Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for september 6th, 2009

Teknologiske nyvinningar

No er tida komen til oss på vårt fakultet òg: Universitetets tilsette får ikkje lenger levere reiserekning eller registrere fråvær på papir, og heller ikkje lønsslippen skal kome på papir lenger. I staden skal kvar einskild tilsett gjere alt direkte i lønssystemet via PAGAweb, levert av firmaet Bluegarden. Systemet er nøye utprøvt og kvalitetssikra gjennom eit pilotprosjekt annanstads på universitetet, så her vert det ingen ubehagelege overraskingar.

Somme idear er gode, om dei berre hadde fungert.

PAGAweb er kompatibelt med Internet Explorer for Windows. Punktum.

Eg har Mac OS X. Då ser det slik ut:

Moderne tilstandar i det nye løns- og personalsystemet til NTNU

Lagnaden er heller ikkje noko blidare mot Linux-folket, og som ein innsendar til Universitetsavisa peiker på i innlegget «NTNU låser ansatte til Microsoft» (som bloggpost her): «PAGAweb er tydeligvis bygget på et rammeverk som er minst 9 år gammelt», og sjølv XP er for nytt til at feilmeldinga nemner det som kompatibelt system. (Eg har likevel klart å logge inn med XP, sjå under.)

Den same feilmeldinga indikerer at PAGAweb skal vere kompatibelt med både Windows 95 og med Mac OS 7.6 (som kom i 1997).

Det var forresten ikkje berre-berre å finne fram til feilmeldinga med denne viktige informasjonen. Eg måtte gå omvegen om «Rutinestøtte» og direktelinken til eit skjema der, for under «Skjema/Oppgaver» var alt blankt både i Safari og i Firefox. Skjermdumpen er frå Firefox, for i Safari opna direktelinken eit vindauga som berre lét seg att med det same. Det er kanskje like greitt, for som Aslak seier:

jeg forsøkte med HotJava 3.0, men det funka ikke. Bluegarden har tydeligvis ikke kvalitetskontrollert feilmeldingene sine.

På PAGAweb-kurset no for ei vekes tid sidan vart me orienterte om at også Windows-brukarar som elles har eit kompatibelt operativsystem og ein kompatibel IE, ikkje vil få tilgang dersom dei har oppdatert Java-en sin. PAGAweb er nemleg berre kompatibelt med gamle Java-versjonar. Eller sagt på ein annan måte: Systemet er per i dag ikkje kompatibelt med noko som helst, og ordet «problem» vart brukt om… eh… ikkje om PAGAweb, men om at det kom ei Java-oppdatering tidlegare i år.

Eg veit ikkje om det er Java-problem som ligg til grunn, men det var liksom ikkje så overraskande å lese om Windows-brukaren som har brukt tre dagar på å prøve å sende inn reiserekning utan å få det til.

Folk har ymta frampå om at Bluegarden kanskje ikkje er seriøse, som berre stør Internet Explorer, gamal Windows og utdatert Java. Men på kurset fekk me høyre at jau, Bluegarden er faktisk seriøse, for dei er ein stor leverandør.

Og det er sjølvsagt rett at «seriøs» kan tyde ‘av stort omfang’ i visse samanhengar, som i «dei er seriøst uskikka», så på det viset er det sjølvsagt noko heilt «seriøst» over både Bluegarden og over innføringa av eit PAGAweb frå steinalderen.

Terminalserver

Skjermdump frå terminalserverenFor alle oss som ikkje lever i steinalderen, så er det visst ein terminalserver som gjeld. Ein eller annan stad på universitetet står det ein utdatert Windows som ein skal kunne kople seg til via nettet for å få gjort jobben. Eg har prøvt denne, og har funne ut at dingsen ikkje er samd med tastaturet mitt om kvar @, é, akuttaksent generelt eller andre meir avanserte skriftteikn ligg, til dømes ç, ß, č, $, €, §, « og ».

Ja, forresten. Sånne rare teikn som € og č bør ein kanskje unngå same kva, for html-kjelda i PAGAweb bruker ISO 8859-1, frå tida før det fanst euro og samiske eller austeuropeiske stadnamn. (Det siste der er ikkje heilt sant, men.)

Linux-brukarane klarer ikkje å kople seg til denne terminalserveren, og kan korkje levere reiserekningar eller registrere fråvær, og vil heller ikkje få lønsslipp. (Det gjer kanskje ikkje noko, for det finst visst somme universitetstilsette som leverer prosentvise reiserekningar, og på kurset vart det nemnt at slike reiserekningar ikkje lèt seg fylle ut på dette systemet, ettersom det berre er universitet som har slike ordningar. På kurset rådde ein brukarane til heller å fylle ut reiserekninga litt kreativt, jukse litt med lunsjane og sånt.)

Den som har Mac, kan likevel bruke omvegen om terminalserver, om ein taklar å verte aktivt hindra i å utøve ortografisk kompetanse. Men klarer me å skrive ut lønsslippen? Eller reiserekninga? For me har fått beskjed om at reiserekningar må skrivast ut dersom det finst vedlegg å sende inn (kvitteringar og sånt). Jau, ein kan kople til lokal skrivar når ein loggar seg på terminalserveren. Men då eg prøvde å skrive ut på den måten, krasja heile klienten min (Remote Desktop Connection frå Microsoft). Neste gong låste utskriftsdialogen på Windows-serveren seg, og tredje gong krasja terminalklienten ein gong til.

