Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for august 24th, 2009

Hotellet til høgre, jarnbanestasjon og bussterminal nede til venstre

Universala Kongreso de Esperanto er eit fenomen som opptrer ein gong i året, og denne gongen altså i Białystok i Polen. Kvar dag er det halvdagsutflukter hit og dit for dei som vil bruke pengar på det, og som har tid, og på onsdagen i kongressveka er alt anna program avlyst til ære for heildagsutflukter. I år kunne deltakarane velje mellom seks heildagsutflukter, m.a. tur langs elva Bug og nærkontakt med Europas siste urskog, Białowieża-skogen, landet til den europeiske bisonen.

Men me fór ikkje på utflukt. Ikkje på denne måten. Trass i vassblemmer under føtene laga me vår eiga utflukt til fots omkring i Białystok, byen der helten vart fødd i 1859. GPS-loggaren tok opp ruta, som du kan sjå på kartet. Eg har nemnt loggaren før, og han høyrest jo ut som eit leikety. Men grunnen til at me hadde med oss GPS-loggar, var at me etterpå kunne geotagge bileta, slik at det berre er å klikke på ein knapp, så ser ein kvar i verda me var då me fotograferte (hugs berre å stille kameraklokka heilt nøyaktig på sekundet før fotografering). Innandørs vert loggaren fort unøyaktig, så sporet på kartet er ikkje heilt rett.

Jiddisch

Me fekk oppleve ei språkleg snadderhending, eller kanskje storhending, etter at me hadde spasert til ein benk utanfor domkyrkja. Ein litt eldre mann kom bort til oss og sa noko på polsk. Eg svarte: «Deutsch? English? Esperanto?» Han skjøna korleis det var fatt, og sa: «Nie farshtein?» Dette kunne eg stadfeste: «Nie farshtein.»

Eg har aldri lært jiddisch, men dette forstod eg: «Nie» (eller «nje», om me skulle ha stava det på norsk) er openbert henta frå polsk, og tyder ‘ikkje’. «Farshtein» liknar på tysk «versthehen», og tyder ‘forstå’. Eg høyrde det som «forshtein», men torer ikkje vedde på at den trykklette vokalen faktisk var uredusert, så her held eg meg til den rettskrivinga som Olve Utne bruker i si Jiddisch-norsk ordliste.

Eg levde lenge på denne opplevinga. Det er ikkje kvar dag ein vert tilsnakka på jiddisch på gata!

Eit barn er født i Białystok

zamenhofgateskiltMe hadde tidlegare vore på Zamenhofs grav i Warszawa. No nærma me oss den motsette enden av livet hans: Zamenhofs fødestad. Vegen gjekk via ul. Ludwika Zamenhofa, der me sjølvsagt tok eit bilete av oss sjølve framfor gateskiltet med nokre utearbeidande handverkarar som publikum. Dei såg rart på oss, som venteleg var. Etter fotoseansen gjekk me vidare mot… «En la mondon venis nova sento!» gjalla det bak oss med kor og fullt orkester. Me bråsnudde og nærast sprang på blemmene våre forbi dei utearbeidande handverkarane igjen og mot hymnen. Var det utekonsert? Dette var jo like ved bytorget, kanskje det skjedde noko der.

Fasaden til Zamenhofs fødehus

Plutseleg slutta musikken, me kika forvirra til alle kantar, og frå ein høgtalar på ein utekafé sa dei noko på polsk om esperanto. Åh. Det var radioen som hadde sendt fyrste strofe av La Espero, og no var det slutt. Bah, esperantofolk på tur, er me ikkje sære nok når me er heime, er me i alle fall sære nok som turistar. Då me passerte Zamenhof-gateskiltet for tredje gong, passa eg godt på å ikkje sjekke andletsuttrykka til handverkarane.

