Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for november 8th, 2009

Kva er eit pensum?

Frå tid til anna kjem det spørsmål som:

Du har ikkje snakka om delkapittel 12.6 på førelesingane, er det då pensum?
Må eg kunne dette på eksamen dersom du ikkje har snakka om det?
Det du sa no, finn eg ikkje omtalt i pensum, må eg då kunne det på eksamen?

Alle desse spørsmåla byggjer eigentleg på litt misvisande premissar, nemleg førestellinga om at ein eksamen på universitetet handlar om å reprodusere faktaopplysningar eller ein fasit. Men på ein universitetseksamen dreier det seg sjeldan om å reprodusere faktaopplysningar, det handlar meir om å gjere seg nytte av at ein kjenner eit fagområde. Som regel er det heller ikkje mogeleg å setje opp ein absolutt «fasit», berre rettleiingar for kva sensor skal sjå spesielt etter.

Jamvel dei formelle karakterkriteria (i alle fall på mitt fag) handlar eksplisitt om refleksjon, drøfting og det å sjå samanhengar. Eit «korrekt svar» (etter pensum) er altså ikkje naudsynleg det beste svaret.

Spørsmåla over kan difor skiftast ut med dei to spørsmåla: Kva er eit pensum? Kva er ei førelesing?

Eit pensum er eit hjelpemiddel for å verte kjend med eit fagområde. Ein førelesingsserie dekkjer neppe heile pensum (det er det ikkje tid til), og kan også gå noko utanfor pensum. Førelesinga er eit hjelpemiddel som skal gjere det enklare å setje seg inn i pensum og fagområdet.

Og då handlar jo saka eigentleg om noko heilt anna.

Det finst sjølvsagt nyansar her. På exfac-nivå dreier gjerne studiet seg mykje om å tileigne seg ein terminologi og ei heilt grunnleggjande innsikt, og då finst det «fasitar», til dømes på spørsmål av typen «er dette ei rot eller ein formativ», eller når ein skal prøvast i om ein veit skilnaden på formell og funksjonell analyse, eller kva ein plosiv eller eit minimalt par er for noko.

Men sjølv på exfac-nivå vil drøftingar vere velkomne, og nettop difor er det vanskeleg også på det nivået å lage «fasitar» til oppgåver, sjølv om svarframlegg lettare lèt seg lage.

Og for å ta eit par døme nettopp frå det nivået som er mest terminologiorientert: Ein exfac-student forklarte kva ein bøyingsformativ er for noko (med utgangpunkt i pensumdefinisjonen, som forresten ikkje er problemfri), men la til at bøying også kan skje på andre måtar, og kom med sjølvstendige døme. Ein annan exfac-student hadde problem med at lydskrifta var unøyaktig, men forklarte kva som var problemet. Slikt viser at studentane kan faget, og det viser det mykje tydelegare enn ei fasitorientert oppramsing.

På høgare nivå, som også på exfac, kjem det ofte studentar som har oppdaga problem med definisjonar eller rammer i pensum, og som spør om kva som er det «rette» svaret eller den «rette» framgangsmåten. Då seier eg gjerne: Skriv på eksamen akkurat det som du spurde om no, med den same grunngjevinga for kvifor dette er eit problem. Det er denne refleksjonen som viser at du kan faget.

Og for då å gje eit døme på korleis det ikkje skal gjerast: Ikkje skriv på eksamen at e-en i lesehest er bøyingsformativ «fordi det står i pensumboka» at ein analyserer e-en på den måten når forleddet er eit verb. Ein slik kommentar viser nemleg ikkje at du har forstått det faglege resonnementet bak den analysen. Det er mykje betre å forklare tankegangen bak analysen, og kanskje også vise til eventuelle problem som oppstår dersom ein gjer analysen absolutt.

Hugs: At noko står i ei bok, tyder ikkje at det er Svaret med stor S. Ikkje eingong om det er ei pensumbok.

Read Full Post »