Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for mai 2011

PC på eksamen?

Studentane vil innføre PC på eksamen. Det framlegget kan eg ha sympati for, og ein lesarkommentar nemner også noko om skrivekrampe når ein må skrive for hand. Men det melder seg sjølvsagt også nokre praktiske spørsmål.

La oss no sjå bort frå problemet med juks, anten folk kjem seg på nettet eller klarer å sjå kva som står på skjermen til ein annan student. La oss seie at universitetet har nok datamaskiner og nok PC-salar, og at eksamensperioden ikkje får negative konsekvensar for studentar som sit og arbeider med andre ting. La oss også rekne med at det som vert levert inn og arkivert, er ei papirutskrift, og ikkje ein elektronisk versjon som kan manipulerast, eller som (hjelp) vert levert som .doc eller .docx, med dei konsekvensane dette vil kunne få for sensurarbeidet (sjå her for skrekkeksempel). La oss også rekne med at ingenting kræsjar under eksamen, og at datamaskina er like stabil som ein penn.

Alt dette handlar om så prosaiske ting som gode rutinar, økonomi og areal, og skal vere mogeleg å få til dersom berre Stortinget løyver nok pengar. Eit lite atterhald om kræsj.

Og ja, for meg som faglærar eller sensor vil datamaskin på eksamen unekteleg gjere det lettare å lese bunken etterpå. Eg har vel enno ikkje motteke studenttekstar som eg ikkje har klart å lese, men éin eller to gonger gonger dei siste åra har det vel kanskje gått litt sakte, ja, for å seie det sånn.

I veldig mange tilfelle vil studentane også arbeide meir effektivt på eksamen dersom dei får bruke datamaskin, og dei vil verte fortare ferdige. Men her melder det fyrste spørsmålet seg:

Då eg var oppe til eksamen i tysk litteratur, teikna eg mange diagram, og trekte også inn relevant kompetanse frå andre fagområde. Illustrasjonen er frå avsnittet der eg skulle drøfte termen «Leitmotiv». Eg var veldig overraska over at eg, som er grammatikkgeek, fekk betre karakter i tysk litteratur enn i både tysk og nordisk språk. I dag sit eg på andre sida av kateteret og veit kvifor. Men den eksamenen ville ha vore mykje vanskelegare å gjennomføre på same måten med ei datamaskin.

Når eg lagar eksamensoppgåver, så prøver eg å berekne omfanget med utgangspunkt i at det er ein handskriven eksamenssituasjon, noko som går saktare i seg sjølv, og som også ofte vil krevje litt kladding undervegs. Tyder ei eventuell innføring av PC på eksamen at vi også bør korte ned på eksamenstida, eventuelt gje fleire oppgåver sidan det vert tid til meir? Eller i det minste krevje ein meir omfattande og utførleg refleksjon for å gje gode karakterar?

Eg vil svare ja på dette.

Samstundes finst det sjølvsagt også fag der studentane vil arbeide fortare om dei får lov til å teikne figurane, ordne tabellane og skrive spesialbokstavane for hand. Eg har sett mange PC-skrivne øvingar (og i visse tilfelle nokre PC-skrivne eksamenssvar) der studentar har blanda saman eller ikkje funne lydskriftteikna, eventuelt har gløymt å føre inn spesialteikn for hand på ei utskrift, og i alle fall har streva veldig med å teikne figurar.

Øvingsoppgåver vert allereie skrivne på datamaskin. Fleire gonger har studentane spurt om dei kan få lov til å levere handskrivne øvingar, fordi dette er enklare for dei. Eg svarer alltid ja: Gjer det som er mest praktisk. Somme tider skriv dei øvingar i tekstbehandling, men med referanse til handteikna figurar på vedlagde ark. Andre tider lagar dei figurar halvvegs i Word og halvvegs med penn (og gløymer å teikne nokre strek her og der). Stundom kjem det utskrifter med delvis pennmodifiserte skriffteikn (og så gløymer dei å modifisere nokre av teikna). Men ofte nok kjem også rubbel og bit med handskrift.

Og eg merkar det sjølv også: Sjølv om eg skriv veldig lite for hand i det daglege, så er det ikkje utan grunn at eg tyr til penn og papir når eg skal teikne fonologiske trestrukturar til ein analyse eller ei førelesing eg pønskar på, eller når eg skal skrive optimalitetsteoretiske tablå (tabellar) som notat til ein strøtanke eg har eller i samband med at eg les ei bok og set meg inn i noko nytt. Ja, til og med når eg føler at eg treng å disponere ein analyse som eg har meir eller mindre klart føre meg. Alt slikt går så mykje kjappare med penn og papir.

