Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for januar 2011

Det sa han ikkje

For ei tid sidan fekk eg ein lakkskade på bilen, og slikt er det jo lurt å få fiksa. Då bilen var ferdig, fekk eg tekstmelding om det, klokka var no halv seks på ettermiddagen, og eg ringde tilbake for å avtale hentetidspunktet.

– Ja, bilen er ferdig, ja. Når vil du hente han?

– Når som helst.

Billakkeraren kjem med eit framlegg: – Halv åtte?

– Ja, gjerne halv åtte, seier eg tilbake.

– Eller kanskje, seier billakkeraren, og fullfører med eit halvvegs mumla klokkeslett som eg ikkje heilt høyrer, før han konkluderer: – Nei, halv åtte. Klokka er halv seks no.

Vi legg på, og eg seier til kona mi at vi skal hente bilen min klokka halv åtte. – I morgon tidleg eller no i kveld? spør ho.

– Nei, det sa han ikkje… Hm… Men han sa at klokka er halv seks no, så då er det vel i kveld.

Eg måtte sjølvsagt sporenstreks varsle kollegaen min om denne samtalen, for dette kan ho så uendeleg mykje betre enn ein språklydarbeidar som eg. Tilbake fekk eg tusen takk for dømet, og så ei forklaring om at min tilgang på kontekst gjorde ytringa til billakkeraren eintydig, medan ytringa vart fleirtydig for kona mi, som ikkje hadde snevra inn konteksten på same måte. For dette kan altså analyserast innanfor pragmatikken, fagfeltet som tek seg av forholdet mellom språk og kontekst.

Så studer gjerne lingvistikk, altså. Der lærer ein meir om sånt, i tillegg til slikt som også eg veit meir om.

Og bilen? Kjempefint arbeid. Treng du ein lakkjobb i Trondheim, så veit eg kven eg skal tilrå.

Read Full Post »