Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for oktober 2009

Min tidlegare student Andreas har gjort greie for at han gjerne vil forplante seg. Ikkje fordi han lengtar etter å verte pappa, men fordi han fantaserer om eksperiment som er av slik art at han sjølv konkluderer med at det kanskje er like greitt at han ikkje lagar born:

Ja, jeg tenker ikke sånne Dr. Mengele-type eksperimenter, jeg tenker mer på alle de eksperimentene om for eksempel språktilegnelse jeg kunne utført hvis jeg fulgte et lite dyr av arten menneske helt fra starten, og dokumenterte all innputt og utputt. […] Tenk alt jeg kunne gjort me et par eneggede tvillinger!

Andreas er ikkje den fyrste som har tenkt i dei baner.

Då Universitetet i Trondheim vart avliva i 1995 og NTNU vart vedteke oppretta frå det komande årsskiftet, skjedde det på grunnlag av politiske moteord som «spennende», «implementere», «tverrfaglig», «faglig kryssbefruktning», «strategisk», «naturvitenskap», «informasjonsteknologi» osb. Dei få som hadde høyrt om tabuordet «humaniora», nemnde det av og til i forbifarten, og gjerne i den sjukdomsklingande forma «humanoria», slik som i NOU-en frå det utvalet som sidan vart nedsett for å finne ut av kva Stortinget på ein måte kanskje hadde bestemt, liksom, eller noko sånt.

Nokre år seinare, i 1998, vart det innbode til framlegg om tverrfaglege studieprogram. I satirisk protest mot politisk tullball var me då ein gjeng studentar og stipendiatar (frå både humanistiske, naturvitskaplege og teknologiske fagmiljø) som føreslo eit prosjekt med tilknytt studieprogram som innebar noko av det som Andreas nemner. Tittelen på prosjektet var: «Strategisk kloning i pedagogikklingvistikkens informasjonsteknologiske teneste: eit spanande og tverrfagleg økonomistudium i kryssbefrukta religionselektrisk etikk.»

Eg skal ikkje utdjupe det for mykje, i ettertid ser eg at satiren vår var hakket for grotesk, med sentrale stikkord som kloning og samfunnsøkonomisk fundert handtering av forsøkspersonane etterpå. Prosjektet femnde om ni heller ulike fagområde.

Me argumenterte med at studieprogrammet ville setje universitetet vårt «strategisk på kartet på meir enn éin måte». Me hevda også at prosjektet ville la seg gjennomføre, m.a. fordi budsjettet me skisserte, baserte seg på finansiering i form av gull og grøne skogar. Det sistnemnde ville også trekkje inn botanikarane, slik at det vart endå meir tverrfagleg.

Det viktigaste problemet som vart trekt fram i prosjektskissa, var at politikarane kanskje ville synast det vart vel mykje humaniora når dei etiske spørsmåla skulle drøftast. Me føreslo difor å sløyfe den manuelle moralfilosofen, og heller implementere dette omsynet på meir automatiserte måtar.

Det kom aldri noko svar på søknaden.

Read Full Post »

Kva skal du gjere for å framstå som ein seriøs produktleverandør som har noko viktig å tilby? Lat oss sjå på korleis to norske firma har løyst den oppgåva.

Fyrst har me Aftenposten. Plutseleg her ein dag fekk eg spam frå dei via ein rumensk server, med klar beskjed om at eg burde verte abonnent. Så eg sende ein e-post tilbake til Aftenposten og spurde etter kva kjelda deira til e-postadressa mi er. Svaret kom kjapt:

Hei.
Takk for din henvendelse.
Vennligst send oss din adresse og vi vil hjelpe deg så snart vi kan.

Ja takk. Eg sende dei ein ny e-post og gjorde dei merksame på at dei nettopp hadde sendt meg ein e-post. Då kom det i retur ei utførleg orsaking frå Unified Messaging Systems AS på vegner av Aftenposten. Dei nemnde på eige initiativ at dersom dette var ei privat e-postadresse (og det var det), så er dette i strid med marknadsføringslova. Dei la til at adressa mi no er sletta frå databasen, og at dei bruker ein «sertifisert emailserver».

