitetet om på måndag, med mitt gamle fag sosiolingvistikk på timeplanen. I alle fall det som fanst av fag innimellom alle jødevitsane. Føredragshaldaren, Tsvi Sadan, var nykonvertert jøde frå Japan, og avslutta med å danse ein jødisk dans for oss. Som med optimalitetsteorien var det også her to oppfylgingsseminar, og også her var det mogeleg å ta eksamen i regi av vitskapsakademiet i San Marino (AIS). Korleis eventuelle kandidatar fekk det til, torer eg ikkje å lure på eingong.

For det fyrste oppfylgingsseminaret, som var på tysdag, gjekk med til å orientere tilhøyrarane om jødedom, her medrekna at føredragshaldaren i realiteten hevda monopol på kva det går ut på å ta religionen sin på alvor. Og sidan eg interesserer meg også for religionar, var også dette kjempeinteressant: Me fekk vite ein heil del om korleis det er å konvertere til jødedom («kom tilbake om eit år»), og korleis ein må lyde reglane i Guds lov, medrekna dei mange tilleggsreglane som detaljregulerer dagleglivet heilt ned til om ein kan rive sundt eit papirark på laurdagar eller ikkje. Me fekk også vite at ein gjerne bør vere på den trygge sida dersom ein er i tvil om ein regel er oppfylt, t.d. feire sabbat to dagar dersom ein er i tvil om tidssona, osb. Sjølv bruker føredragshaldaren kippa konstant, berre for å vere på den trygge sida, sånn i tilfelle han kjem ut for ein situasjon der hovudet etter Guds lov må dekkjast til. (I mangel av noko så praktisk som kippa kan ein også bruke papir, si eiga hand eller noko anna.) Me fekk også høyre mange jødevitsar frå jødisk hald (det var mange jødar til stades, og dei hadde ein god porsjon sjølvironi), men sosiolingvistikk var det altså ikkje, og stort sett snakka alle i munnen på kvarandre. Les Judiths skildring av denne seansen, seier eg berre.

Det var veldig hyggjeleg og interessant, men me gjekk ikkje på den siste samlinga i serien.

Måndagskonsertar

carina-natasha-jhomart

Carina, Nataŝa og Ĵomart

Dei store kjendisane i Esperantujo (Esperantoland) hadde god rutine både på å avgrense seg i tid og på å variere programmet. Og av kjendisar er det for min del Ĵomart og Nataŝa som ragar høgst. Deira musikk vart eg kjend med då Universala Kongreso vart lagd til Bergen i 1991 med 2400 deltakarar. Visene deira fekk i år delvis fylgje av dottera Carina. Og medan nettavisa Libera Folio korrekt påpeiker at Zamenhof-teltet (hovudforsamlingssalen) mangla skikkeleg akustikk, og at det var for stor avstand mellom publikum og scena (fordi det skulle vere kongressball der på måndagskvelden like etter konserten), vil eg leggje til at kvaliteten på musikken deira kan vege opp for dei fleste dårlege forhold. [Youtube.] Publikum kan tekstane og melodiane, og eg kunne mime til fru Judith at… nei forresten, det seier eg ikkje. 🙂

Ei lita stund var me på ballet, før me utpå kvelden tok føtene fatt og gjekk til bytorget, der Białystok-filharmonien, operakoret og solistar framførte ein del esperantosongar (med tekstar av William Auld) og til slutt fjerde sats frå Beethovens niande, også denne på esperanto. Flott stemning med polakkar og esperantofolk, og med konferansierar som snakka både polsk og esperanto. Og sidan Judith nemner at eg filma litt med mobilkameraet, kan eg jo leggje ut opptaket her:

Mygg

klezmer-konsert

Chanajki Klezmer Band

Tysdagskvelden sikta me oss inn på ein 45 minutt lang klezmer-konsert i Zamenhof-teltet kl. 20.00–20.45, etterfylgd av eldteater utanfor teltet klokka 21.00.

Ettersom klezmer-konserten starta kl. 20.30, ein halvtime forseinka pga. førre arrangement, måtte me forlate dei svingande, austaskenasiske rytmene eit kvarter før tida for å nå eldteateret. Der ute var det massevis av hissig, polsk mygg. Og tida gjekk. Etter 45 fullførte minutt med konsert kl. 21.15 var det framleis ikkje eldteater, og etter ei stund fekk me vite at me måtte nok vente på at konserten skulle ta slutt, slik at alle kunne få med seg eldteateret.

Myggen var som sagt hissig, og stemninga var ikkje lenger på topp. Ein tyskar i nærleiken utbraut: «Ho ve! Tiuj kuloj! Tiuj polaj kuloj! Ili estas fikuloj!» Då lo me godt. For det tyder: «Æsj, fy! Desse myggane! Desse polske myggane! Dei er…» Ordet «fikuloj» er høgst tvitydig. Det kan tyde «hersens myggar», oppbygt av avleiingsformativen fi- (hersens), rota kul (mygg), ordklassemarkøren o (som markerer substantiv, og som dermed er obligatorisk i alle substantiv) og fleirtalsendinga j. Men ein fikulo (her altså i fleirtal, fikuloj) kan også vere ein person (ul er avleiingsformativ à la ing i norsk dumming, kloking) som er mest oppteken med å fiki. Hakket sterkare ein ein forfikulo, som eigentleg er eit saksedyr (lat. forficula), men som i folkeleg esperanto rett og slett kan omsetjast til engelsk med ein som skal fuck off, ut ifrå oppbyginga for (bort) + fik + ul + o. Og då har eg vel sagt nok om den saka.

Den etter planen 45 minutt lange konserten var ferdig kl. 21.45, ein time etter planen, med ein halvtime med ekstranummer i tillegg til den like store forseinkinga. Då hadde myggen ete opp dei fleste av oss som hadde passa tida og som framleis gadd å vente (nokre hadde byrja å gå). Men me som heldt ut, angrar ikkje, der me stod fremst mellom publikum:

Eldteateret var Tolkien-inspirert (til dels også med slik musikk). Eldjentene og eldgutane gjekk rundt med alveøyro der dei sjonglerte med eldkulene sine, slukte eld, pusta eld, det hang lykter omkring, elles var det stupmørkt, og me rygga litt då dei kom mot oss med bestemt blikk og bles eld ut or munnane sine så me kjende varmen berre ein meter unna.

Sidan fann eg fire myggstikk på fingrane på venstre hand, eitt myggstikk på tilhøyrande handledd, eitt stikk i andletet, og i tillegg litt på høgre hand. Heldigvis hadde eg hatt på meg langbukser. Mygg var det over heile byen, og apotekarane sa at det var ekstremår i år.

Judiths bloggpost om dei same dagane finn du her. I neste bloggpost om esperantoferda er det onsdag og fridag på kongressen.

– – –

[Esperantoferd 2009: 1. Warszawa2. Til Białystok3. Dei fyrste kongressdagane4. Zamenhofs fødeby5. Dei siste dagane6. Heim7. KortversjonenEpilog: Vandalar]

Read Full Post »