Og forresten, her kjem ei lita avsløring: Meir enn éin gong har eg lese eksamenssvar der studenten har ombestemt seg, og har landa på noko som i seg sjølv måtte reknast som feil. Men fordi eksamenen var handskriven, kunne eg sjå på utstrykingane korleis studenten hamna i dette uføret, eg såg ein indre logikk, og studenten vart ikkje vippa nedover på karakterskalaen. Denne effekten er sjølvsagt endå tydlegare når studenten leverer eit litt forvirra resonnement med fleire ombestemmingar undervegs, og eg har hatt studentar som til og med har fått «plusspoeng» på denne måten. Hadde desse studentane levert ei ferdigredigert utskrift, ville eg ikkje ha sett kva slags tankehopp som låg til grunn for konklusjonen.

Same kva, så kan eg veldig godt forstå ynsket om å bruke PC på eksamen. Det er ikkje usannsynleg at eg ville ha ynskt det same.

Forresten, PC? I tydinga Windows med Microsoft Word eller Open Office? Kva med dei av oss som helst bruker Mac, og som har oppdaga at Pages er mykje enklare å bruke? For ein i mine skor ville ein eksamen også ha innehalde massevis av illustrasjonar og lydskriftteikn. [ʔɪ ¹væɪt ¹kʰɑrː ɪ ¹fɪɲːɛ sʏm¹buːlɑ] når eg skriv på Mac-tastaturet med mitt eige tastaturoppsett. I Word eller på ei framand maskin ville eg brukt fleire minutt på å skrive det eg nettopp skreiv. For nokon som er van med Word og Windows, vil det sjølvsagt gå mykje kjappare. Ville eg fått lov til å bruke Mac, Pages og spesial-tastaturoppsett på eksamen, slik at eg stilte likt med dei som er vane med Word? Eller måtte eg streve også med å forhalde meg til eit uvant program og eit uvant operativsystem?

For dersom eg skulle gått opp til eksamen i dag, ville eg på visse punkt heller ha skrive for hand enn å setje meg ned attmed ein Windows med Open Office eller Microsoft Word. Sjølvsagt under føresetnad av at faglæraren ikkje bereknar omfanget med grunnlag i at eg skal skrive fort på ei datamaskin. Men om eg skal teikne mange diagram og andre figurar, så vil eg helst flette dei inn for hand.

Sjølvsagt kan ein ikkje avvise tanken om datamaskiner på eksamen, og som sagt kunne eg (med visse atterhald, viser det seg no) ynskt det same om eg framleis var student (dessutan vert det enklare å lese). Eg seier berre at det vil ha fleire konsekvensar enn at alt berre vert så mykje lettare. Det finst også slikt som vil verte meir tungvint, og det kan ha konsekvensar for omfanget på eksamensoppgåvene. Det vil alltid finnast både fordelar og ulemper med måten ein gjer noko på, same kva det er og korleis ein gjer det. Og altså, det er trass alt ikkje mitt problem lenger dersom vaksne menneske erstattar éi ulempe med ei anna (hallo, livet er fullt av vanskar, men vi klarer oss jo stort sett likevel). Så lenge studentane taklar situasjonen, er eg nøgd.

Problema med juks, økonomi, infrastruktur og kræsj/datatap har eg valt å ikkje drøfte, berre nemne.

Når det i mellomtida gjeld problemet med skrivekrampe, så vil eg nemne at då eg var ung, lærte vi å halde skrivereiskapen slik at pennen kvilte mellom ein lett krumma langfinger og ein meir eller mindre utstrekt peikefinger og tommel. Etter åtte timar med intensiv skriving på eksamen (for då eg var ung, var eksamenane på åtte timar, og kvar eksamen dekte det som i dag heiter 30 studiepoeng) kunne eg vere sliten, men det var i handleddet, og skrivekrampe fekk eg aldri. Berre eit lite tips, altså, etter å ha sett den krampaktige måten som folk held pennen på i dag.

Men då eg var ung, var eg også forferda over å oppdage at førelesarane mine i si studietid nokre få år tidlegare hadde skrive hovudoppgåvene sine (ca. masteravhandling) for hand.

Read Full Post »