Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for september 29th, 2010

Systemet kom i mål

– Nei, dei symptoma har eg ikkje, fortel eg.
– Men kvifor er du her ? spør sjukepleiaren (eller var det ein lækjar).
– Fordi Systemet går sakte.

Observante lesarar vil ha oppdaga at eg vart sjuk i fjor haust. Det eg ikkje har skrive, er at det tok fleire veker å få lækjartime, deretter tok det tre månader å verte henvist, så stod eg i kø for å få lov til å stå i kø for ei undersøking. Neste undersøking skulle eg eigentleg til fire veker seinare, men dette vart åtte veker, og då eg kom dit, vart eg flytta til ein annan kø, no på tre månader, som vart litt meir. Tolv og ein halv månad etter at eg vart sjuk, kom Systemet i mål i dag. På denne tida har eg også vorte litt klokare på korleis Systemet klarer å overhalde fristane sine: det er berre å nullstille ventetida, det.

All ære til dei som tok seg av meg i dag. Om nokon av dykk les dette, så vit at eg aldri før har følt meg i så trygge hender, sjølv om situasjonen var noko ukomfortabel. Og også fastlækjaren skal ha skryt.

Etterverknadene etter dagens undersøking er både upraktiske og steikje smertelege, men diagnosen er triveleg, etterverknadene kjem til å gå over, og om eg no berre er i form til å gå på jobb resten av veka (det eg), så er alt perfekt.

Read Full Post »