Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for mars 3rd, 2011

Når dodørlåsen går rundt

I dag vart eg trengd på den måten som folk og fe gjerne vert av og til, og eg måtte ta meg ein tur til toalettet på jobben. Store ting var det som skulle ut, så der sat eg, då, og gjorde mitt.

Døra var låst og fargefeltet på låsen var raudt, men det er jo sjeldan hjelp i. Plutseleg var det nokon som røska resolutt i døra, som så mange gonger før. Kan ikkje folk berre sjå etter om låsen er kvit eller raud? tenkte eg. Det er jo knapt eit toalettbesøk utan at dette skjer.

Men så rakk eg ikkje å tenkje meir på den saka. For akkurat då byrja låsen å vri på seg. Reaksjonsevna mi heldt eit overraskande høgt nivå, og eg fekk kasta meg framover akkurat då låsen gjekk rundt og døra gjekk opp. Med den eine handa slamra eg til meg den allereie 15 cm opne døra, med den andre handa låste eg døra på nytt.

Det var då veldig så desperat trengd vedkomande var, hadde han verkeleg tenkt at eg skulle dele skåla med han?

Men på utsida var det no heilt stilt, eg fekk gjere meg ferdig i fred, og då toalettet vart ledig, stod ingen lenger i kø der ute. Hadde eg rett og slett vorte utsett for ein inspeksjon frå Toalettdørrøskarforbundet?

No har i alle fall toalettdøra vår fått seg eit oppslag med instruksjonar for tolking av fargekode:

Når dette feltet er raudt, tyder det at døra er låst fordi det er nokon på innsida. Det er ikkje naudsynt å røske i dørhandtaket eller låse opp frå utsida.

Livet er spanande, folkens.

Read Full Post »