Av og til kjem det flate pakkar i posten, med prøveeksemplar av ei og anna bok som forlaga vil at eg skal vurdere å bruke på kursa mine. Slik var det også då tredjeutgåva av A Concise Introduction to Linguistics av Rowe og Levine kom. Kolofonen seier at boka kom ut i 2012, men kalenderen min viste ikkje meir enn mars 2011.
Å lese ei bok frå perm til perm tek tid, så eg har berre skumlese boka, og konsentrert meg om kap. 2 (fonetikk) og 3 (fonologi), før eg byrja å skumlese også her og der elles. Det siste skulle eg ikkje gjort, det heldt på å ta nattesvevnen frå meg.
Derfor vil eg presisere at dette er ein bloggpost frå sofakroken her heime, ikkje ei bokmelding. Om du berre er interessert i nesten-svevnløysa, så kan du hoppe nokre mellomtitlar nedover i teksten.
Den fyrste skumlesinga
Fonetikkapittelet presenterer dei fonetiske skriftteikna i brødteksten, men tabellar og summariske oversikter finst ikkje for anna enn engelske lydar. Studentar bruker tabellar og summariske oversikter som hjelpemiddel, og mangelen på generelle tabellar og oversikter kan ein sjølvsagt kompensere for på førelesing ved å dele ut eit IPA-kart i tillegg.
Verre er det då at boka baserer seg på det nordamerikanske lydskriftsystemet APA i staden for det internasjonale systemet IPA. Dette til og med i det som på omslaget heiter «International Edition» av boka. Det hender seg at det er brukt APA i originalartiklar eg bruker i kurs på masternivå, men eg vil helst unngå slikt i lærebøker på basisnivå.
Transkripsjonane i boka er heller ikkje spesielt framifrå, t.d. engelske ord som lay [le] og lame [lem], utan transkribert diftong.
Fonologikapittelet kretsar rundt fonemet. Og det er klart at fonemet er ein viktig og framleis nyttig del av allmennkunnskapen og faghistoria for dei som studerer lingvistikk, men som primær analysereiskap avgjekk det trass alt ved døden for nokre tiår sidan, og på grunnivå treng eg ei lærebok som i alle fall er innom elementær generativ fonologi med underliggjande form, overflateform, stavingsstrukturar og slike ting.
Litt generativ fonologi er teke med i kapittelet, men dette er stort sett avgrensa til binære distinktive trekk, naturleg klasse og markertheit, og sjølv dette vert omtalt i lys av fonemet.
Det gjer ikkje saka betre at tabellen over dei distinktive trekka til ulike vokalar (s. 76) inneheld trekket [±reduced]. Alle vokalar er oppførte som [-reduced], bortsett frå ə (schwa), som er oppført som [+reduced], men framleis også som [+low], [+back] og meir til.
Dette vert berre forvirrande. Veldig kort sagt: Det er gjengs analyse i dag at ein ə, som redusert vokal, ikkje har fonologiske trekk for artikulasjonsstad, reduksjonen handlar om å fjerne trekk på vegen til overflata. Då vert det rart å ta med [±reduced] som fonologisk trekk, og det til og med på segmentnivå utan å sjå på forholdet mellom underliggjande form og overflateform. Her manglar det som eit minimum ei utførleg drøfting av ein type som sjølvsagt ikkje ville ha passa i ei innføringsbok. Skal det brukast trekk her, så set i det minste alle til minus.
Nokre hakeslepp til
Eg skumma gjennom boka ein fredagskveld. No hadde eg jo sett fort at denne boka ikkje var aktuell som fonologipensum på mine kurs. Og di meir eg las, di meir overtydd vart eg.
For nei, det tyske ordet müssen (å måtte) vert nemleg ikkje uttalt slik det vert påstått på s. 47: [müsɪn] (med APA – med IPA ville det tilsvare [mysɪn]). Dette er i beste fall den uttalen som ein person med engelsk aksent kan produsere. Standardtysk uttale er [mʏsn̩].
Ein skal ikkje jamre seg for mykje over ein transkripsjonsfeil. Men så kom eg til dei fonologiske prosessane s. 79. Her vert assimilasjon nemnt som ein «obligatory phonological process». Assimilasjonar er når lydar vert likare kvarandre. To sider seinare får vi eit innblikk i «optional phonological processes», med dømet something uttalt /səmpm/ (eg ville brukt firkantparentesar, men men), utan at det vert nemnt at dette faktisk er eit døme på assimilasjon.
