Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for april 19th, 2011

n og m

Her eine kvelden snakka dei på Dagsrevyen om eit politisk parti som hadde gjort det stort i Finland. Samfinländarna, syntest eg dei sa, sjølv om det var litt, eh, utydeleg? Men fru Judith hadde det same inntrykket. Så var dette eit slags samlingsparti? Ein tverrpolitisk samanslutnad av folk som vil gjere noko saman?

Nei då. Vi hadde høyrt feil. Det skjøna vi då vi såg namnet stava i nettavisene etterpå. Dette er nemleg alt anna enn tverrpolitisk, det er eit parti som i namnet sitt hevdar ei eksklusiv innsikt i kva som er ekte finske verdiar: Sannfinländarna.

Grunnen til at vi høyrde feil, låg truleg i at det er relativt vanskeleg å høyre artikulasjonsstaden til nasale konsonantar (slik som m og n). I konsonanten [m] er det lippene som er saman, i [n] er det tunga og tannkjøtet som har kontakt. (Nokre av lesarane vil kanskje føretrekkje om eg skriv at det er tunga og tennene som har kontakt i [n], men den debatten tek eg ikkje her.)

Det er mykje enklare å høyre skilnad på konsonantar som [f] og [s], som har (omtrent) same artikulasjonsstad som respektive [m] og [n]. Og så kjem det i tillegg at dersom ein har ein nasal konsonant + ein annan konsonant, så er desse veldig ofte på same stad i munnen. Dette ser vi t.d. i ord som kronprinsen, som av og til vert uttalt kromprinsen, jf. kjæleforma «krompen»: Sjølv om det «eigentleg» er ein n (tunge og tannkjøt har kontakt), så vert denne lett til ein m (lippene har kontakt) før ein p (lippene har kontakt).

Så då «Sannfinländarna» vart uttalt, var det for det fyrste vanskeleg i seg sjølv å høyre at det var [n] (tunge og tannkjøt), for det andre vart tilleggsinformasjonen frå den etterfylgjande [f] misvisande (tenner og underlippe), med det resultatet at vi oppfatta n-en som ein m (lippelyd). Og ja, eg har sjekka etterpå at det faktisk var n dei sa.

Å høyre feil er ikkje alltid stas. Men å kunne presentere ein hypotese for kvifor ein høyrde feil, gjer livet litt enklare.

Read Full Post »