No på laurdag var vi ein tur til Runde, og på veg innover igjen, framleis på Remøya, såg vi Volsund (Voldsund er slektsnamnet) på hi sida. Dette ville eg ta bilete av. Der stammar eg ifrå på farssida, og der har eg mange minne frå oppveksten. Så vi stoppa bilen.
Eit stykke unna vegen gjekk det nokre sauer og beitte. Men ikkje no lenger. Straks bilen stogga, høyrde vi eit kjempekor kome strøymande mot oss, og dei strøymde og strøymde på, og korkje beitte eller heldt seg «eit stykke unna vegen» lenger. Og koret song: BÆÆÆÆÆÆÆÆÆ!
Vi har aldri følt oss så viktige og så omsverma som då. Det var som om sauene hadde valt ut akkurat oss til å vere konge og dronning over dei, og dei kom og viste oss både ære og paparazzi-tendensar. Eller var det det at dei såg fotoapparatet og var desperate etter å verte tekne bilete av? «Ja, dei har jo vorte vane med turistar,» seier Judith, som var den som filma opptrinnet (lisens).
Så byrja dei å verte vél nærgåande, kanskje litt ivrige og hissige, og vi fann ut at det var best å køyre vidare før vi verkeleg fekk smake kjendislivets bakside. Men det var no artig å vere kjendisar i eit minutt for ein heil saueflokk, då.
Judiths versjon.
Denne bloggposten har vorte redigert, og den sarkastiske sluttkommentaren er fjerna, då det har kome tilbakemeldingar om at teksten har vorte tolka meir seriøst enn det som var meininga. Derfor har eg også for ordens skuld fjerna dei relaterte lesarkommentarane.