Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for desember 2010

Kjell

I 2005 vart bokstaven Kjell lansert i fjernsynsprogrammet Typisk norsk. Lydverdien til denne bokstaven er [ç], som i austlandsk uttale av starten på namnet Kjell. Tanken var at denne bokstaven skulle motverke det pågåande samanfallet med sj-lyden [ʃ], eit samanfall som resulterer i «sjino» og «sjole». Sjølvsagt var heile opplegget berre ein humoristisk vrid som fekk folk til å snakke endå meir om språk enn dei allereie gjorde.

Då eg var ung, visste eg ikkje at austlendingane (og ein del andre) hadde lyden [ç] i slike ord som «kino» og «kjole». For meg som sunnmøring fanst det sjølvsagt også ein kj-lyd, men dette var affrikaten [c͡ç] (for dei uinnvigde: omtrent som ch-lyden i engelsk church). Så for oss der heime høyrdest austlandsk kj-lyd uansett ut som ein slags sj-lyd, noko vi visste å le av: «Ha ha, austlendingane klarer ikkje å seie bikkje, dei seier bissje, ha ha.» Ja, så feil kan ein ta.

Vel, nok om det. Wikipedia (lenkje over) fortel at det var designbyrået SDG som utforma bokstaven Kjell for NRK, og det same kunne vi lese i massemedia. No finn eg ikkje så mykje av det på nett, men webavisen.no har ein notis frå Kampanje datert 3. mars 2005:

Designbyrået SDG fikk i oppdrag av NRK og programmet Typisk Norsk å designe en ny bokstav. Den splitter nye bokstaven til SDG fikk navnet «Kjell» og uttales «skj-» eller «sch-».

Kanskje litt misforstått, dette med uttalen, men saka er den same: SDG fekk oppdraget, æra og for alt eg veit også pengane.

Johan Storm

Eg kom til å tenkje på denne bokstaven igjen då eg nyss såg han på hettegenseren og bloggen til ein kompis som heiter nettopp Kjell. Og grunnen til at eg ikkje har tenkt så mykje på dette skriftteiknet dei siste ca. tjue åra, er at då lærte eg meg IPA-lydskrift, og sidan har eg halde meg til denne.

Men før eg lærte meg dagens standardlydskrift, vandra eg litt omkring i lydskrifta til Johan Storm (1836–1920). Denne lydskrifta går gjerne under namnet Norvegia, etter tidsskriftet som publiserte lydskriftsystemet i 1884. Norvegia har vore i bruk heilt opp til våre dagar, og det finst framleis folk som veit å lese det.

Det er faktisk ein leivning etter Norvegia-tradisjonen når Bokmålsordboka og Nynorskordboka den dag i dag markerer trykk etter trykkstavinga, og med teiknet ´ (akuttaksent) for tonelag 1 og ` (gravaksent) for tonelag 2, t.d. i oppslagsordet karrie`re. IPA har eigentleg ikkje tonelagsmarkering, men det finst tradisjonar for å bruke dei heva tala ¹ og ² framfor trykkstavinga.

Norvegia-frikativ

Eg veit ikkje om andre har kommentert det (og i skrivande stund er det ikkje nemnt i den Wikipedia-artikkelen, men det kan vel endre seg), men eg trur det må vere velkjent i alle fall i nordistikkmiljøet at bokstaven Kjell er mistenkjeleg lik ein Norvegia-bokstav som hadde nettopp den lydverdien som bokstaven Kjell skal ha, nemleg ein ustemd palatal frikativ, den lyden som vert skriven som [ç] i IPA. Det finst likevel to skilnader: Norvegia var kursivskrift, medan SDG-versjonen er utforma som rettstilt skrift. Og i Norvegia hadde ikkje dette skriftteiknet namnet «Kjell». Til høgre ser vi bokstaven i Norvegia-fonten som Nils Lia og Joleik Øverby laga i 1992.

I boka Norske målføretekster av Olav Beito (1977) finn vi mange døme på dette skriftteiknet, her frå s. 57 og Eidsvoll. Legg særleg merke til at Norvegia markerte lange vokalar med ein vassrett strek over.

