Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for september 24th, 2009

Det startar der, ja

Jørgen møtte ein fyr, dei snakka om språk, og Jørgen kom inn på at han (altså Jørgen) har lombardisk som morsmål.

– Å ja, lombardisk, sa denne andre fyren, det er eit språk i alpane. Og han kunne også eitt ord på språket, nemleg figa [«figa] med fleirtalsforma fiich [fi:k], med lang vokal og utlydsherding (orsak jukse-IPA-en her). For dei uinnvigde, dette er vulgærordet for noko som mannskroppen min ikkje har.

Så sit eg og fortel dette vidare til fru Judith, og når eg kjem til dette eine ordet som fyren hadde lært seg, kommenterer ho: – Det startar der, ja.

Eg fortel deretter til henne at Jørgen lurte på korleis denne fyren visste så mykje om lombardisk. Jau, han hadde vore studenten til Jardar.

– Det startar der, ja! seier Judith ein gong til.

Read Full Post »