Eg drøymde her eine natta at eg var ute i Fosnavågen i eit ærend, og då eg skulle tilbake til bilen, så var bilen borte. Heilt sikkert, bilen var stolen. Dette har eg nemleg opplevt i vaken tilstand ein gong, men det var her i Trondheim og ein annan bil.
I draumen virra eg omkring og lurte stendig meir på kvifor eg på dette minuttet som eg var bak nova, ikkje hadde høyrt alarmen. Bilen var til og med låst, og til skilnad frå gamlebilen ved førre tjuveri har denne bilen altså alarm. Lyklane hadde eg på meg òg.
Plutseleg var eg inne i eit hus og snakka med bror min, kona hans og kjentfolk frå vidaregåande. Det hadde oppstått ein eller annan konflikt rundt korleis ein best sender fotofiler via e-post. Presten sat borti hjørnet, og eg gjekk ut på kjøkenet for å sjå om bilen min kanskje var der.
Det slo meg plutseleg at eg hadde kome på ein god idé sist bilen vart stolen, og at dersom noverande bil kjem til rette, så skulle eg vurdere å gjere alvor av det òg: Ja, det må vel finnast GPS-dingsar med GSM-modul, slik at eg kan finne bilen når han vert stolen? Det fanst i alle fall på den tida, men då med eit kostbart abonnement. Kanskje det finst noko billegare i dag? Eg har til og med eit SIM-kort som eg ikkje bruker i det daglege, men som eg held ved like fordi det har så kult nummer, eg kunne jo bruke dette SIM-kortet. Men dingsen burde ikkje vere for dyr.
Diskusjonen om fotofiler heldt fram i sofaen, som forresten var i eit anna hus enn den stova som diskusjonen eigentleg gjekk føre seg i, bilen var ikkje under tomflaskene heller, og til slutt oppdaga eg at eg køyrde omkring i bilen min og leitte etter bilen min.
Då gamlebilen vart stolen i vaken tilstand i 2000, fekk eg han etterlyst på P4 på denne måten:
Biltjuv
Forbanna tjuv som stal min bil
då eg på arbeid var!
Om eg deg møter, ikkje tvil,
du sluttar vera kar.
Stell fint med bilen min, den blå,
for elles vankar bank,
din luselort, som måtte klå
på bil med kvartfull tank.
Og om min bil har hastig stupt
mot avgrunn, evig ro,
so vonar eg at du sit djupt
bak rattet framleis no.
Bilen kom til rette den gongen, det var parkeringsvaktene som fann han. Bilen fekk seg alarm og sånn der stor, gul stong som ein låser fast til rattet, og bilen levde lukkeleg heilt til han måtte avlivast.
Og apropos det. Bileta i videoen med P4-opptaket frå 24.10.2000 er alle frå dagane og minutta like før avlivinga i februar 2008, det siste biletet er frå sjølve avlivingsdagen med rettarstaden i bakgrunnen. Eg har nemleg ikkje så mange bilete av gamlebilen, så eg kommenterer til fru Judith: «Tenk om me hadde gjort det slik med menneske òg, at me tok bilete av dei berre like før dei skulle døy.»
Judith nikkar og seier at det er sant, me tek jo sjeldan bilete av kvardagsting. Til dømes har me ikkje mange bilete av to oss her i sofaen.
Nei, seier eg, det er jo fordi du har nekta meg å ta bilete av oss her, fordi det er så rotete.
Ho nikkar igjen og seier «mm».
Legg att eit svar