Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for juli 29th, 2010

No mjauar det i heimen

Det er som det kitlar heilt ned i tåa når eg ser desse to hjarteknusarane saman. Dei to jentene kjem frå Meråker og har flytta heilt til Trondheim for å adoptere oss.

Tigris var nok ei god støtte for forsiktige Nera då dei kom til den nye heimen sin. Tigris forska ut staden, og Nera fylgde etter. Ein milestolpe var nådd då den mest atterhaldne av dei leikebeit meg i fingeren. Å vere akseptert av ein katt er noko ein kan tillate seg å vere stolt over.

Dei to har sine heilt eigne personlegdomar, slik det høver seg for kattar. Begge er dei nokså kjælne og leikne av seg, Tigris er den som mel snarast, men i går kveld vart Tigris så leiken at Nera vart lei og gjekk ned på kjøkenet i staden. Og medan Tigris er meir framfus enn Nera, er det Nera som har mot til å hoppe frå skuldra og heilt ned på golvet. Nera er også den store klatraren – her tidlegare i dag vart ho observert på veg opp dørkarmen.

Elles er dei veldig avhengige av kvarandre. Eg kan ta den eine på fanget og klappe henne, men så kjem det eit murremjau, og katten reiser seg og går for å leggje seg hjå systera tretti centimeter lenger borte.

Nera er den som er svart oppå og kvit under. Det fulle namnet hennar er Nera Bianca Missydotter. Tigris er sjølvsagt den stripete jenta, med det fulle namnet Tigris Felisa Missydotter.

Judith har skrive litt om jentene våre her.

Read Full Post »