Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for oktober 27th, 2009

Min tidlegare student Andreas har gjort greie for at han gjerne vil forplante seg. Ikkje fordi han lengtar etter å verte pappa, men fordi han fantaserer om eksperiment som er av slik art at han sjølv konkluderer med at det kanskje er like greitt at han ikkje lagar born:

Ja, jeg tenker ikke sånne Dr. Mengele-type eksperimenter, jeg tenker mer på alle de eksperimentene om for eksempel språktilegnelse jeg kunne utført hvis jeg fulgte et lite dyr av arten menneske helt fra starten, og dokumenterte all innputt og utputt. […] Tenk alt jeg kunne gjort me et par eneggede tvillinger!

Andreas er ikkje den fyrste som har tenkt i dei baner.

Då Universitetet i Trondheim vart avliva i 1995 og NTNU vart vedteke oppretta frå det komande årsskiftet, skjedde det på grunnlag av politiske moteord som «spennende», «implementere», «tverrfaglig», «faglig kryssbefruktning», «strategisk», «naturvitenskap», «informasjonsteknologi» osb. Dei få som hadde høyrt om tabuordet «humaniora», nemnde det av og til i forbifarten, og gjerne i den sjukdomsklingande forma «humanoria», slik som i NOU-en frå det utvalet som sidan vart nedsett for å finne ut av kva Stortinget på ein måte kanskje hadde bestemt, liksom, eller noko sånt.

Nokre år seinare, i 1998, vart det innbode til framlegg om tverrfaglege studieprogram. I satirisk protest mot politisk tullball var me då ein gjeng studentar og stipendiatar (frå både humanistiske, naturvitskaplege og teknologiske fagmiljø) som føreslo eit prosjekt med tilknytt studieprogram som innebar noko av det som Andreas nemner. Tittelen på prosjektet var: «Strategisk kloning i pedagogikklingvistikkens informasjonsteknologiske teneste: eit spanande og tverrfagleg økonomistudium i kryssbefrukta religionselektrisk etikk.»

Eg skal ikkje utdjupe det for mykje, i ettertid ser eg at satiren vår var hakket for grotesk, med sentrale stikkord som kloning og samfunnsøkonomisk fundert handtering av forsøkspersonane etterpå. Prosjektet femnde om ni heller ulike fagområde.

Me argumenterte med at studieprogrammet ville setje universitetet vårt «strategisk på kartet på meir enn éin måte». Me hevda også at prosjektet ville la seg gjennomføre, m.a. fordi budsjettet me skisserte, baserte seg på finansiering i form av gull og grøne skogar. Det sistnemnde ville også trekkje inn botanikarane, slik at det vart endå meir tverrfagleg.

Det viktigaste problemet som vart trekt fram i prosjektskissa, var at politikarane kanskje ville synast det vart vel mykje humaniora når dei etiske spørsmåla skulle drøftast. Me føreslo difor å sløyfe den manuelle moralfilosofen, og heller implementere dette omsynet på meir automatiserte måtar.

Det kom aldri noko svar på søknaden.

Read Full Post »