Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for september 4th, 2009

Den 25. juli til 1. august var det verdskongress med i overkant av 1800 esperantospråklege deltakarar i Białystok i nordaustlege Polen, heimbyen til 150-årsjubilanten Ludwik Lejzer Zamenhof, som grunnla språket i 1887.

Me høyrde ikkje så mykje til det på kongressen, men då me kom heim, las me i nettavisa Libera Folio [lenkje 1] [lenkje 2] og andre stader (sjå lenkjer nedover i bloggposten) at tre esperantobussar med polske og tsjekkiske tilreisande fekk oppskorne dekka sine. I alle fall den eine bussen var klart merkt med esperantoflagg og ordet «esperanto».

Allereie før opninga av kongressen var det nokon som sette fyr på teltet der dei store fellesarrangementa skulle haldast. Brannen vart sløkt i tide, men 30 kvadratmeter med teltduk vart øydelagt, med ein prislapp på meir enn 2500 euro.

I ein liten park i Białystok sentrum står bysta til Zamenhof, i høve kongressen med polske flagg, podlasiske regionflagg, blå EU-flagg og grøne esperantoflagg på kvar side. Men esperantoflagga hadde ein lei tendens til å forsvinne.

Det vert også fortalt at lokale polakkar gjekk til åtak på husa med sovesal der det budde ungdommar som var med på kongressen. Ein stein kom inn gjennom eit vindauga og skadde ein brasiliansk kongressdeltakar.

Natt til torsdag i kongressveka var det nokon som kasta ein molotovcocktail mot det nyopna Zamenhof-senteret i byen. Og fredagskvelden, kvelden før avslutninga på kongressen, vart Zamenhof-bysta i den vesle parken tilgrisa med rosa måling (sjå biletet, som er henta frå lokalavisa Kurier Poranny).

Varaordføraren sa i Libera Folio si attgjeving (her i mi omsetjing vidare til norsk):

– Eg har ikkje ord. Det er ikkje mogeleg å kommentere dette. Mest bittert er det at kvar av desse gjerningane er det lokale byfolk som er skuld i. Og ingen reagerte. På denne måten er det at Białystok-borgarane tek avskil med esperantistane.

Esperantobloggaren Dirk Bindmann refererer også Kalle Kniiviläs meldingar på postlista uea-membroj om at ein turistplakett framfor Zamenhofs gamle skule vart ramponert, og at ein reklameplakat for kongressen vart øydelagd.

Białystok har visst Polens mest hyggjelege kriminalstatistikk, og det har verka rart at alt dette skulle råke esperantokokongressen berre heilt sånn tilfeldig. Lokale massemedia har spekulert på om det var rasisme som låg bak, ettersom Zamenhof var jøde (det ville i tilfelle ikkje vere heilt nytt: Mein Kampf fortel at esperanto er «die jüdische Universalsprache»). Den austerrikske avisa Der Standard har såleis meldt at kongressområdet fekk vitjing av ungdommar som hadde på seg svarte t-skjorter med gjennomstreka davidsstjerne. Bindmann nemer i tillegg i den nemnde bloggposten at like før kongressen dukka det opp nazistiske plakatar i Białystok, og han konkluderer slik (i mi omsetjing):

Ja, vandalisme kan skje kvar som helst, ikkje berre i Białystok. Eg meiner likevel at åtaka mot Zamenhof, mot den jødiske Zamenhof, er typiske for Białystok og Polen. Sjølvsagt er ikkje alle polakkar jødehatarar, og slett ikkje dei mange polske esperantistane. Likevel er det eit faktum at antisemittisme har ein brei samfunnsmessig basis i Polen. I ei undersøking frå 2005 uttrykte nesten annankvar polakk å mislike jødar. Og viktigast: Antisemittar i Polen er ikkje berre makteslause marginale personar. Dei bestemmer også over andre menneske og over samfunnsutviklinga. Lat oss ikkje gløyme namnet Jerzy Targalski. Det var han som vedtok å leggje ned esperantosendingane til polsk radio den 15. desember 2006. Targalski har til og med offentleg sett denne avgjerda i samanheng med at Zamenhof var jøde.

Kalle Kniivilä kommenterer til den bloggposten at vandalismen gjenspegla den store merksemda som kongressen fekk: Jamvel vandalane vart merksame på at esperanto finst, men likevel ikkje berre dei.

Og formuleringa «men likevel ikkje berre dei» (tamen ne nur ili) er viktig:

Personleg opplevde eg ikkje noko ubehag ved å vere esperantomann i Białystok den veka, sjølv ikkje med namnelapp med namnet Abrahamsen på brystet (det kling visst litt jødisk, har eg forstått). Tvert imot var alle polakkane eg møtte, hyggjelege og hjelpsame (med unntak av ei billettlukedame som treng smilekurs, men det er jo ei heilt anna sak).

Esperantokonsertane som vart haldne i det offentlege rom, var prega av god stemning med mange byborgarar til stades, og eg fekk eit inntrykk av at byen er svært byrg over at Zamenhof vart fødd der. Berre slik er det jo mogeleg å drive ein kafé med namnet Esperanto Café i stasbygget på bytorget, med esperantokake (med grøn marsipanstjerne oppå) som søt spesialitet. Og berre slik kunne byen Białystok stille seg bak kongressen som sponsor og som samarbeidspartnar.

Politiet i Białystok har sidan pågripe ein 17-åring som har tilstått å ha kasta måling på Zamenhof-bysta, utan at han sjølv heilt veit kvifor. Dette tyder at vandalismen i alle fall ikkje alltid har vore like gjennomtenkt.

– – –

[Esperantoferd 2009: 1. Warszawa2. Til Białystok3. Dei fyrste kongressdagane4. Zamenhofs fødeby5. Dei siste dagane6. Heim7. KortversjonenEpilog: Vandalar]

Read Full Post »