Eidsvoll. – IPA: /so n̩ ²brʉktə o ²çøːrə him/

Norvegia-affrikat

Som sunnmøring brukte eg sjølvsagt aldri dette skriftteiknet for ustemd palatal frikativ. Eg visste ikkje eingong om det i mine yngste år, som eg var inne på over. Derimot hadde eg god nytte av Norvegia-teiknet for ustemd palatal affrikat. Og den sunnmørske [c͡ç] såg ut som ein Kjell med eit vassrett strek gjennom halsen, noko som høyrest makabert ut, men eg treivst godt med det.

Eg har funne dei gamle notatbøkene mine som eg hadde i skjortelomma medan eg gjekk på vidaregåande (ja, eg var endå særare då enn eg er no), men handskrifta mi var allereie då uleseleg for andre enn meg sjølv, så her kjem i staden eit vakkert døme frå Beito-boka s. 330, Blindheim på Sunnmøre:

IPA: /¹moː c͡çə dʉ ²næmnə/

Men dette vart ei avsporing, berre så eg kunne få nemne sunnmørsk endå ein gong. Det eg eigentleg skulle seie her, var altså: Bokstaven Kjell er eldre enn som så.

Read Full Post »

Nakne verdiar

Ein skule hadde innført kjønnsdelt gymundervisning, men den ordninga vart det slutt på, melder NRK. Det var nemleg i strid med opplæringslova § 8-2.

Den offentlege debatten om saka handla likevel lite om lovteksten. Då saka dukka opp i oktober, kunne Frp ikkje uventa fortelje at «dette er islamisering». Samstundes kunne ein mann (tilfeldigvis prest) stille den diagnosen at vi ikkje torer å «holde på vårt eget». Ja, verre enn som så: Kjønnsdelt gymundervisning «bryter med norske grunnverdier», noko også Frp var inne på: «kjønnsdeling bryter med grunnleggende verdier». Ikkje småtteri, altså: grunnleggjande verdiar. Og lesarkommentarane på dagbladet.no? Giss éin gong. Kanskje den paranoide muslimhamringa der var uttrykk for grunnleggjande norske verdiar?

Frå mine heimtrakter.

Opplæringslova er frå 1998. Då eg gjekk på barne- og ungdomsskulen på Sunnmøre på 70- og 80-talet, var kjønnsdelt gymundervisning regelen, ikkje unntaket. Dette var greitt nok, eg følte meg ikkje undertrykt av det, eg slapp å vere flau i same gymsal eller basseng som jentene, og eg har ein mistanke om at jentene òg syntest det var greitt å sleppe gutane.

Bortsett frå å avskaffe heile kroppsøvinga var det to ting eg ynskte meg på den tida: separat bås i garderoba og separat dusjbås. Eg likte rett og slett ikkje å opptre naken framfor dei andre gutane. Kall meg gjerne sær, men slik var det, og eg liker framleis ikkje å opptre naken for andre enn kona mi. Men då det viste seg for nokre år sidan at nokre muslimske jenter i Trondheim var like sære som eg, så vart det offentleg debatt om muslimane som kjem hit til vårt stolte Noreg og vil ha spesialbehandling. (Om jentene kom hit eller var fødde her, var like lite interessant som trusfridom.)

Tenk om eg hadde ytra det blyge ynsket mitt om dusjbås i 1984, og så hadde det vorte nasjonal debatt om knefall og jardarisering, og om denne fyren frå Eggesbøneset som kjem her og vil bestemme, «snart skal vel alle klasserom vendast i retning Eggesbøneset». Det hadde ikkje vore særleg kult for ein blyg fjortenåring.

Men no forstår eg det slik at kjenslene mine og forholdet mitt til eigen kropp ikkje fell inn under definisjonen på «norsk». Oppveksten min på Sunnmøre var «unorsk», og vil eg ikkje integrerast og angre på blygskapen min, så…

Eller er det av uforklarlege grunnar rom for avviket mitt likevel? – Og får eg i så fall lov til å vere den neste som definerer kva slags kjensler som er bra nok til å kunne kallast norsk?

PS: Dusjbåsane i Trondheim vart forresten populære uavhengig av religion. Bombe.

Read Full Post »