Både forskning.no og andre nyhendeformidlarar, t.d. VG og Reuters, har i det siste fortalt oss at spedborn græt i samsvar med tonefallet til språket i området: Ei undersøking viser at franske spedborn har stigande stemmeleie, tyske spedborn har fallande stemmeleie.
Forskingsartikkelen som er bakgrunn for oppslaga (tilgjengeleg for m.a. oss som er på NTNUs nett), er publisert i tidsskriftet Current Biology, og er fire sider lang, medrekna ei side med referansar. I artikkelen kan ein lese at F0-toppen hjå franske spedborn ligg på 0,58 sekund (som gjennomsnitt i eit tidsnormalisert skrik på 1 sekund). For dei tyske spedborna ligg den tilsvarande F0-toppen på 0,44 sekund.
Forklaringa artikkelen gjev, er at borna truleg lærte desse mønstera før dei vart fødde (med eit lite atterhald i ein parentes om at «we cannot completely exclude early postnatal learning during the first 2–5 days of life»).
Eg er ikkje den fyrste som har blogga om dette, men til liks med Mark Liberman på Language Log la også eg fort merke til figurane som viser eit «Typical French Cry» og eit «Typical German Cry»:
Legg merke til at det «typiske» franske skriket har eit normalisert toppunkt på ca. 0,7 sekund, medan det «typiske» tyske skriket har eit maksimum på ca. 0,25 sekund. Figurane som skal underbyggje den markante skilnaden på «typiske» franske og «typiske» tyske skrik, viser altså ikkje typiske skrik. Dei viser i staden tilfelle med ekstremt tidleg topp sjølv til tysk å vere, og ekstremt sein topp sjølv til fransk å vere, og då altså med dei valde ekstremretningane tilfeldigvis fullt i samsvar med hypotesen om at toppunktet kjem tidleg i tyske skrik og seint i franske skrik.
Om intonasjonen i skrik og språk (dialektar er ikkje spesifiserte) heiter det i artikkelen:
These patterns are consistent with the intonation patterns observed in both of these languages. In French, intonation is characterized by a pitch rise toward the end of several kinds of prosodic units (words, intermediate prosodic phrases), except for the very last unit of an utterance, which presents a falling contour (see, e.g., [29, 30]). This is a crucial difference from German intonation, which typically exhibits a falling melody contour, e.g., from the accented high-tone syllable to the end of the intonational phrase [31].
Dersom desse korte skrika har ein intonasjonskontur som byggjer på konturane i prosodiske domene (på ord- og frasenivå) i dei aktuelle språka, så seier forfattarane her at spedborna (som alle var 2–5 dagar gamle) allereie før fødselen hadde tilgang på nettopp ordprosodiske og fraseprosodiske strukturar i det dei høyrde i livmora. I pressemeldinga frå Universität Würzburg (her sitert engelsk versjon, den tyske versjonen fortel det same) seier ein av forskarane bak studien rett ut at:
In French, there are a great many words where the stress lies towards the end, producing a rising melody, while in German it is usually the other way round
Her saknar eg ein hypotese om korleis ein ufødd unge veit at den aktuelle fonologiske grensa mellom to ord eller to frasar ligg akkurat der i dei fonetisk kontinuerlege stemmerørslene oppover og nedover i ei lang ytring. Det er jo berre på den måten ein kan vite om ein skal skrike oppover eller nedover, når ein veit kvar ein plasserer startpunktet for eit nytt ord eller ein ny frase. (Ein annan ting er at trykket i standardtysk kan realiserast med varierande tonalitet, og slett ikkje alltid har den høgtonen som studien ser ut til å basere seg på.)
Og dersom det med ord og frasar er meint metriske domene med syntaktisk og morfologisk basis (i motsetnad til reint tonalt definerte domene), og dersom ein legg til grunn at trykkstavingar på tysk har høg tone (noko dei altså ikkje alltid har, sjå også tre avsnitt lenger ned), kva då med t.d. ord- eller fraseinitiale trykklette element på tysk, som under desse vilkåra ville ha gjeve eit heilt anna tonemønster i vaksenspråk enn det som hypotesen her legg til grunn? (Artikkelen og pressemeldinga stør seg til at tyske ord har tidleg trykk, men i tysk plasserer ein som regel trykket på ei av dei siste stavingane i usamansette ord. Men ein treng jo gjerne litt meir enn to stavingar i rota for å sjå dette mønsteret.)