Merk, grunnen til at dei tilsette heretter skal bruke akkurat PAGAweb, er at då vert kvardagen så mykje lettare og meir effektiv her på det «skapande» universitetet (har dei bestemt). Me skal bruke mindre tid på slikt som ein ikkje skal trenge å bruke tid på, og dermed spare både tid og såleis også pengar. Eg har til dømes allereie no spart meg for fleire dagar med fagleg arbeid ved rett og slett å bruke tid på å prøve å få PAGAweb til å fungere.

Virtualisering

Så korleis skal ein få til å skrive ut noko, eller kanskje lage ein pdf av det, dersom ein har Mac? Virtualisering er svaret. Eg har funne fram til ei løysing, men det krev altså at ein har Windows tilgjengleg t.d. i Fusion. Ah, det følest som eit leikety kvar gong eg fyrer opp Windows, i mitt tilfelle ein gamal XP. Løysinga fungerer på visse oversiktssider i PAGAweb, men diverre ikkje for lønsslippen:

  1. Logg inn på PAGAweb med Safari for Mac. Rett nok får du ikkje tilgang til noko som helst, men logg inn likevel. Legg merke til at dersom du trykkjer «logg ut», så kjem du tilbake til PAGAweb-framsida, og er framleis like innlogga.
  2. Fyr opp Internet Explorer i Windows. Eg har prøvt den godt utdaterte versjon 6, den versjonen er tydelegvis gamal nok til å fungere mot PAGAweb. Bluegarden garanterer liksom for versjon 4 og 5 og deromkring.
  3. Logg inn via Internet Explorer, gå til ei oversiktsside, t.d. tilsetjingshistorikken, og vel utskrift, deretter «forhåndsvisning» og OK i det vesle vindauga som dukkar opp no.
  4. Det dukkar opp ei førehandsvising. Trykk ctrl-N i Internet Explorer no. Då opnar det seg eit nytt vindauga med den same førehandsvisinga, men no har det også eit adressefelt.
  5. Kopier denne adressa, gå ut av leiketyet og over i Mac OS X og Safari igjen. Lim inn adressa i adressefeltet der, trykk på returtasten.
  6. Vips, der har du tilsetjingshistorikken din i Safari, og du kan skrive ut til skrivar eller som pdf på vanleg måte.

Lønsslippen lèt seg ikkje opne i Safari på denne måten. Trikset fungerer på oversikta over lønsslippar sameleis som det fungerer på tilsetjingshistorikken, men det fungerer ikkje på sjølve lønsslippane. Opnar du ein lønsslipp i Internet Explorer, vil du nedst i vindauga sjå ei lang nettadresse, diverre nyttar det heller ikkje å taste denne adressa inn i Safari manuelt.

Men om du i Fusion har tillate Windows-en å skrive ut til den skrivaren som Mac-en er kopla til, så kan du skrive ut rett frå Windows-en. Papirutskrifta kan du eventuelt skanne igjen om du vil lagre lønsslippen elektronisk på datamaskina di. (Min XP i Fusion kan skrive til fil som deretter kan overførast til vertssystemet, men berre i eit rart format som ikkje er brukande til noko.)

Det er sjølvsagt også mogeleg å installere ein virtuell pdf-skrivar på Mac-en, t.d. CUPS-PDF, om du er komfortabel med det å redigere filer av typen /etc/cups/cups-pdf.conf. Denne virtuelle skrivaren fungerer for tida ikkje utan vidare med Mac OS X 10.6, men dette tipset på Mac OS X Hints fortel korleis du kan ordne det dersom du veit litt om Unix.

Korleis får du tak i Fusion og Windows? Jau, som tilsett ved universitetet får du ikkje noko Windows-operativsystem utdelt dersom du har Mac. Dette har å gjere med lisensavtalar og sånt. Ein betaler slikt av eiga lomme. Kunnskapar om Unix skaffar du deg på eiga hand.

Og til slutt…

Då eg logga meg på PAGAweb med Internet Explorer frå min privatfinansierte XP i Fusion, fekk eg sjå lønsslippen min, og eg vil vere i stand til å skrive han ut slik som eg har nemnt over. Derimot fekk eg ikkje tilgang til noko skjema, heller ikkje skjemaet for familieopplysningar (som det er obligatorisk å fylle ut, sa dei på kurset). Årsak: «It is not possible to start Java in your Browser.»

Hm, den XP-en min har visst ikkje Java. Ja, då må eg visst setje meg inn i fleire ting her, for akkurat no er finst det absolutt ingen måte for meg å fylgje arbeidsgjevars pålegg på ved hjelp av det utstyret som arbeidsgjevar har gjeve oss (berre via ein bokstavfattig terminalserver der klienten krasjar). Så flott då at det finst eit utprøvt, pilottesta og såleis kvalitetssikra vedtak om at eg sit her og sparer både tid og pengar. Heilt seriøst.

pagaweb-powerpoint

Frå NTNUs PowerPoint på PAGAweb-kurset: «Innføring av lønnssystem som oppfyller moderne forutsetninger»

Read Full Post »