Dette var jo hyggjeleg. Så eg spurde no for tredje gong om kvar den rumenske reklameutsendaren deira hadde e-postadressa mi frå, og eg hekta også på eit spørsmål om kva som ligg i «sertifisert emailserver». Tyder det rett og slett at serveren fylgjer dei aktuelle RFC-ane, eller kanskje berre at serveren ikkje er svartelista?

Det kom ikkje noko nytt svar.

Nokre dagar seinare kom det spam frå eit firma i Harstad som kallar seg Apro Norge, med reklame for noko dei kallar Offitec Gelehåndstøtte. Spammen var utsend via serveren til Idium AS i Oslo. Nedst i utsendinga las eg at eg kunne få lov til å slutte å abonnere på nyhendebrevet dersom eg fortel dei kva for eit fylke eg bur i, og dessutan:

NB! Dette nyhetsbrevet er sendt til bedriftsadresser.
E-postlisten er hentet fra bedriftsdatabaser og Brønnøysundregistrene.

Dette var jo ei slags kjelde. Problemet er at den private e-postadressa mi vart sletta frå Brønnøysundregistra for fire år sidan. Kva for ein bedriftsdatabase som har fått tak i adressa mi, kan eg ikkje forstå. Så eg skreiv tilbake og spurde etter den konkrete kjelda til adressa mi, slik at eg kan få gjort noko med det. Eg understreka at eg ikkje ynskte å vere «abonnent».

Svaret eg fekk, var:

Vi fortsetter suksessen, gjør et kupp nå!

Ja takk, vi bestiller:
…. Stk håndspritdispenser kr 1.499,- pr stk

Kundenavn:……………………………………………
Postadresse:…………………………………………….
Leveringsadresse:…………………………………………….

Då takkar me Aftenposten, Unified Messaging System AS og Apro Norge for ordskiftet. Dette har vore interessant, og eg trur nok eg kjem til å hugse det.

Read Full Post »

Tuuuuut

Unnskyld, gode herre i bilen bak oss. Unnskyld at me forseinka deg då me stogga utanfor parkeringsplassen i staden for å køyre inn på plassen, med ein kant som ville ha vore til plage for pasienten i passasjersetet dersom bilen skulle over noko slikt. Dette burde pasienten ha tenkt på.

Unnskyld at pasienten brukte fleirfaldige sekund på å krype ut. Der stod jo du bakom med fløyta di og hadde det travelt med å få parkert og få deg heim til viktige gjeremål.

Det var plass til å køyre forbi oss, men dette måtte du sleppe, og du slapp det. Huff, me skulle ha behandla deg med respekt, dette fortente du ikkje. På vegner av pasienten og oss alle: Unnskyld.

Read Full Post »

Eg artikulerte brrr

No veit eg kvifor det heiter brrr når ein frys, og eg ser at transkripsjonen er unøyaktig. For jau, eg fraus då eg sette meg i bilen i ettermddag, og så utbraut eg ein stemd bilabial plosiv etterfylgd av ein postalveolar (skal me seie ørlite retrofleks?) kontinuant der kjeven vibrerte så fort at då eg ville gjenta det framfor webkameraet, så vart det for dårleg med 15 bilete i sekundet. Det var ca. 0,07 sekund mellom kvar maksimale (eller minimale) kjevevinkel, dvs. ca. 0,035 sekund mellom maksimal og minimal vinkel (pluss/minus nokre millisekund), så eg burde hatt minst 30 (progressive) bilete i sekundet for å vise det skikkeleg.

I staden viser eg fram Praat-biletet:

brrr
Som ein ser, vekslar signalet mellom svak obstruksjon med meir eller mindre tydelege formantar og god lydstyrke, og på den andre sida ein noko sterkare obstruksjon med svakare formantar, svakare amplitude og lokalt nedsett F0 (blå kurve) som fylgje av den sterkare obstruksjonen. Klikk på videoen for å høyre signalet:

Og då seier me vel berre: [bɹʐɹʐɹʐɹʐɹʐɹʐɹʐɹʐɹʐɹʐɹ]. Sånn omtrent. Det er i alle fall meir nøyaktig enn brrr. Men eigentleg burde vel me frostpistar hatt eit eige symbol for det, slik at det vart enklare å transkribere det. Til dømes som [b☃ː]. Orsak til dei som ikkje kan sjå slike teikn skikkeleg, transkripsjonsframlegget er gjenteke som bilete under:

brrr-transkr

Read Full Post »