Eller er dei prosodiske ord- og frasegrensene som ligg til grunn for denne studien, definerte for å innehalde bestemte tonemønster (fallande i tysk og stigande i fransk, noko som løyser også problemet med kvar ein skal plassere ord- og frasegrensene)? Det ville vel gje ein litt sirkulær analyse?
I språk finn ein fleire ord og fleire frasar pr. utpust (og ikkje sjeldan også fleire intonasjonsytringar), samstundes som ei ytring også kan kome føre på fleire utpustar. Prosodiske strukturar, herunder også tonekonturar, går altså på tvers av utpustgrenser. Artikkelen jamfører einskildskrik med ord- og fraseintonasjon, men skriket vert avgrensa som «the vocal output occuring on a single expiration». Er dette uproblematisk?
Over nemnde eg tysk (for eg kan ikkje fransk), men som John Wells nemner i sin bloggpost om saka, burde det vere problematisk at både fransk og tysk eigentleg kan ha både stigande og fallande melodiar. Eg vil seie at forfattarane kanskje (eg har ikkje sjekka eventuelle statistikkar, difor «kanskje») kjem unna dette når dei refererer til «the main intonational patterns» (mi utheving), truleg i fonetisk-kvantitativ tyding innanfor eit fonologisk gjeve prosodisk domene. Men då vert problemet igjen, sjølvsagt, at fonetikken inneheld jo ikkje opplysningar om ord- og frasegrenser.
Av 2400 skrik er berre 1254 utvalde til å vere med i undersøkinga, m.a. (men ikkje berre) fordi skrika skulle avgrensast til «rising-and-then-falling melody arcs», og så kan plasseringa av toppunktet, til høgre eller til venstre for midten, seie oss kva for eit språk kvart skrik liknar mest på. Kjem toppunktet seinare enn midten, er skriket «stigande», elles er det «fallande». Det er lett å forstå desse kategoridefinisjonane, som gjer det enklare å rekne ut snittverdiar, samstundes som jamføringa med vaksenskonturane (med postulert initialt vs. finalt toppunkt) berre vil kunne handle om tendensar til likskap (artikkelen bruker ord som «tendency» og «preference»). Ved normalisert lengd på 1 sekund pr. skrik har det gjennomsnittlege tyske skriket toppunktet sitt 0,06 sekund før midten, det gjennomsnittlege franske skriket når toppen 0,08 sekund etter midten, og pga. definisjonane er dette nok til å seie at dei høyrer til to kategoriar, «fallande» og «stigande», sjølv om dei alle eigentleg er fyrst stigande og deretter fallande, dersom ein ser bort frå kategorinamna.
Det kan sikkert stillast ein del spørsmål om kategorigrensa, utveljingskriteria og den direkte jamføringa mellom (kategoriane i) slike handplukka einskildskrik og dei fonologiske frasestrukturane i vaksenspråk som artikkelen refererer til.
Men eit endå meir nærliggjande spørsmål når ein les om saka i massemedia, er om ein slik metode og slike resultat verkeleg kan borge for ingressar av typen «nyfødte gråter i samme toneleie som foreldrenes morsmål» (VG), overskrifter som «Gråter på morsmålet» (forskning.no) og generaliserande skildringar som «French newborns tend to cry with a rising melody contour, while their German neighbors prefer a falling melody shape» (Reuters).
Ein kan mistenkje massemedia for å ha rapportert på grunnlag av den forenklande pressemeldinga frå Universität Würzburg (her sitert på engelsk, den tyske versjonen seier det same):
Comparisons between babies a few days old in France and Germany reveal that even newborns cry in their native language. […] While French newborns more often than not produce cries with a rising melody contour, tiny Germans tend to cry with falling contours.
Pressemeldinga tek trass alt munnen noko fullare enn fagartikkelen i Current Biology.
Men i dette tilfellet seier også fagartikkelen nokså direkte og utan atterhald om grunnlaget for det som forfattarane meiner å ha observert:
The observed melody contours of French and German newborns’ crying show that they not only have memorized the main intonation patterns of their respective surrounding language but are also able to reproduce these patterns in their own production.
Eg seier ikkje at konklusjonane i artikkelen er feil. Og resultata frå statistikken deira er jo interessante. Eg seier berre at det finst moment som kunne ha borga for litt fleire atterhald.