Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for januar 7th, 2010

To månader etter at dei fyrste oppslaga kom om at tyske og franske spedborn græt i samsvar med melodien i morsmålet, har også Aftenposten ei slik overskrift: «Babyer skriker på morsmålet».

I november-bloggposten min om studien trekte eg fram ein del problematiske moment i metode, analyse og framstellingsform i den no vidgjetne artikkelen som stod på prent i tidsskriftet Current Biology. Men eitt skal forskarane bak artikkelen ha: Dei har ikkje påstått at «babyer skriker på morsmålet», t.d. at tyske nyfødde skrik «das gefääääällt mir gaaaaaaar niiiiiicht!».

Aftenposten har henta saka frå Science News. Det er interessant å sjå på utviklinga i tittelformuleringa, frå fagartikkelen, via pressemeldinga som skulle selje saka til omverda, og over til massemedia:

Current Bilology: Newborns’ Cry Melody Is Shaped by Their Native Language
Pressemeldinga: Language begins with the very first cry
Science News: Newborn babies may cry in their mother tongues
Aftenposten: Babyer skriker på morsmålet

Alle forstår jo at «Babyer skriker på morsmålet» er ei betre overskrift enn «Dokumentasjonsfri studie i biologitidsskrift hevder at gjennomsnittet av noen håndplukkede babyskrik på sett og vis er statistisk i samsvar med postulerte strukturer i foreldrenes morsmål hvis man kategoriserer både skrikene og foreldrespråkene på bestemte måter, men språkforskere stiller spørsmål ved hva som egentlig ble forsket på».

Read Full Post »