Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for august 15th, 2010

Skriv mange språk

Omsider vart versjon 2.1 av tastaturoppsettet Utvida norsk ferdig. Då versjon 1.0 vart til i 2003, var det to saker som låg til grunn.

Den eine var openberr: Eg sakna å kunne skrive litt fleire språk via tastaturet. Med Unicode er det jo ikkje lenger snakk om å skifte font når ein skal skrive eit språk med ikkje-norske bokstavar. Nei, ein finn den aktuelle bokstaven og skriv han, slik at ein c alltid er ein c, og ein ĉ alltid er ein ĉ, same kva font ein bruker. Skrekkhistoriene frå åttebitstida er mange, jf. bloggposten om Word. Og når ein då altså gjerne vil skrive ein ĉ, som ligg på adresse U+0109 i Unicode-tabellen, så er det tungvint å måtte navigere i teikntabellar, i alle fall for dei av oss som skriv ĉ heller ofte. Så kvifor ikkje berre trykkje på cirkumfleks-tasten og deretter på c-tasten, slik ein kan lage ê og î ved å trykkje cirkumfleks og deretter den aktuelle bokstaven?

«Utvida norsk» etter å ha trykt cirkumfleks. Mellomromstasten vil gje ^ (vanleg ASCII-cirkumfleks), men trykkjer du ⇧-mellomrom, vert det ˆ (ekte cirkumfleks). Oppe til høgre ligg akutt-tasten, som no vil gje cirkumfleks-akutt og tilgang til teikn som ấ (a med cirkumfleks og akutt).

Den andre motivasjonsfaktoren for å lage dette tastaturoppsettet var at eg bruker « og » ofte nok til at eg ville ha dei på ein lettare tilgjengeleg tast. Så då laga eg like godt to variantar av tastaturoppsettet: I den eine ligg « og » på dei vanlege plassane sine (⌥⇧V og ⌥⇧B), i den andre har eg flytta dei til «mindre enn/større enn»-tasten med ei tilsvarande forskuving av teikna < > ≤ ≥.

Tastar som cirkumfleks-tasten vert gjerne omtalte som «daudtastar». Daudtastane i versjon 2.1 er, med døme (det er ikkje sikkert du ser alle døma dersom du ikkje har ein font som inneheld dei aktuelle teikna): akutt é, grav è, tøddel ö, undertøddel ṳ, tilde ẽ, undertilde ṵ, cirkumfleks ê, undercirkumfleks ḓ, dobbel akutt ő, dobbel grav ȍ, komma ș, overprikk ṡ, underprikk ṣ, overring ů, underring ḁ, gjennomstrek ŧ, skråstrek ⱦ, haček č, cedille ş, kvist ǫ, overstrek ō, understrek ḏ, breve ŭ, invertert breve ȃ, krok ỏ ɗ, horn ơ.

Nokre av desse når ein med to trykk på daudtasten, t.d. dobbel grav. I tillegg har versjon 2.1 ein del andre doble daudtastar, slik som tøddel-akutt. Trykkjer ein tøddel, akutt og til slutt u, får ein nettopp ein u med tøddel og akutt (ǘ). Andre døme er cirkumfleks-underprikk ậ og horn-krok ử.

Eg har berre lagt inn slike teikn dersom dei er definerte som prekomponerte bokstavar i Unicode. Men kombinerande variantar av diakritiske teikn får ein ved å trykkje på den aktuelle daudtasten og deretter anten < eller ' (apostrof), begge heilt til venstre på tastaturet. Då vil det diakritiske teiknet leggje seg på/over/under førre teikn. Såleis kan ein lage seg ein @ med akuttaksent om ein vil: @́ (atterhald om at du kan sjå dette dømet, det trengst også fontar som stør slike finessar).

Då eg laga versjon 1.0 av «Utvida norsk» i 2003, fanst det allereie eit tastaturoppsett som kom med operativsystemet og som heitte «US Extended», så ideen var ikkje ny. Ein ny, liten idé var nok heller at eg stappa inn ein daudtast som vart koda med id-en «spesial» i xml-fila til tastaturoppsettet. Denne daudtasten kan ein trykkje for å nå teikn som det ikkje er naturleg å plassere andre stader, t.d. ƕ og ə.

Noko seinare på året kom altså Mac OS X 10.3, no med tastaturoppsettet «Norsk utvidet», men eg synest sjølvsagt at mitt eige «Utvida norsk» er best, så pass må ein få lov til å favorisere sine eigne born. Ja ja, det er best til min bruk, greitt. Apples «Norsk utvidet» har daudtastar og kombinerande teikn lagde inn etter andre prinsipp, slik at ein måtte fjerne ein del teikn for å få plass til alt det nye, t.d. har ein fjerna ≈ og ≠. I tillegg ligg dei fleste av daudtastane på andre tastar enn ein skulle vente dersom ein er van med det vanlege norske tastaturet.

Utvida norsk 2.1 er i hovudsak redigert i Ukelele, og oppsettet kan lastast ned her. Den nye versjonen har 1044 teikn (medrekna piltastar og slikt), fordelte på 2437 utputt-definisjonar (nokre av teikna er definerte fleire gonger, t.d. stor A på både shift og på caps lock). Men det fungerer altså berre på Mac. Det er ikkje vits i å spørje meg om Windows, for det har eg ikkje peiling på.

[Oppdatering 4.7.2011: Dersom du ikkje får kontakt med tenaren, så prøv alternativ lenkje her. Eller ta direkte kontakt.]

Read Full Post »