Men det passa fint med La Espero no, for der i enden av Zamenhof-gata (me måtte berre snu igjen fyrst) stod Zamenhofs fødestad. Og for å gjenta for nye lesarar:

Ludwik Zamenhof (1859–1917) var mannen som grunnla språket esperanto i 1887. Han vart fødd i Białystok i det som i dag ligg i det nordaustlege Polen, og i 2009 er det 150 år sidan 1859. Dette er grunnen til at den 94. Universala Kongreso de Esperanto (korkorta: UK) i 2009 vart lagd nettopp til Białystok, og 104 år etter den fyrste UK i 1905 var dette også fyrste gong at UK fann stad i den byen. Familien Zamenhof flytte til Warszawa i 1873, same året som Ludwik seinare fylte 14.

uk4-z-hus

Judith tok bilete av at Jardar tok bilete av at nokon hadde måla bilete på veggen til det huset som står der det huset som stod der før, ikkje lenger står.

Huset som Zamenhof vart fødd i, står der ikkje lenger, men ei bustadblokk på same stad har ein plakett, og attmed står ei turisttavle med bilete av det opphavlege huset. Det vil seie, biletet på turisttavla (her attgjeve med eit bilete som er henta frå La Ondo) er av den delen av huset som vende ut mot gata, Ludwik Zamenhof var frå bakgarden, som ikkje såg like fasjonabel ut. Men for esperantoturistar er både bustadblokk med plakett og turisttavle med feil husbilete heilt i orden. Det viktige er å ha vore der med fotoapparatet sitt.

Og likevel: Når ein tek vare på barndomsheimane til diverse kunstnarar rundt omkring i verda, så kunne ein kanskje ha venta at også fødestaden til ein språkgrunnleggjar kunne ha vorte teke vare på. Wikipedia fortel på esperanto at det gamle trehuset stod i det som på den tida var Zielona 6. Bydelen hadde hovudsakleg jødisk busetnad, men elles var det både kviterussarar, polakkar, litauarar, russarar og tyskarar der. Det noko anspente forholdet mellom desse folkegruppene gjorde så sterkt inntrykk på tiåringen Ludwik at han skreiv eit drama i fem akter om Babels tårn, og sidan arbeidde han mykje med å forbetre forholdet mellom folk, m.a. som me veit ved å grunnleggje språket esperanto.

Eit lite apropos frå Jardar: Noko mindre kjent er at Zamenhof også arbeidde med ein livssynsideologi som heitte homaranismo ‘menneskeætt-tilhengjar-isme’, som ikkje var ein religion, men som var ei samling med prinsipp for korleis ein kunne leve saman her i denne verda. Prinsippa samanfattar den gode viljen som ligg i oss alle uavhengig av religion, etnisitet osb., så når svensk Wikipedia pr. 22. august 2009 seier at «Homaranismo är namnet på en sorts religion eller medmänsklighetslära», så ville eg nok ha sløyfa sekvensen «religion eller».

uk4-veggmaleri

Tilbake til Wikipedia-artikkelen om Zamenhofs fødehus, som eg gjenfortel på norsk ettersom det sikkert er mange av lesarane som ikkje kan esperanto: Det var ekteparet Ciechanowski som åtte huset, og familien på Zamenhof (to foreldre og seks born) leigde tre små rom. Familien flytte altså sidan til Warszawa, Ludwik Zamenhof døydde i 1917, og heime i Białystok stod det gamle huset til forfalls. Men takka vere esperantopioneren Jakub Szapiro vart gata omdøypt frå Zielona til Zamenhofa i 1919. Ein ville også gjerne ære Zamenhof med ein plakett på husveggen, men prosjektet kom aldri i hamn. Ikkje før i 1927 kom det ein slik minneplakett, takka vere byadministrasjonen, ikkje esperantistane.

Vidare heiter det i Wikipedia-artikkelen at det var fleire esperantoturistar (omtalte som pilgrimantoj, ja ja) som klaga over den skrale tilstanden på huset, men ingenting vart gjort. No var det farleg å gå i trappene. Eit initiativ i 1929 om å kjøpe huset og lage esperantomuseum stranda. Dette gjentok seg to år seinare. Ein la høgtidleg ned grunnsteinar for eit Zamenhof-monument på staden, men noko monument dukka aldri opp. Huset rotna på rot, og i 1939 vart eigedomen kjøpt av eit polsk telefonselskap som var dotterbedrift av svenske Ericsson, dei ville byggje telefonsentral på staden.

