Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for mars 24th, 2010

Eg vil ha vørterøl

For nokre veker sidan skjedde det som ikkje skulle skje: Ringnes fann pils på vørterølflaskene sine, og trekte heile sulamitten tilbake. Det kom til og med avisoppslag om ei som hadde drukke vørterøl gjennom svangerskapen, og som no var redd for at ho kanskje kunne ha fått i seg pils i staden. Det vart vørterølturke, og på butikken her skifta dei ut vørterølflaskene med Munkholm i hyllene sine, som om det liksom gjekk ut på det same. Hah!

Mang ein student har teke meg på fersken med ein brun flasketut i munnen når dei kjem til kontoret mitt, og meir enn éin gong har eg presisert at den store samlinga med upanta flakser som har hopa seg opp i bokhylla, levde eit alkoholfritt liv også før flaskene vart tømde. Ved eit høve fekk eg også betalt for eit kurs i form av ei kasse vørterøl. Dei olympiske ringane på etiketten er det næraste eg kjem å få ei sportsånd over meg i dagleglivet, men sunt er det, og etiketten kan love: «Gir kraft i kroppen». På Hansa-etiketten som eg har eit forhold til frå sørlegare breiddegrader (Sunnmøre), er det til og med bilete av ein veldig sprek mann. Så kom ikkje her og sei at eg ikkje har eit forhold til slikt som er sunt.

Eg har drukke vørterøl sidan eg var bitteliten (takk til pappa for å ha introdusert meg for dette fantastiske produktet), og skal nok klare å oppdage det dersom det er noko anna på flaska, anten det er det eine eller det andre som ikkje er vørterøl, så eg prøvde meg då eg forstod på kassaguten på butikken at vørterølflaskene var stabla bort på lageret: «Kan eg få lov til å kjøpe vørterøl dersom eg kjøper på eige ansvar?» spurde eg, og visste med meg sjølv at eg er så i stand til også å lukte skilnaden på vørterøl og ikkje-vørterøl at eg kan sende flaska vidare til kona dersom det luktar feil. Men nei, eg fekk ikkje lov til å kjøpe vørterølflakser på eige ansvar. Store mannen. Snart førti.

Så var me på ein liten tur i køyretyet, og oppdaga tilfeldigvis at ein annan butikk litt lenger nede mot fjorden faktisk hadde massevis av vørterølflasker ute i lokalet sitt. «Hurra!» sa eg, kjøpte nokre flasker, men nokre dagar seinare hadde sanneleg dei òg skaffa seg store mengder Munkholm.

Også Hansa produserer vørterøl, men Hansa er ikkje store i her i Trondheim, så eg sende av garde ein kjapp e-post ned til dei med spørsmål om eventuelle utsalsstader for vørterøl her i området. Like kjapt gjekk det til at eg aldri fekk noko svar frå dei. Det har no gått tre veker sidan eg spurde, og Hansa, om dei sel vørterøl i Trondheim, har gått glipp av mange Jardar-kroner.

Korleis går det med den vørterølsaka til Ringnes, då? Eg byrjar å verte tyrst. Nemleg. Så det har eg også skrive til Ringes no, og dei har svart at dei byrja å distribuere vørterøl igjen allereie for to veker sidan. To veker sidan? Ja, to veker sidan.

Og eg skulle akkurat til å sende ein SMS til Judith om dette då eg fekk ein MMS frå henne med bilete av nokre brune flasker som ho hadde funne på butikken. Og endeleg har eg noko godt å drikke igjen.

Hyggjeleg MMS frå Judith.

Read Full Post »