På s. 54 vert det elles hevda at phonetic, som på engelsk vert uttalt [fə’nɛtɪk], har sekundærtrykk på [fə]. Ja vel?
Kva med andre disiplinar?
Så kanskje kunne boka vere brukande i andre disiplinar enn fonetikk og fonologi? Eg bladde meg kjapt og overflatisk gjennom tilfeldige sider. Det var fleire ting som verka litt rart og ikkje heilt pedagogisk. På s. 366 står det til dømes at ca. 90 % av dei 6909 språka på jorda vert brukte av under hundre personar. Det er sikkert rett, men ei betre formulering ville vere at dette handlar om dei 6909 språka i ein bestemt forskar sin klassifikasjon. Dette er likevel ein bagatell.
På s. 361 (historisk språkvitskap) er det ikkje kasusane i engelsk som har vorte færre sidan gammalengelsk, det er kasusendingane. Så i tabellen opererer dei med både dativ og akkusativ i moderne engelske substantiv.
Sidan eg ikkje er syntaktikar, skal eg ikkje uttale meg om kor lurt det er å analysere preteritumsendinga i engelsk som hjelpeverb (s. 108, 137, 144, 145; det er visst noko minimalismegreier). Men eg trur ikkje det er særleg forsvarleg å teikne trestrukturen som i figuren til høgre når ein vil signalisere at både hundane og kattane er store (s. 130).
I omtalen av forholdet mellom språk og verdsoppfatning reproduserer boka denne myten (s. 222):
While English has one word snow, Eskimos have different words for “falling snow,” “snow on the ground,” and “hard-packed snow,” […]
Men som alle veit, så har både engelsk og norsk mange ord for snø. Norsk har t.d. hagl, skare, sludd, slaps, hålke, bre. (Klikk her for ei oversikt over norske snøord.) To sider seinare hentar boka seg inn att ved å vise til at også engelsk har ord som packed powder, slush og sleet. Men kanskje er det ikkje heilt heldig å presentere ein myte i ei innføringsbok utan å presisere at det er ein myte.
Det som nesten tok nattesvevnen
Så blafrar eg vidare i boka til s. 240–241 og ser plutseleg det som heldt på å ta nattesvevnen frå meg, ikkje av skrekk og forferding, men av undring. For her kjem opplysninga om at babyar skrik i samsvar med tonefallet i morsmålet til foreldra sine, og at dei har lært dette i mors mage. Det er til og med illustrert med spektrogram for eit «typisk» fransk og eit «typisk» tysk skrik, henta rett frå originalartikkelen i eit biologitidsskrift.
Trufaste lesarar veit at eg har lese den artikkelen og blogga om saka her og litt enklare her. Dersom ein faktisk les den artikkelen som illustrasjonane er henta frå, vil ein til dømes raskt oppdage at illustrasjonane av «typiske» franske og tyske skrik i realiteten ikkje er typiske skrik men ekstremvariantar. Dei «eigentleg» typiske skrika vart også handplukka i studien og utgjer berre halvparten av dei skrika som det vart gjort opptak av. Skrika vert samanlikna med vaksenspråka, men vaksenspråka oppfører seg ikkje slik som det vert postulert. Skrik og postulerte vaksenspråk oppfører seg veldig ulikt, men ein reknar likevel med ein ekvivalens mellom skrik-kategoriane («fallande» og «stigande» skrik) og vaksenspråk-kategoriane. Og mangt anna.
Originalartikkelen er altså problematisk på mange måtar (om enn interessant nok i seg sjølv), og eg hadde aldri venta at lingvistar skulle ta med denne saka i ei innføringsbok i lingvistikk. I det minste skulle konsulentane ha luka det bort.
Konklusjon
Men så er det altså ikkje lingvistar som har skrive boka heller. Forfattarane er antropologar med kompetanse i lingvistikk, og halvparten av dei opplista konsulentane er òg antropologar, medrekna alle dei tre som var involverte i tredje utgåve, der babyskrika kom med.
Boka er sjølvsagt ikkje verdlaus. Mesteparten er truleg påliteleg, og mange kapittel handlar om slikt som eg kan trenge å repetere, det er trass alt snart tjue år sidan eg tok eksamen. Men boka skal altså lesast med ei klype salt, og det er litt slitsamt. Det er kanskje illustrerande når framlegga til vidare lesing i fonologikapittelet inneheld fem bøker: Den eine er ei god artikkelsamling som eg bruker på masternivå, men tre av dei fire resterande bøkene er innføringsbøker i fonologi som eg tidlegare har vurdert som til dels for elementære for mine fyrstesemesterstudentar.