Sjokkerte esperantistar frå Białystok fekk stogga rivinga, men så kom krigen. Huset stod i den jødiske ghettoen, og i august 1943 brann ghettoen ned under eit jødisk opprør. Men Zamenhofs fødehus overlevde. Etter krigen hadde minneplaketten forsvunne, og det fattige Polen måtte prioritere andre gjeremål enn å ta vare på falleferdige hus. Białystok by reiv huset i 1953, og bygde i staden ei moderne bustadblokk. Og slik sluttar forteljinga i Wikipedia-artikkelen.

Men som esperantoturistar kunne me jo likevel sjå at den blokka står på historisk esperantogrunn. Ein nyoppussa minneplakett frå 1950-talet med gullskrift er på plass, og det same er tre store veggmåleri over kvarandre, som kom på plass så seint som i fjor. Det øvste måleriet er av ein flokk med glade born med ballongar ute på balkongen. I midten står Zamenhof sjølv og helsar til oss frå sin eigen balkong, om enn i ein noko meir mogen alder enn då han sjølv budde på staden. Nedst er det måla eit vindauga der esperantopionerane Jakub Szapiro og Abraham Zabar sit og kosar seg med hatten på foten.

Jakub Szapiro, seier Wikipedia, vart fødd i 1897, lærte esperanto som fjortenåring, og vart straks aktiv i esperantorørsla m.a. som ivrig skribent i viktige esperantotidsskrift. Etter fyrste verdskrigen (der han hadde vorte ivrig krigsmotstandar) arbeidde han som lærar ved handelsgymnaset i Białystok, og takka vere hans innsats fekk altså Zamenhof-gata sitt noverande namn i 1919. Han var ein av grunnleggjarane av Bjalistoka Esperanto-Societo (altså den lokale klubben) i 1922, men aktiviteten var så laber at dei to år seinare like godt grunnla klubben på nytt, no med Szapiro som leiar.

Szapiro og Zbar

Jakub Szapiro og Abraham Zbar på 1930-talet, i vindauga sitt i Lipowa 31 i Białystok. (Wikimedia Commons)

Esperanto vart synleggjort i byen som aldri før, og plutseleg var det over 300 namn frå Białystok i ei adresseliste over polske esperantobrukarar. Sjølv handelsstanden var med, prenta reklametekstar på esperanto, og sette opp skilt av typen «Ĉi tie oni parolas Esperanton» (Her snakkar ein esperanto). Szapiro var ein ivrig skribent, og skreiv både bøker og artiklar på fleire språk og i ulike sjangrar.

I 1941 arresterte tyskarane nokre tusen jødar i Białystok, m.a. Jakub Szapiro, og kravde løysepengar i form av 5 kg gull, 300 kg sylv, pengar og verdisaker. Då dei fekk løysepengane, var tyskarane nøgde, og skaut like godt alle saman.

Zamenhof-byste

Eit par–tre hundre meter unna fødestaden har Białystok laga ein liten park til minne om Zamenhof. Ei fontene med ein rullande stein, duer som bada seg, benker langsmed, nokre planter og tre, og i enden ei byste av mannen sjølv på høg sokkel. I høve esperantokongressen var bysta flankert på begge sider av polske flagg, regionflagg frå Podlasie-provinsen, blå EU-flagg og grøne esperantoflagg. Også eit ynda turistmål. Dit måtte me, og der tok me bilete, før me vandra vidare i endå nokre få minutt på jakt etter mat.

Judith tok bilete av at Jardar tok bilete av bysta til byens store son.

