Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for august 21st, 2011

Zwiebel!

Vi var ein liten tur til Nordrhein-Westfalen og deromkring i sommar. På det eine toget var det nokre ungar som sa «isch» og «eusch». Berre som eit døme på at det ikkje er berre i Noreg slikt finst, altså.

Men på butikken var det endå meir stas. To småungar snakka i munnen på kvarandre om ein lauk (Zwiebel [ˈt͡sviːbl̩]):

– Zwiebel, Zwiebel, Zwiebel, Zwiebel, Zwiebel, Zwiebel! sa eldstejenta.
– Swiebel, Swiebel, Swiebel, Swiebel, Swiebel, Swiebel! kom det like radig frå den yngste. Slik hadde dei sikkert halde på ei stund, og slik heldt dei også fram.
– Zwiebel, Zwiebel, Zwiebel!
– Swiebel, Swiebel, Swiebel!
– Zwiebel, Zwiebel, Zwiebel, Zwiebel, Zwiebel, Zwiebel!
– Swiebel, Swiebel, Swiebel, Swiebel!
– Zwiebel, Zwiebel, Zwiebel!

Liten pause.

– Wie machst du das?! (Korleis gjer du det?!)
– Zwiebel!
– Ssssssssssssswiebel!

Heller ikkje affrikatar er alltid så lett, nei.

Read Full Post »