Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for november 14th, 2010

Lydskrift på Mac

Å skrive lydskrift er ikkje nokon stor kunst. Denne bloggposten handlar primært om lydskrift på Mac, men noko av det (den andre måten under) kan også vere aktuelt for andre operativsystem. Har du Windows, så sjå i tillegg gjerne IPA-Unicode-sida til John Wells.

Fyrst av alt: Ein skriv ikkje lydskrift ved berre å endre font og taste i veg. Slik tilnærming er steinalderteknologi, og vil garantert føre til problem. Men ein treng jo likevel ein font som inneheld lydskriftteikna. Bruk Unicode-fontar, til dømes Doulos SIL eller Charis SIL, som kan lastast ned gratis frå SIL. (Merk: Den nettsida har også ein del andre fontar, og nokre av dei er frå steinalderen. Sjå opp for ord som «symbol-encoded», «obsolete» og «discouraged». Hald deg til Unicode-fontar!)

Som regel må ein endre font, same kva slags metode ein bruker for å stappe inn lydskriftteikn. Unntaket er dersom ein allereie skriv med ein font som inneheld alle dei IPA-teikna ein er interessert i. Til dømes er det mange fontar som inneheld ə og ŋ, m.a. Times, Times New Roman og Monaco (i alle fall dei relativt nye versjonane).

I alle fall, dersom ein har fontar med dei aktuelle IPA-teikna i, så kan ein skrive inn desse teikna på tre måtar.

Den eine måten er å navigere i tabellane i «Tegnvisning» [oppdatering 23.8.2015: frå OS X 10.10.3 heiter det visst «Emoji og symboler»]. Dette er tilgjengeleg i tastaturmenyen i menylina. Gå til Systemvalg > Språk og tekst > Inndatakilder (Mac OS X 10.5 og eldre er det Systevalg > Internasjonalt). Men dette er tungvint ettersom lydskriftteikna er spreidde omkring både her og der, ikkje berre i IPA-blokka. Den nemnde ŋ ligg t.d. i blokka «Latinsk, utvida A». Dersom ein ikkje er heilt stø i sin IPA, risikerer ein også å stappe inn feil teikn, fordi ein finn eit teikn som liknar på det ein ser etter, men som ikkje er det ein eigentleg vil ha.

I Word skal det visst også gå an å setje inn teikn frå ein meny der, men dette har eg aldri fått til, og eg har ikkje prøvt å finne ut av det heller, sidan eg til vanleg bruker Pages. [Oppdatering 23.8.2015: Etter at Apple øydela Pages, har eg gått over til Nisus Writer Pro.]

Ein annan måte å stappe inn lydskriftteikn på er å gå til IPA-tabellane til Weston Ruter, klikke, kopiere og lime inn. Dette er meir brukarvenleg, ettersom ein slepp å navigere så mykje. Dette fungerer på tvers av operativsystem, ein treng berre ein nettlesar. Klikk på det symbolet du treng, så dukkar det opp i eit felt nedst på sida som det er lett å kopiere frå.

Oppdatering 23.8.2015, metode 2b: Som ei blanding av den fyrste og den andre måten (ein treng ikkje å vere på nett), så finst det også ein teiknpalett som heiter IPA Palette, og som har IPA-teikna i det same oppsettet som vi er vane med på IPA-tabellane. Dette er ein reindyrka IPA-slektning av det som i dag heiter «Emoji og symboler». IPA Palette må ein sjølv installere etter nedlasting, paletten vert tilgjengeleg i tastaturmenyen saman med teiknvisinga og tastaturoversikta (han ville altså ha dukka opp som «Vis IPA Palette» i biletet over dersom han hadde vore installert på det tidspunktet), men er mykje lettare å finne fram i til vårt føremål enn metode 1 over. Dei siste åra har eg ofte tilrådd metoden for andre Mac-brukarar, og bruker av og til metoden sjølv òg, men sidan eg skriv lydskrift så mykje som eg gjer, held eg meg stort sett til den neste metoden. (Slutt på oppdatering.)

Den tredje måten (for oss som skriv IPA heile tida) er å omdefinere tastaturet sitt til å plukke fram teikn frå andre kodepunkt i Unicode enn tastaturet til vanleg opererer med. Altså endre tastaturoppsett. Det finst fleire tastaturoppsett for IPA, og eg har òg laga eit. Det som kjem frå mi hand, er omsider ferdig i versjon 2.0. Last det ned, installer (instruksar står i «read me»-fila), logg ut og inn, aktiver det slik at det dukkar opp i tastaturmenyen, og vel det når det trengst.

[Oppdatering 4.7.2011: Dersom du ikkje får kontakt med tenaren, så prøv alternativ lenkje her. Eller ta direkte kontakt.]

IPA-tastaturoppsett. Tastane som er markerte med raudt, er daudtastar.¹

Tastaturoppsettet når ⇧-tasten er trykt ned.
Ein kan også trykkje ned ⌥ og ⌥⇧ for å få endå fleire teikn.

Dette tyder at for å skrive teiknet ŋ (velar nasal) trykkjer ein ⇧N, og ein slepp å leite i teikntabellane og kanskje blande saman med ƞ, som ikkje finst i IPA. I dette tastaturoppsettet trykkjer ein elles ⌥N for å få ɳ (retrofleks nasal) og ⌥⇧N for å få ɲ (palatal nasal).

Og så ei lita åtvaring til slutt: Over nemnde eg dette med å vere stø i sin IPA, og den åtvaringa gjeld både for innsetjingsmenyar i Word og for tastaturoppsett, men sjølvsagt mest for innsetjingsmenyar der ein må navigere for å finne noko som ein håper er rett teikn (ŋ og ƞ er nemnde, eg kunne også nemnt IPA-vokalar som ɵ og ɤ og IPA-konsonantar som θ og ɣ). Min kollega Aleksander plar rå exfac-studentane til å skrive lydskrift for hand i obligatoriske oppgåver. Dette rådet byggjer både på den nemnde faren for feil og på den tida slik navigering kan ta. Det kan dessutan verte kluss med utskrifta dersom den maskina som ein skriv ut med, ikkje har dei fontane som ein har brukt i dokumentet (men om ein lagrar som pdf, går det likevel bra, altså).

_____
¹ Daudtast: tast som ikkje gjev eit ferdig skriftteikn, men som typisk gjev ein del av skriftteiknet, som ein så fullfører med neste tastetrykk. Til dømes tøddel ¨, som etterfylgd av o gjev det ferdige skriftteiknet ö.

Read Full Post »