Esperantokake

Mellom Zamenhof-gata og bysta, og litt lenger sør, ligg bytorget i Białystok, og på torget står det eit stashus som på esperanto vert kalla «la urbodomo» (rådhuset), men som ikkje er noko rådhus, det vart berre bygt i si tid fordi det var noko som meinte at Białystok burde ha eit slikt hus. I det huset finst det ein kafé som heiter Esperanto Café. Den kafeen serverer mykje god mat, m.a. ein kyllingpyramide med ein sopp på toppen (festa med tannpirkar). Dei serverer også ei esperantokake.

esperantokake

Esperantokaka er laga av to lag med sukkerbrød, det nedste med litt sjokolade. Mellom laga og oppå det øvste er det ein veldig søt og god krem som langt baki minte litt om sitrus og banan, kaka har marsipanlok, og på kvart kakestykke er det ei grøn marsipanstjerne. Slik må det vere om det skal vere ei skikkeleg esperantokake! Dette er 120 gram med godsmakande samvit. Eg spurde kelnaren om han kunne skaffe oppskrifta, men utan at det førte til noko. Sidan har eg også send ein e-post til kafeen og spurt etter oppskrifta, men det har ikkje kome noko svar.

Den grøne, femtagga esperantostjerna, som også finst i esperantoflagget, symboliserer tradisjonelt dei fem verdsdelane. Ordet «esperanto» (opphavleg Zamenhofs pseudonym, Doktoro Esperanto) tyder ‘ein håpande’, og grønt er fargen til håpet, i dette tilfellet håpet om fred og forbrødring, med esperanto som eit hjelpemiddel i kommunikasjonen (slik seier esperantoideologien anno 1887). Rett nok har historikaren Ziko Marcus Sikosek (seinare: Ziko van Dijk) problematisert dette i boka Esperanto sen mitoj (Esperanto utan mytar), t.d. var det ein ire som føreslo grønfargen, og denne iren tenkte fyrst og fremst på Irland. Men dagens esperanto-folklore snakkar om grønfargen som håpets farge, noko også Zamenhof hadde tenkt då den grøne stjerna fyrst dukka opp. At stjerna også har hatt ei fortid som gul, er ei anna sak som nesten ingen veit i dag.

Zamenhof-senter

Medan me sat der og koste oss med kulinariske opplevingar, kom det eit rykte om at det skulle vere omvising på det nyopna Zamenhof-senteret om litt. Og omvising vart det.

Zamenhof-senteret har ei utstilling som eigentleg ikkje handlar om Zamenhof men om Białystok på den tida då Zamenhof budde der. Andletet hans som 16-åring er manipulert inn på ein del plansjar som heng der, og på plansjane er det også tekstar på fleire språk, m.a. på ein ikkje akkurat plettfri esperanto. Omvisaren kunne fortelje at han hadde lese korrektur, men at då plansjane vart laga, var det likevel ein tidlegare versjon av teksten som låg til grunn. Ja ja.

I overetasjen var det ei utstilling med ex libris-merke, postkort og frimerke, alt med esperantosamanheng. Mellom anna såg me eit postkort med bilete av Kabe, den polske esperantopioneren som sidan plutseleg berre slutta med esperanto.

Togbillettar

Me hadde for lenge sidan oppfatta at folk på polske trafikknutepunkt som jarnbanestasjonar ikkje snakkar engelsk. Frå esperantovener som allereie hadde kjøpt seg togbillett til heimreisa, fekk me også høyre rapportar denne dagen om at personalet bak billettluka på jarnbanestasjonen i Białystok ikkje berre nekta å forstå kvasipolske saker som «dva biljeti do Warszawa» (korrekt polsk er «dva bilety do Warszawy»). Nei, dama i billettluka var også veldig sur og sint.

Lappen som me fekk med oss frå hotellet

Så då me skulle vende nasen mot jarnbana denne ettermiddagen, tok me ingen sjansar. I resepsjonen på hotellet fekk me hjelp til å skrive ein lapp på polsk som sa: To billettar til Warszawa laurdag kl. 10, fyrste klasse, reservasjon om mogeleg, ikkje-røyk.

