Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for september 14th, 2009

Svikefull datamaskin

Musikksida på CD-en

Eg fekk ikkje til å spele debutplata til Carina Gerlach. Datamaskina mi insisterte stendig på at det ikkje var ein CD, noko eg ikkje hadde opplevt før. Til slutt klarte eg noko flau å overtyde meg sjølv om at dette slett ikkje var ein CD men heller ei tjuverisikring, ei narreplate som eg skulle ha levert inn i bokutsalet på esperantokongressen i byte mot den eigentlege CD-en. No hadde eg verkeleg tabba meg ut, som hadde gløymt noko så elementært, tenkte eg. Plastplata hadde jamvel tredimensjonal utsmykking på etikettsida, og var elles heilt svart.

Men det var ikkje som eg trudde. På bokutsalet til verdsforbundet i Rotterdam prøvespelte dei ein CD som såg likeeins ut som min, og melde tilbake at alt fungerte som det skulle.

Kunne det då ha seg slik at mi eminente datamaskin, min trugne ven på fanget, hadde rana meg for fleire dagar med flott musikk? Eg fekk ei ekkel kjensle, og medan eg assosierte til sjalu personar som i svik mot det fortrulege i kjærleiksforholdet (i alle fall på film) lèt ein detektiv overvake ektemaken, berre sånn i tilfelle maken allereie har vore fyrst ute med noko svikefullt, så gjekk eg sameleis til andre datamaskiner for å få ei visse for om mitt kjæraste hadde svike meg eller ikkje, og eg oppdaga at ja: den fangsitjande venen min er ein fornøyingstjuv.

Uglad over desse dagane med musikkløyse gledde det meg at ei forlaten datamaskin frå gamle dagar framleis var så trugen mot meg at ho ville gje meg den etterlengta musikken utan tanke for eigen vinst.

Og sidan gjekk eg attende til bedragaren, svikaren sit atter på fanget mitt, og må no som straff spele den musikken som eg vart nekta så altfor lenge.

[En Esperanto]

Read Full Post »