Kanskje er det ikkje akkurat på denne måten i alle sine detaljar i norsk esperantorørsle, men Geir Grenis kortfilm Que sera, sera frå 2002, som ein kan sjå gratis på nettet, er vel noko som alle med røynsle frå små organisasjonar kan kjenne seg att i. Og det gjeld vel dei fleste av oss her til lands. I dei esperantiske hovudrollene finn ein Espen Torkildsen og Solveig Kloppen. Filmen skal vere i 16:9-format, men er samanklemd til 4:3 i lenkja over.
Filmen handlar om årsmøtet til Norsk Esperanto-Forbunds fiktive namnehalvbror. Esperantoen er sjølvsagt noko prega av at skodespelarane ikkje kan språket, men det er ikkje verre enn at då det vart arrangert verdskongress i Göteborg i 2003, så kunne filmen visast fram til stor lått og applaus. Ein herleg film som kunne ha vorte lagd til kva knøttforbund som helst, men det var no ekstra stas at det vart esperanto, då.
Det har jamvel kome med nokre interne poeng, som referansen til «esperantonøklar». Ein «Nøkkel» er ei miniordbok som er avgrensa til det aller viktigaste, typisk eit par tusen ord og ikkje noko meir. Og ekte esperantofolk frå Oslo-klubben var òg med i filmen som statistar.
Helsinga «jaŭs» er oppkonstruert, «hei» heiter «saluton» på esperanto, men «jaŭs» vart forbigåande populært i esperantomiljøet då NRK sende filmen for nokre år sidan, med ei tyding midt imellom «hei!» og «kjempebra, dette er flott!».

Jaŭs!
Eg nemnde uttalen. Det segmentale (lydane) er bortimot perfekt. Det som ofte vert vanskeleg for skodespelarane, er trykkplasseringa, som når hovudpersonen Karl Oskar spør om han ikkje har sett seg for høge mål. På esperanto seier han: «Mi ne havas tro altajn celojn, ĉu?» (Eg har ikkje for høge mål, eller kva?) Dei to orda altajn celojn (-j er fleirtalsending, -n er akkusativending) tyder ‘høge mål’, og skal uttalast [«altain «tse:loin] (med jukse-IPA og grov transkripsjon her, vokallengda er valfri), altså med trykk på nest siste staving. Her vert det uttalt med trykk på siste staving, i alle fall i den replikken som kjem 26 sekund ute i filmen: [al’tain tse’loin].
Filmen har fleire døme på det same, men trykkplasseringa er noko varierande (forbløffande ofte korrekt), så det har gått utruleg bra med tanke på at skodespelarane ikkje kan språket.
Om nokon av studentane mine les dette (hei), så hugsar de kanskje kva eg sa på førelesinga no på fredag (sjå kva eg innbiller meg, hæ). Eg nemnde i forbifarten swahili, polsk og esperanto som språk der den sterke foten kjem til høgre i ordet på ein slik måte (med fothovud til venstre og fothale til høgre i foten) at primærtrykket landar på nest siste staving. Då hadde me allereie sett at også på norsk kjem den sterke foten til høgre i ordet. Men på norsk fungerer det altså likevel litt annleis, slik at ein ikkje alltid får ei trykklett staving etterpå. Og det er truleg akkurat det ein kan observere når Karl Oskar snakkar med ein lett norsk aksent her:
På norsk er det slik at dersom ei staving er tung, altså har to moraer, så vil denne stavinga verte hovud i ein fot (det slo meg akkurat kor rart dette må høyrast ut for folk som ikkje kjenner terminologien). Ein fot må ha hovud, men treng ikkje hale (dette høyrest endå verre ut). Eit fothovud får primærtrykk dersom foten er sterk (t.d. den sterkaste av to eller den einaste foten i ordet). I orda altajn celojn er det diftong i den siste stavinga, med éin mora til kvar vokal, slik at den siste stavinga i kvart av orda vert bimoraisk. Den norske skodespelaren kan då instinktivt behandle den siste stavinga i kvart av desse orda som fothovud/ein eigen fot og dermed plassere hovudtrykket på den siste stavinga i staden for den nest siste.
I norsk er altså trykkplasseringa noko som lèt seg påverke av stavingsvekta, slik er det ikkje på esperanto, men sams er at me held oss i høgre kant av ordet.
For lekfolk: Det eg sa over her, var at på esperanto landar trykket på den nest siste stavinga i ordet, men fordi den siste stavinga i desse to orda inneheld ein diftong, gjorde truleg dei norske intuisjonane at trykket landa der på siste staving i staden. Og så forklarte eg korleis dette heng saman.
(Eventuelle fonologar som les dette: Framstellinga over er prega av at dette dreier seg om eit kurs der det ikkje er så veldig aktuelt å greie ut om moraiske føter. — Eventuelle norrønfilologar: Nei, med unntak av trøndersk og «ikkje-standard»-austlandsk er norsk trykkplassering i usamansette ord ikkje på den fyrste stavinga i ordet, standardplasseringa er på ei av dei siste stavingane, men i tostavingsord vil den nest siste stavinga sjølvsagt vere den fyrste.)
Legg att eit svar