Og bra var det. Nokre minutt seinare var me på stasjonen, hadde stilt oss i køen, og vart vitne til korleis det kan gå om ein så snakkar polsk flytande. Me stod no på tredjeplass i køen, og fremst stod det to jenter som sjølvsagt skulle ha billett. Då det vart deira tur, starta dei med eit smilande billettynske, og fekk eit glefs tilbake. Jentene svarte medgjerleg, og fekk ei noko meir høglydt bjeffing i retur. Dialogen gleid gradvis over i ein heftig monolog frå innsida av luka, og dei fleste forsøk på å svare frå utsida vart kontant avbrotne av gnelling og gauling. Jentene rista på hovuda, serverte innvendingane sine, og såg meir og meir oppgjevne ut. Mellom dei og oss stod det ei kvinne som etter kvart berre snudde seg mot oss, smilte diskret og himla med augo.

Me vurderte å stille oss i nabokøen fordi den andre billettlukedama såg mindre skummel ut. Ja, ikkje berre vurderte. Eg stilte meg i den andre køen i eit stilt håp om at den vonleg litt snillare billettdama kunne verte fortare ledig enn den meir skumle billettdama. Men nei då, plutseleg var me fremst i den fyrste køen.

Me nikka ærbødig til den myndige dama på innsida, skuva lappen frå hotellet inn bak glaset, billettdama treiv papiret til seg og las. Etter få sekund kom det eit halvvegs heftig utbrot som me forstod slik at det ikkje var mogeleg å reservere. «OK, OK,» sa me på engelsk og prøvde å avvæpne henne med eit diplomatisk smil, utan at det var særleg hjelp i. For i neste augneblink kom det eit bryskt spørsmål på polsk som me diverre ikkje forstod, og då knyttneven hennar deiste mot oss frå innsida medan ho sa noko om złoty og noko anna, var me mest opptekne av at det heldigvis var eit glasstengsel mellom oss.

Knyttneven hennar hadde pengesetlar i seg.

Aha, ho lurte på om me skulle betale med kort eller med złoty. «Złoty!» sa me, la pengane under glaset, fekk billettane, og gjekk til ein tryggare stad. Me hadde sloppe lett unna.

Eg lurer forsyne meg på om det kan ha vore den same bilettdama eg provoserte med mitt nærvær i 1993. Om ikkje, så har Polen og Białystok eit problem i sørvisnæringa. Hm, jau, dei har eit problem i sørvisnæringa. Sjølv i turistinformasjonen på jarnbanestasjonen i Warszawa hadde dei vorte sure på oss då me spurde om dei visste kor lenge billettlukene er opne. Den gongen vart me berre effektivt vifta bort før dama bak informasjonsskranken gjekk sin veg.

Judith har i årevis høyrt om fadesen frå då eg sist var i Białystok (omtalt i ein annan bloggpost i denne serien), og etter å ha inspisert billettluka og lukedama på jarnbanestasjonen fekk ho òg sjå bussterminalen.

Det som sidan skjedde den kvelden, var at me gjekk heimover mot hotellet i myggsvermen. GPS-loggen fortel at me var tilbake på hotellet kl. 20:49:21, og då hadde me heilt tilfeldig passert huset hans Jakub Szapiro på vegen. Og vegen var full av flagg. Ja, omtrent kvar me enn var i Białystok, såg me esperantoflagg jamsides med polske flagg på lyktestolpane, og også massevis av reklameplakatar for esperanto og verdskongressen. Det var ikkje tvil om at det var esperantokongress i byen denne veka.

I neste episode nærmar kongressen seg slutten, og me reiser heim. Judiths bloggpost om onsdagen finn du her.

– – –

[Esperantoferd 2009: 1. Warszawa2. Til Białystok3. Dei fyrste kongressdagane4. Zamenhofs fødeby5. Dei siste dagane6. Heim7. KortversjonenEpilog: Vandalar]

Read Full Post »