Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for september 2nd, 2009

Språket esperanto vart grunnlagt i 1887, og i år er det 150 år sidan grunnleggjaren L.L. Zamenhof vart fødd i 1859. Den årlege Universala Kongreso de Esperanto vart difor lagd til fødebyen der han fekk heile ideen, Białystok i Polen. Me hadde lenge vore i tvil om det ville la seg gjere å reise på jubileumskongressen, og me bestemte oss difor i siste augneblink.

Å planleggje reisa

Så seint bestemte me oss at me ikkje var sikre på om me ville få overnatting. Det internasjonale esperantoforbundet UEA hadde nemleg reservert alle hotella i byen, noko som er ei historie for seg sjølv: Hotellreservasjonane er ein måte for UEA å tene pengar på, så dei reserverte alle hotellroma slik at ingen kunne gå utanom UEA, og i tillegg skrudde dei prisane opp til det doble av normalprisane. Dette angra dei på i mai, prisane vart noko lågare igjen, men då hadde jo påmeldingskontingenten gått opp med 80 % (kontingenten går alltid opp ved visse datoar fram mot arrangementet). Det har vorte spekulert i om episoden var medverkande til at det ikkje kom fleire enn 1800 deltakarar.

I alle fall, når me no hadde bestemt oss for å reise på kongress, hadde alle fristar for å gå via UEA gått ut. Men til slutt fekk me faktisk direktenapp på eitt av dei dyre hotella, Hotel Gołębiewski (uformelt omtalt som Goblegoble til dess me hadde klart å lære oss uttalen), under føresetnad av at me betalte alt på førehand.

Dei fyrste dagane av turen vår var me i Warszawa, der me fekk med oss Zamenhofs grav, Esperantogata og massevis av blemmer under føtene. Dei mange strippeklubb-reklamane som låg på fortauet (og bak alle vindaugsviskarar) er eit påtrengjande minne, og eg angrar no på at eg ikkje tok med meg nokre eksemplar som suvenir. Eller eg kunne i det minste ha fotografert ein bunke. Men nei, det tenkte eg ikkje på.

Jubileumskongress

Nokre av dei 1800 deltakarane

Eg har delteke på Universala Kongreso de Esperanto i Bergen (1991), Wien (1992), Tammerfors (1995), delvis i Berlin (1999), og saman med Judith i Göteborg (2003), Vilnius (2005) og no altså i Białystok (2009). Så levde 150-årskongressen opp til det runde talet sitt?

Det var konsertar, teaterstykke, faglege føredrag, møte i alt frå det esperantiske katteeigarforbundet til amatørradioforbundet, filmframsyning, kurs i ditt og datt, seminar om det eine og det andre, og mykje meir. Me var ikkje med på så mykje som tiandeparten av tilbodet, og likevel hadde me meir enn nok å hengje fingrane i. Av fagtilbod vil eg spesielt nemne den interessante serien med moderne fonologi (altså ikkje fonem og slikt) der ein svenske sovna høglydt, eit sosiolingvistisk diasporaopplegg som utarta til eit seminar om det å konvertere til jødedom, og førelesinga om historia, forhistoria og framtida til punktskrift.

Særleg var kulturprogrammet imponerande stort, og det heldt eit svært høgt nivå. På til dømes tysdagen åleine var det 16 kulturarrangement, medrekna alle konsertane, teaterstykka, dokketeater og ein film. Med fagtilbod, møteverksemd og alt anna hadde tysdagen til saman rundt 50 arrangement, herunder også korøving og eksamen i esperanto. Og slik var det altså i ei veke til endes.

Mykje av kulturprogrammet gjekk diverre føre seg andre stader i byen, fordi det ikkje var plass på kongressområdet. Også internt på kongressområdet var det lange interne avstandar. Jamvel det populære bokutsalet til Universala Esperanto-Asocio låg så bortøymt at mange deltakarar brukte fleire dagar på å finne fram til det.

Men slik er det vel når ein skal ha ein jubileumskongress i den byen som er opphav til jubileet. Då må ein bruke dei fasilitetane som er der, og slik sett var det absolutt ikkje så ille, sjølv om me gjerne skulle fått med oss nokre av dei arrangementa i byen som me gjekk glipp av.

Tilgangen til mat var nok litt stusseleg. Menyen på den ca. 50 kvadratmeter store kantina var avgrensa. Dei hadde hamburger på plakaten men pølse bak disken. Då eg ville kjøpe fire sjokoladar, sette dei ei grense ved to. Utandørs fanst det eit større mattelt, men også der med noko avgrensa meny. Eg veit ikkje kvifor det finst så mange vegetarianarar i esperantomiljøet, men eg trur nok dei hadde tøffe dagar. Heldigvis for oss kjøtetande skapningar fanst det ein meksikansk kafé like rundt hjørnet. Og byen var elles stappfull av etestader, med Esperanto Café på bytorget som desidert favoritt. Særleg esperantokaka deira, nam!

Irritasjonsmoment

Oppslag på toalettet: Ver venleg å ikkje kaste dopapir i søpla!

Men éin ting vart eit stendig tilbakevendande irritasjonsmoment: Konsertane og framføringane heldt ikkje tida si. Det var forseinkingar, ekstranummer, kjedereaksjonar med utvida forseinkingar, deretter nye ekstranummer, og slik gjekk dagane. Det var umogeleg å planleggje så grunnleggjande ting som det å få i seg eit måltid før natta var der.

Ein tilleggsirritasjon var Nacia Vespero og Internacia Arta Vespero. Desse arrangementa, som skulle vere høgdepunkta på kongressen, vart rett og slett så einsformige og langtekkjelege at folk gjekk før tida, noko som er heller uvanleg. Den internasjonale kvelden sigla til overmål under falskt flagg, då han i hovudsak vart eit framhald av den nasjonale kvelden.

Likevel

Alt i alt var dette ein flott jubileumskongress. Synd med høgdepunkta som ikkje vart høgdepunkt, men likevel. Det var alltid noko å gjere på.

Noko av det kjekkaste med slike kongressar er likevel å møte folk. Og folk møtte me i massevis. Me snakka kanskje ikkje med alle 1800, men me både møtte att mykje kjentfolk, og me fekk oss nytt kjentfolk som me kan møte att ved neste høve.

Og dei små irritasjonsmomenta får me vel kompensere for på festen i Trondheim esperantoklubb den 15. desember. Det er då sjølve 150-årsjubileet er. Men mest av alt er det eit påskot for å ete kake.

– – –

[Esperantoferd 2009: 1. Warszawa2. Til Białystok3. Dei fyrste kongressdagane4. Zamenhofs fødeby5. Dei siste dagane6. Heim7. KortversjonenEpilog: Vandalar]

Read Full Post »